Strikk & Lytt

KONSENTRERTE: Konsentrasjonen er på topp hjå dei lyttande og strikkande på Strikk & Lytt. Frå høgre: Marthe Sveen Edvardsen, Julia Stangeland, Josefine Kullerud, og Hannah Haga.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Å høyre saman

Dei sit saman og lyttar, og dei er mange. Arrangement der ein lyttar saman blir det fleire og fleire av. Kva er det som gjer det å høyre saman så populært?

– Me er opptatte av det sosiale. Me er sosiale menneske, og det å samle seg rundt ei eller anna felles interesse er ein veldig viktig del av dei fellesskapa me har, seier Aksel Tjora.

Han er professor i sosiologi ved NTNU, og har særleg forska mykje på fellesskap, anten i bysamfunn, på kafear, på festivalar, eller på arrangement.

Lyttearrangement som til dømes Strikk & Lytt, Classic Album Sundays, Radiobio, eller podcastfestivalar har dukka opp dei siste åra, og på spørsmål om kvifor slike arrangement dukkar opp, så trekkjer Tjora linjer heilt tilbake til tradisjonelle samfunn.

– Der har fellesskapet i familien, på storgarden, mellom generasjonane, og gjerne i forbindelse med arbeid, vore viktig, seier Tjora.

– I moderne samfunn er andre typar fellesskap viktige, og desse nye interessene der ein set seg ned saman liknar på det me finn på festivalar til dømes, eller andre arrangement der ein søker saman.

– Det er sosialt

På Deichmanske bibliotek i Oslo har over 90 damer og ein mann samla seg i den skjønnlitterære avdelinga i hovudbiblioteket for ei samlestund med Strikk & Lytt.

Klappstolar som er sett fram står tett, og dei mjukaste stolane er kapra av dei som kom tidleg, dei som var der tre kvarter før tida.

Strikk & Lytt

TIDLEG UTE: Janne Høglund, Lise Østerklev, og Trude Tolleshaug jobbar på Ullevål sykehus, og kom til Deichmanske bibliotek rett etter jobb. Dei var der for første gong denne kvelden, og dei var der heile 45 minutt før arrangementet byrja.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

– Det er sosialt, koseleg. Ei god bok, ei god historie. Det er hyggjeleg å sitte med eit strikketøy, seier Lise Østerklev om kvifor ho er der.

Det er den første torsdagen i månaden, klokka blir fem, og småpraten i rommet stilnar.

Blikket blir retta mot ein grå lenestol. Der sit Ingela Nøding, ei av dei som jobbar som konsulent på biblioteket.

– Det høyrest ut som om eg skal byrje, seier Ingela i mikrofonen står framføre ho på bordet, ved sida av ei bunke med bøker.

Ein kort latter brer seg mellom bokhyllene.

– Det vart så stille, legg Ingela til, og ynskjer velkomen.

Hilde Margrete Landsend Monsen på Strikk & Lytt

MØTER FOLK: Hilde Margrete Landsend Monsen (midten) var på Strikk & Lytt for første gong denne gongen, og ho gjekk målretta heilt åleine, i håp om å møte likesinna.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Nokre fleire snik seg inn, og frå dei to høgtalarane kan ein høyre Ingela opplyse om at det i alle fall er ein ledig stol, midt i folkemengda, om dei vil sitte der.

Ingela tar fram boka Gutt: Forteljingar frå barndommen av Roald Dahl, og ho les.

Det einaste ein kan høyre, i tillegg til stemma hennar frå høgtalarane, er klikk frå ivrige strikkepinnar.

Ingela Nøding les for dei som strikkar

YNSKJE: Ingela Nøding er ein av dei tilsette ved Deichmanske bibliotek som les for dei som vil høyre, på arrangementet Strikk & Lytt. Denne kvelden var det publikum som på hendingssida på Facebook fekk ynskje seg tekstar til opplesing.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

– Kvifor kan me ikkje lese for vaksne?

Strikking på Strikk & Lytt

LYTTAR: Medan dei lyttar, så går strikkepinnane. Og dei som ler, dei ler stille. Dei må ikkje forstyrre sidemannen.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Sidan april 2015 har seks tilsette ved Deichmanske bibliotek i Oslo rullert på å lese for strikkeglade.

Det månadlege arrangementet Strikk & Lytt fell fint under bibliotekloven der det står at folkebiblioteka skal vera ein «uavhengig møteplass og arena for offentleg samtale og debatt».

Sjølve ideen om å lese for vaksne kom då dei tilsette skulle finne ut kva litteraturprogram og arrangement dei skulle ha våren 2015.

– Me visste høgtlesing for barn er kjempepopulært, men kvifor kan me ikkje lese for vaksne, spør Ingela Nøding.

– Så tenkte me at me kanskje kunne kombinere det med den supertrendy strikkebølga som har skylt over landet med strikkekafear over heile Bibliotek-Noreg, seier ho.

Strikk & Lytt

SAMLANDE: Rundt hundre strikkeglade samla seg for å høyre saman denne ettermiddagen. Ifølge Ingela Nøding var det publikumsrekord for arrangementet denne gongen.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

– Kjenner at roa berre senkar seg

Kent Horne på Classic Album Sundays i Oslo

MÅNADENS ALBUM: Ein liten introduksjon frå Kent Horne, og så er publikum klare for å lytte til månadens klassikar-album, på vinyl, sjølvsagt.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Ein annan stad i Oslo, på Café Mono i sentrum, er ein vinylspelar sett fram, og svære høgtalarar står opp på scenen.

Det er sundag ettermiddag, og tid for Classic Album Sundays.

Etter ei kort innleiing frå arrangør Kent Horne, kjem to gjester opp på scenen. Dei pratar om Carole King og hennar album Tapestry, denne månadens albumklassikar.

– No har me kome til delen av seansen me alle har gledd oss til, seier Kent Horne etter ei stund.

Publikum får vite kva anlegg det skal lyttast på, i detalj.

Vinylspelar på Classic Album Sundays i Oslo

VINYL: Når lyd står i fokus, så blir vinylen tatt i bruk. På Classic Album Sundays får publikum også vite kva anlegg dei lyttar til. Kveldens audiofile anlegg bestod av Piega høgtalarar Classic 80.2, vinylspelar frå Dr. Feickert med ein Ortofon Cadenza Black pickup, Solution forforsterkar, AURALiC monoblokker, og Midas Reference lydkablar.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

– Eg håpar de høyrer forskjell frå iPhonen dykkar eller headsettet de sit med på jobben, og det de høyrer på her i dag, seier Horne.

Han oppfordrar alle om å ta litt omsyn til kvarandre. Konseptet Classic Album Sundays, som vart starta i London i 2010, og som har spreidd seg til byar som til dømes New York, Brussel, Glasgow, og Edinburgh, er nemleg noko spesielt.

– Det som er herleg med Classic Album Sundays er at me skrur av mobilane, lener oss tilbake og kjenner at roa berre senkar seg. Me blir konsentrerte om eit heilt album frå byrjing til slutt, seier Horne frå scenen.

I det halvmørke lokalet sit rundt tretti personar, unge, eldre, kvinner, menn.

Alle stolane er retta mot ein tom scene. Stiften blir sett ned på plata, og musikken strøymer ut i rommet.

Det er stille mellom spora. Berre noko roleg kviskring, eller eit glas som blir sett ned på ei bordplate, kan høyrast.

Dei lyttar på eit album, frå byrjing til slutt. Saman.

Classic Album Sundays

LYTTAR: Tom scene, berre eit lyssett album. Dei lyttar til eit album frå byrjing til slutt.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

– Heilt spesiell oppleving å gjere det saman

Å lytte saman er ikkje noko nytt. Det å gå på konsertar, teater, og føredrag er noko som er godt etablert i kulturlivet.

Då radioen kom vart den det største massemediumet, det «alle» høyrde på, og det var den heilt fram til 1960 då dei første fjernsynssendingane vart kringkasta. Då samla fjernsynet mange av dei som tidlegare vart samla av radioen.

I dag lyttar mange gjerne til lydbøker og podkastar, åleine, men denne typen lytting har blitt tatt eit steg vidare.

Til dømes vart den første podkast-festivalen arrangert i hovudstaden i januar, Oslo Podfest 2016. Då var det mogeleg å få sjå favorittpodcastar live ein heil dag på Parkteatret i Oslo. «Radio» på ein scene, med andre ord.

I desember vart også den første utgåva av Radiobio lansert i Oslo, der lyttarane saman kunne høyre på podkast.

– Det gir ei heilt spesiell oppleving å gjere det saman. Ofte når ein sit heime, og anten høyrer på radio eller ser på ein serie, så gjer ein gjerne fleire andre ting samtidig, sjekkar telefonen, seier ein av initiativtakarane, Cathinka Rondan, som er prosjektsjef i Rubicon.

– Då blir ikkje opplevinga like sterk, seier ho til Kurer på NRK P2.

Opplever fokusert merksemd

Aksel Tjora

SOSIALE: Aksel Tjora er professor i sosiologi ved NTNU, og han meiner at når arrangement der ein lyttar saman dukkar opp, så seier det noko om oss sjølve. Han meiner det viser at me treng arrangement der ein fokuserer på ein ting om gongen, som til dømes det å lytte.

Foto: Model Lab

At individuelle aktivitetar, som å lytte til litteratur eller musikk, blir populært å gjere saman, meiner sosiolog Aksel Tjora kan handle om at dei lyttande opplever fokusert merksemd.

– Det var den amerikanske sosiologen Erving Goffman som introduserte dette på 60-talet. Det handlar litt om at det finst ein del situasjonar der me rettar merksemda til det same, seier Tjora.

Sjå skodespel, ein film, ein konsert, eller å studere eit tilfeldig fenomen som ei solformørking er eksempel Tjora trekk fram som situasjonar der ein kan oppleve fokusert merksemd. Det kan fungere samlande.

– Denne felles opplevinga av noko, sjølv om me på ein måte berre opplever det som individ, det gjer at me opplever ein type fellesskap i sjølve opplevinga, seier han.

– Når me opplever noko felles, så har me ei mogelegheit til å snakke med kvarandre om det, sjølv om den som står ved sida av oss er totalt ukjend. ​

– Litt sånn «urfølelse»

Det blir ein stemning som er litt sånn «urfølelse», at ein er saman på ein veldig fin og berre pur og sosial, fellesskapsaktig måte

Ingela Nøding, konsulent ved Deichmanske bibliotek

I det konsentrerte publikummet på Strikk & Lytt er det berre hendene som går. Må nokon le av tekstane, så gjer dei det kjapt.

Lysande mobilskjermar er ikkje å sjå, for smarttelefonane får ligge nedst i sekken. Det som skjer, det skjer her og no.

Ein må henge med.

– Du kan på ein måte høyre ein strikkepinne falle, for det er så stille. Det er på ein måte litt slik leirbål-feeling, at du opplever noko saman med andre i ein setting som kanskje ikkje er så vanleg i våre liv, seier Ingela Nøding.

Ingela meiner det å lytte til litteratur er noko ekstra spesielt.

– Det er kanskje kinoen, eller nokon få andre stader, konsertar, kvar du sit stille saman med nokon og berre lyttar. Det å kunne gjere det med litteratur er ein magisk og fin ting, seier Ingela.

– Det blir ei stemning som er litt sånn «urfølelse», at ein er saman på ein veldig fin og berre pur og sosial, fellesskapsaktig måte, legg ho til.

Hilde Margrete Landsend Monsen på Strikk & Lytt

KONTAKT: Hilde Margrete Landsend Monsen (til høgre) fekk god kontakt med sidemannen på Strikk & Lytt. Truleg vil dei to møtast igjen på Deichmanske bibliotek for å høyre saman.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Gir meirsmak

Kent Horne, Lise Karlsnes og Jan Tørresen på Classic Album Sundays i Oslo

GJESTER: Etter lytteseansen snakkar Kent Horne meir med gjestene Lise Karlsnes i Briskeby, og Jan Tørresen aka DJ Dust om deira forhold til månadens album.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

På Classic Album Sundays går praten lett etter at lytteseansen til albumet Tapestry av Carole King er over.

Gjestene kjem igjen opp på scenen, og publikum kjem med innspel, observasjonar, deler gleda over opplevinga dei har hatt saman. Det var godt å lytte, blir det sagt.

På halvanna år har arrangør Kent Horne vore med på å få til 22 lyttekveldar, og han meiner slike arrangement er viktige.

– Eg trur folk har behov for å treffast, sjå kvarandre litt i auga. Ikkje nødvendigvis at det skal bli så klissete, men at dei får senka tempoet litt. Høyre på musikk på ein annan måte, for eksempel, seier Horne.

– Me treng også å yte litt respekt til albumformatet slik som det er tenkt, i staden for slik me er vane med å gjere det, med å plukke enkeltlåtar, seier han.

Publikum på Classic Album Sundays

MEIRSMAK: For Tore Frogner, Åse Skår, Torill Granholm, og Per-Gustav Granholm gav lytteseansen på Classic Album Sundays inspirasjon til å lytte meir saman, og kanskje lage til eigne lyttekveldar.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Og for publikum gav lytteseansen meirsmak.

– Me sat her og drodla, og lurte på om me skulle byrje å samle oss ein gong i månaden sjølv, spele ei plate, og lage eit arrangement rundt det. Det inspirerte, seier Tore Frogner.

– Det var veldig hyggeleg. Då eg var ung, så sat me mykje hjå kvarandre, og høyrde på plater, var opptatte av når det kom nye plater, høyrde på tekstane. Det er noko me slutta med altfor tidleg, og burde kanskje ta det opp igjen, seier Torill Granholm.

Publikum på Classic Album Sundays Oslo

LYTTANDE: Dei rundt tretti personane sit stille og lyttar til vinyl, saman. Nesten ingen pratar, og om dei gjer det, så skjer det i pausen, mellom spora.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

– Seier oss noko om oss sjølve

Om opplevinga er sterk nok, så seier sosiolog Aksel Tjora at for den som opplever noko, så er alt anna irrelevant.

Ein legg gjerne vekk distraksjonar som mobiltelefonar eller aviser, for det er noko som tar merksemda heilt og fullt.

Det meiner han er eit viktig poeng når ein til dømes lyttar saman.

– Eg trur akkurat det blir viktig i dei samanhengane me snakkar om. Me oppsøker ein situasjon kvar me skal få lov til å oppleve noko fullt og heilt saman, seier Tjora.

At arrangement der ein lyttar saman veks fram som ein slags trend, meiner Aksel Tjora er noko som seier oss noko om samfunnet.

Han meiner det er ein trend me treng.

– Det seier oss noko om oss sjølve, at me i større grad kanskje skal lage den type samanhengar som reindyrkar ei oppleving, heller enn at me skal halde på med alle mogelege ting heile tida.

(Trykk på høgtalarikonet for å høyre saka)