Hildegard von Bingen - Denne illustrasjonen er henta frå ei av dei første utgåvene av Hildegard-boka «Scivias». - Foto: Illustrasjon frå Hildegard-boka Scivias /

Denne illustrasjonen er henta frå ei av dei første utgåvene av Hildegard-boka «Scivias».

Foto: Illustrasjon frå Hildegard-boka Scivias

Vert kanonisert etter 800 år

Den tyske komponisten og forfattaren Hildegard von Bingen (1098–1179) vert no kanonisert av pave Benedikt XVI, mellom anna for at ho «tok med seg kvinneleg innsikt i møte med trua sine mysterier».

Den tyske pave Bendikt XVI har den siste tida omtalt den tyske kulturheltinna Hildegard offentleg ved fleire høve. I eit innslag frå TV-kanalen Rome Reports seier han mellom anna at Hildegard «tok med seg kvinneleg innsikt i møte med trua sine mysterier».

Hildegard skal også utnemnast til kyrkjelærar i den katolske kyrkja i oktober 2012, ei ære som tidlegare har blitt gitt til 33 personar som vert tillagt særskilt viktig teologisk påverknad. Kanoniseringa av Hildegard skjer truleg før denne utnemninga.

Prosessen starta i 1223

Hildegard von Bingen har lenge tiltrekt seg interesse som ein av dei mest allsidige kulturpersonlegdomane i mellomalderen.

I tillegg til å komponere musikk og skrive bøker om teologi, visjonar, etikk og naturvitskap, grunnla ho mellom anna to kloster og utvikla eit alternativt alfabet.

Ideen om å gjere Hildegard til helgen er på ingen måte ny. Allereie i 1223 vart det sett i gong ein kanoniseringsprosess, men fire ulike pavar unnlet å fullføre den.

Helgendyrkinga av Hildegard var like fullt i gang, og dyrkinga vart godteken i 1324. Sidan 1940 har Hildegard hatt ein avgrensa status som «St. Hildegard» innanfor benediktinarordenen.

Aktuell som romanfigur

Rundt 80 komposisjonar av Hildegard er bevarte, uvanleg mange for ein komponist frå 1100-talet. Særleg dei siste tiåra har interessa for denne seingregorianske komponisten vore stigande.

Det moralske syngespelet Ordo Virtutum er det første verket ein kjenner til i sitt slag, og mellom hennar mest framførte..

Høyr utdrag frå Ordo Virtutum:

(Framført av Carmen-Renate Köper, William Mockridge og Sequentia.)

Den siste tida har Hildegard si livshistorie fått ein del merksemd her til lands på grunn av den danske forfattaren Anne Lise Marstrand-Jørgensen sin roman «Hildegard», som nyleg kom ut på norsk. Oppfølgjaren «Hildegard II» er allereie i sal i Danmark.

Created by InfoDispatcher

Var god i PC-spel – var med på å drepe over 1600 menneske

Den amerikanske eks-dronekrigaren, Brandon Bryant, er hovudpersonen i den nye norske dokumentaren, Drone. Han fortel om sine opplevingar og angrar no på at han var med på å drepe over 1600 menneske. I kveld fekk filmen dei to gjævaste prisane på Bergen internasjonale Filmfestival.

Les saken