Hopp til innhold

Vil vise verda norsk stå-på-jazz

Ellen Andrea Wang (27) blir spådd ei lysande internasjonal framtid som bassist, vokalist og låtskrivar. No vil ho vise verda norsk jazz spekka med stå-på-vilje.

Ellen Andrea Wang

Ellen Andrea Wang er aktuell som fast bassist i NRK-serien Jazzlab i november og desember.

Foto: Fred Olav Vatne / NRK

Kontrabassen ligg og kviler på golvet i haustsola når eg kjem inn i stua til Ellen Andrea Wang, som ligg i andreetasjen i Vålerenga prestegard. Bassen er høg, mørk og tsjekkisk, og har fått namnet Valentino på grunn av sine latinoaktige kvalitetar. Den lyse leilegheita er godt oppvarma denne kjølige haustdagen, og det trengst, for dei eldste delane av det noko trekkfulle huset er frå 1700-talet, og både bassen og eigaren kjem rett frå 30 varmegrader på turné i kinesiske Guangzhuo.

– Det er no det skjer, seier Ellen Andrea Wang.

I januar spelar ho inn sitt første album under eige namn, og då skal 12 nyskrivne låtar ligge klar. Den 27-årige musikaren har fått eit rykte å leve opp til denne hausten: Kvartetten Pixel, som ho sette saman og er bandleiar for, har vorte utropt til «morgondagens verdssensasjon», og ho fekk Tonos utfordrarpris for låten «Call me». Dei fire komande vekene er ho å sjå og høyre som fast bassist i NRK-satsinga Jazzlab.

Sjå det første programmet i nett-TV: Jazzlab

Kjende jazzmusikarar speler i lag for første gong og skal eksperimentere fram fire ulike konsertar på fire dagar i det nye NRK2-programmet Jazzlab:

Frå JazzLAB på Tjøme hausten 2013.

Ellen Andrea Wang i aksjon under Jazzlab saman med (frå venstre) Gard Nilssen, Stian Carstensen, Ola Kvernberg og John Pål Inderberg.

Spain på Søndre Land

Ellens jazzinteresse har røter på ein annan prestegard: Faren var prest i Søndre Land utanfor Gjøvik og ein habil jazzpianist. Mora spelte klassisk piano, og foreldra dreiv det lokale Ten Sing-koret i lag. Ellen fekk vere med koret på turnear, og etter ein konsert då ho var i seksårsalderen hadde ho ei av sine første store musikkopplevingar:

– Låten Spain av Chick Corea var populær i miljøet på den tida, og eg hadde høyrt den på plate heime. Etter ein konsert var det nokon som byrja å spele den. Alle ungdommane song med og klappa, det var kjempestemning. Det var nok noko med rytmikken som fenga meg, det har alltid handla om rytme, uansett sjanger.

Seksåringen fekk snart utløp for musikkinteressa, om enn ikkje i heilt same gate som Spain: Kvar måndag dei neste ti åra vart ho køyrt ein time av foreldra for å få timar i klassisk fiolinspel av Rolf Bækkelund på Gjøvik.

– Rolf lærte meg å spele med styrke og vilje, ein skulle ikkje vere nokon pinglefiolinist. Denne haldninga tok eg med meg vidare til bassen, der Bjørn Kjellemyr ved Norges musikkhøgskole har vore min viktigaste mentor. Han har lært meg svært mykje om basspel og bassens rolle – og det handlar også mykje om å spele med vilje og musikalsk forståing.

Fekk spele med tenåringshelten under Jazzlab

Ellen Andrea Wang

Med bassen Valentino på øving.

Foto: Fred Olav Vatne / NRK

Dei musikalske heltane vart stadig fleire gjennom oppveksten: I 11-årsalderen byrja ho å forstå bassens funksjon i heilskapen då ho høyrde Jonny Sjo i popbandet D'Sound. Litt seinare fekk ho øyra opp for jazzfiolinisten Ola Kvernberg.

– Eg syntest det var så kult når Ola improviserte på låtane sine, men når eg prøvde å gjere det same på fiolinen, fekk eg det ikkje til. Det var svært frustrerande, og eg forstod etter kvart at eg burde sjå meg om etter eit nytt instrument.

Kvernberg møtte ho for første gong under innspelinga av Jazzlab, der han er gjesteartist i ei av sendingane.

