Hopp til innhold

Vil ha folkemusikk på UNESCO-liste

Enno er ingen musikktradisjonar frå Nord-Europa ført opp på UNESCO si liste over «immateriell kulturarv». Setesdalstradisjonen kan bli den første.

Hallvard T. Bjørgum

Hallvard T. Bjørgum er ein av pådrivarane for å sikre Setesdals-tradisjonane ein plass på UNESCOs liste for immateriell kulturarv.

Foto: Zofia Paszkiewicz / NRK

Spelemannen Hallvard T. Bjørgum inviterer entusiastisk inn til sitt Sylvartun, folkekunstsenteret han tok over etter faren Torleiv i 1990.

Her heng hardingfelene på rekkje og rad, og gamle svartkvittfoto viser spelemenn og andre berømte setesdølar. For mens tradisjonane mange stader er i ferd med å forvitre, lever dei her i beste velgåande.

Kan hamne i selskap med fado og flamenco

Både Bjørgum og hans kollegaer Gunnar Stubseid og Daniel Sandén-Warg osar av stoltheit av musikktradisjonen dei representerer, som dei no vil nominere til UNESCO si liste over «immateriell kulturarv».

– Eg trur lista treng oss, vi vil forbetre den! svarar Hallvard T. Bjørgum spøkjefullt på spørsmålet om folkekulturen i Setesdalen treng å kome på verdsarvlista.

For er ikkje det å verte definert inn på ei slik liste å innrømme at ein treng hjelp utanfrå for å ikkje døy ut?

Ikkje heilt. For UNESCO har meir enn ei liste: Den kortaste, som per i dag rommar 27 ulike kulturuttrykk verda over, er ei «akuttliste» over tradisjonar som treng særskilt vern for å ikkje forsvinne.

Den andre vert kalla ei «representativ» liste, og inneheld 232 tradisjonar. Den rommar livskraftige former som portugisisk fado og spansk flamenco, og det er denne lista setesdølane vil inn på.

Høyr Hallvard T. Bjørgum spele musikk frå Setesdal på hardingfele:

Felemakartradisjon i fare

Om folkemusikken står sterkare i Setesdalen enn mange andre stader, er det visse sprekkjer i idyllen her òg, for kva skjer med tradisjonen om ingen lenger kan å lage instrumenta?

Hardingfelebygging er så langt einaste framlegg til lista over kulturuttrykk som treng akutte vernetiltak. Her hastar det, ifølgje Rådet for folkemusikk og folkedans, som har kome med framlegget:

– Det finst i dag inga formell utdanning for hardingfelebyggjarar, ingen systematisk måte å vidareføre kunnskapen på, seier rådsleiar Anne Tone Hageland i Rådet for folkemusikk og folkedans.

– Dermed vert det heilt personavhengig om tradisjonen får leve vidare. Her trengst det eit formelt utdanningsløp, at det vert lagt til rette for å ta ei utdanning innan faget.

Fristen går ut i februar

Før det vert sendt norske søknader til UNESCO, skal Norsk kulturråd gå gjennom og eventuelt godkjenne dei norske initiativa.

I 2010 vart det laga ei utgreiing på bakgrunn av UNESCO-konvensjonen frå 2003. Der vart hovudvekta lagt på minoritetskulturane i Noreg.

Fristen for å kome med innspel til utgreiinga og framlegg til lista går i denne omgang ut 15. februar 2013, og så skal ein nominasjonsprosess setjast i gang.

– Det er utøvarane og kva dei kan som er i fokus for konvensjonen, seier Synne Stavheim i Kulturrådet.

– Det må kome tydeleg fram at dei er del av ein levande tradisjon, som er under utvikling og kan halde fram. Ordninga har som hensikt å verne tradisjonane gjennom bruk og vidareføring av til dømes folkemusikken.

Så kva kan norske folkemusikarar få ut av ein plass på UNESCO si liste?

– Det inneber først og fremst ære å kome på lista, og status for lokalmiljøet kulturuttrykket lever i – det følgjer ikkje med pengar, seier Synne Stavheim.

Høyr spelemann Daniel Sandèn-Warg på munnharpe:

– Vil gjere folk her stolte

Likevel, folkemusikarane har nok ei von om at verdsarvstatus skal gjere det enklare å få støtte til sine musikkformer – også økonomisk.

– Ein blir meir synleg, og statlege og lokale styresmakter vil måtte forplikte seg til å støtte opp om tradisjonen dei set på listene, seier Egil Bakka i Rådet for folkemusikk og folkedans.

Daniel Sandén-Warg

Daniel Sandén-Warg med munnharpe.

Foto: Zofia Paszkiewicz / NRK

Målestokken for suksess er den meir kjende lista over «materiell» verdsarv, der Noreg etter kvart har fått åtte oppføringar på lista:

– Om ein ser på dei stadane som har kome på den andre verdsarvlista, som Røros, ser ein jo at det har betydd mykje for samfunna der.

Sjølv i spelemannmekka Setesdal er det mange som ikkje ser verdien av folkemusikken like klart. Spelemann og sølvsmed Daniel Sandén-Warg trur verdsarvstatus kan endre dette:

– Om dei ser at musikken hamnar på UNESCO-lista, vil det kanskje gjere folk her stolte – at det ikkje er så gale det vi driv med likevel.


Kulturstrøm

  • Gåte er fornøyd, men spente

    Til NRK sier Gåte at de er fornøyde med plasseringen de har fått i sin semifinale, men at de samtidig er spente på stemningen i salen etter Israels opptreden.

    Tidligere tirsdag ble det kjent at Norge opptrer rett etter Israel i den andre semifinalen i Malmö 9. mai. EBU har fått kritikk fra flere hold for å la Israel delta.

    Jim Ødegård Pedersen, leder folkejuryen Adresse Malmö, tror det kommer til å gå bra. Men sier at Israels bidrag ikke er det enkleste å opptre etter i år. Også han er spent.

  • Madonna avslutter turné med stor gratiskonsert

    Madonna skal holde en enorm gratiskonsert på Copacabana i Rio de Janeiro 4. mai som avslutning på Celebration-turneen som startet i oktober.

    På Madonnas nettside omtales konserten som hennes «største show hittil». Den er en «takk til fansen for å ha feiret musikken hennes i mer enn fire tiår».

    Madonna
    Foto: Evan Agostini / AP