Hopp til innhold

Vil sleppe skandalefilm med luftballongar

Thor Halvorssen Mendoza vil teppebombe Nord-Korea med det landets leiar hatar mest på jord: Ein komedie som tullar med den hissige diktatoren.

Vil sleppe film i over Nord-korea

AKTIVIST: Filmprodusent og mennesretts-aktivist Thor Halvorssen Mendoza vil ha regimeskifte i Nord-Korea. Det vil han få til med blant anna luftballongar og ein komedie.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

– Det blir veldig vanskeleg for diktator Kim Jong Un å overtyde folket hans om at han er gud, om dei får sjå ein film som tullar med han, seier Thor Halvorssen Mendoza.

Han er leiar av organisasjonen Human Rights Foundation. Dei har allereie eit prosjekt i gang der dei sender filmar og TV-seriar frå Vesten inn i det hermetisk lukka og gjennomsensurerte landet med luftballongar.

– Diktatoren livredd

Halvorssen har norsk far og bur i Venezuela. Kvar haust arrangerer han Oslo Freedom Forum, ei konferanse om menneskerettar. Han meiner kultur og film har svært sterk makt:

– Makta til film og kultur viser seg når ein ser kor redd regimet er for filmar. Så langt i år så har 80 menneske blitt avretta berre fordi dei såg Sør-Koreanske TV-show som blei smugla inn i landet, fortel Halvorssen.

Han er også filmprodusent og har vore spaltist for blant andre The Guardian og Forbes Magazine.

(Teksten fortset under bildet)

Kim Jong Un inspiserer militærskole

HACKING: Kim Jung Un stiller ofte opp på bilder der han ser på ting. Her ser han på ein offiser på ein militærskule i Nord-Kora som blir trent i databruk.

Foto: KNS / Afp

Skandalefilm

Filmen «The Interview» skulle eigentleg berre vere ei uskuldig komedie som tulla med Nord-Korea sin diktator Kim Jung Un. Men, nokre som har måtte tørke gliset av seg er Sony Pictures og leiinga der.

Ein som truleg fekk eit raserianfall av "The Interview" var Kim Jung Un. Han blir nemleg drepen i ei scene i filmen. Etter at innhaldet i filmen blei kjent så blei Sony Pictures angripe massivt av eit hackarangrep der pikante interne epostar om stjernerskodespelarar og deira nykker blant anna blei publisert.

Amerikanske myndigheiter meiner dette er den Nord-Koreanske diktatoren sin takk for sist, og at han står bak hackarangrepet mot Sony.

US-SONY-PICTURES-CANCELS-RELEAASE-OF-"THE-INTERVIEW"-AFTER-HACKE

ROGEN OG FRANCO: Stjernene Seth Rogen og James Franco har hovedrollene i 'The Interview'. Snart kan filmen dei spelar i dingle under ballongar sendt frå Sør-Korea inn mot det lukka nabolandet i nord.

Foto: Christopher Polk / Afp

Sony trakk filmen

Etter at Nord-Korea sin diktator ikkje heilt såg humoren i filmen og Sony blei hacka, så trakk dei komedien. Dette har fått både USA sin president Barack Obama og Thor Halvorssen i Human Rights Foundation til å sjå rødt:

– Å trekke filmen sender eit bodskap til Nord-Korea, hackargrupper og terroristar om at alt ein treng å gjere er å true, så vil ein gjer som ein får beskjed om. Det er eit forferdeleg bodskap å sende, seier, Halvorssen.

Det siste nye frå Sony no er at dei vil sleppe filmen gratis på internett og deira strømme-teneste Crackle. Filmselskapet kjem ikkje til å sende filmen ut til kinoar eller gje den ut på DVD eller Blueray. Fleire kinoar sa også ifrå om at dei ikkje ville vise «The Interview». Halvorssen jobbar no for å skaffe seg eksemplar av komedien så dei kan sleppe i luftballongar inn over Nord-Korea.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.