– Det var veldig rart og fint å møte han og få spele med han, og fortelje at han indirekte var ein del av grunnen til at eg slutta å spele fiolin! Det var nok den dagen eg grudde meg mest til å spele konsert under Jazzlab-innspelinga, men det vart veldig gøy!

– Eg får kanskje berre denne sjansen

Etter at ho i vår gjekk ut frå Norges musikkhøgskole etter sju års studiar, er det heimen som er basen for hennar musikalske kvardag. Her går basspel og song, komponering, tekstskriving og improvisasjon opp i ein høgare einskap.

– Eg jobbar med å finne ein musikalsk identitet, og prøver å byggje ein livsstil der musikken er ein del av heilskapen. Det første eg gjer om når eg skal øve, er å leike med instrumentet, leite etter nye idear gjennom improvisasjon. Eg prøver å vere open for alle dei inntrykka eg får, enten det er møte med menneske, naturen eller ein god kaffikopp. Så gjeld det å samle inntrykka til noko heilskapleg.

Låten «Call me» frå 2012 var ein milepæl i utviklinga der ho fann fram til uttrykket ho har leita etter, med ein fot i pop og ein i jazz. No gjeld det å føre uttrykket vidare på det nye albumet under eige namn. Der vil ho vise verda ein versjon av jazz som er hardtslåande, energisk og «full av stå-på-vilje», ikkje svevande og atmosfærisk som norsk jazz ofte vert oppfatta. Fram til no har ho vore med i mange ulike konstellasjonar på ein gong, men no er det tid for prioritering:

– Eg har vel lært meg å seie nei. Målet er å kunne leve av mine eigne prosjekt, det vil for tida seie Pixel og den nye trioen som skal spele på det nye albumet, med Erland Dahlen på trommer og Andreas Ulvo på piano. Eg får kanskje berre denne sjansen. Det er «take it or leave it», og eg kjem nok til å angre om eg ikkje «tek det».

Sjå «Call me», som nyleg vann pris under UK Music Video Awards:

Ein bass frå Praha – og endå ein

Ellen spelte seg inn på musikklinja på vidaregåande med fiolin, men då ho var 17, vart det slutt med fiolinen. Først hadde ho lyst til å spele elbass, men etter diskusjonar heime vart kompromisset kontrabass. På kortur til Praha kjøpte ho seg eige instrument, og gav den namnet Vegard etter ein reisekamerat. Og Vegard fekk det travelt: Ekstremt motivert kasta Ellen seg over lærebøker, skalatypar og klassiske jazzlåtar.

Vegard vart bytta ut for to år sidan, med ein ny kontrabass kjøpt i den same butikken. Om nokre veker skal ho igjen til Tsjekkia med Pixel, og har tenkt seg innom butikken igjen. Berre turnébassen Vesle-Vidar får vere med på flyturen, Valentino er for stor. Så har Valentino grunn til å frykte ny utskifting? Ellen gir ingen fagre løfter:

– Ein veit aldri, alle instrument har jo sine veikskapar. Valentino kan jo vere litt vrang av og til, og det er ikkje alle tonane som kling like godt. Så viss det dukkar opp ein som er endå betre, kan det jo hende ...

Pixel

Med to av bandmedlemene i Pixel: Harald Lassen (saksofon) og Jon Audun Baar (trommer).

Foto: Fred Olav Vatne / NRK

– Ho er bra på alt det rundt musikken også

Også øvingane med Pixel skjer i eit hus med røter til 1700-talet. Bøddelen skal ha vore første huseigar i Agdergata 1 på Galgeberg utan at det ser ut til å prege stemninga i bandet, den er upåklageleg når eg møter dei rett før dagens første økt. Men kvifor ligg det to kontrabassar på golvet? Er det duka for sjalusidrama?

– Ellen er først og fremst veldig lett å spele i lag med, ho har alt som skal til for at det skal fungere i eit band, ikkje minst veldig gode øyre, fortel Pixel-saksofonist Harald Lassen.

– Dette er skikkeleg flaut, seier Ellen om all rosen.

Den andre bassen låg visst igjen etter førre band som øvde her, no er den forvist til siderommet, der han ligg og furtar på ein sofa. Valentino har slengt frakken i kroken og poserer triumferande med sin eigar.

– Men så er ho veldig bra til alt det utanom musikken også, det sosiale, omsorg for kvarandre, takle usemje og så vidare. Og vi er jo gode på det, vi andre også, gliser Harald.

Og no er det ikkje flaut lenger. For no skal det spelast, gode låtar skal bli endå betre og Valentino er i storslag.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober