Haisommer - Den skumle kjeven i «Haisommer» blir endå skarpare i nyrestaurert utgåve. Scanpix

Den skumle kjeven i «Haisommer» blir endå skarpare i nyrestaurert utgåve.

Foto: Scanpix

Kvesser tennene til jubileum

I dag fyller Universal Studios 100 år, og feirar med å lansera klassikarar som «Haisommer» med skarpare og betre biletkvalitet.

Film AFI Top 100 - «Drep ikke en sangfugl» frå 1962 er ein av tretten filmar som no kjem ut i betre kvalitet. AP

«Drep ikke en sangfugl» frå 1962 er ein av tretten filmar som no kjem ut i betre kvalitet.

Foto: AP
E.T. - Steven Spielberg sin klassikar «E.T.».
- Foto: Universal Studios /

Steven Spielberg sin klassikar «E.T.».

Foto: Universal Studios
Jan Erik Holst i Norsk Filminstitutt - Jan Erik Holst, redaktør ved Norsk Filminstitutt. - Foto: Morten Rud / NRK

Jan Erik Holst, redaktør ved Norsk Filminstitutt.

Foto: Morten Rud / NRK

Til saman 13 filmtitlar blir relansert i høve Universal Studios sitt 100-årsjubileum. Desse inkluderer filmar frå lydfilmens spede barndom, som «Frankenstein» og «Intet nytt fra Vestfronten», til nyare klassikarar som «E.T.» og «Haisommer».

Filmane er digitalt restaurerte frå negativ eller kopiar. Slik klarar spesialistar å fjerna flekkar, friska opp fargen og reparera rifter i dei tretten filmklassikarane.

– Desse filmane er valt ut av historikarar, arkivarar og direktørar i Universal Studios. Målet er å plukka ut filmar som speglar kvart tiår, seier Peter Schade, visepresident i Universal Studios, og leiar av den digitale restaureringa, til Los Angeles Times.

Rømte frå kartella

30. april 1912 vart filmstudioet Universal Studios grunnlagt.

– I starten var all filmproduksjon sentrert på austkysten, med base i New York. Gode produsentar ville vekk frå New York-kartella der nokre få eigarar kontrollerte alle ledda i filmproduksjonen, fortel Jan Erik Holst, filmhistorikar og redaktør ved Norsk Filminstitutt, til nrk.no.

Desse produsentane reiste vestover, og enda i Hollywood, California

– Mange nemner gode lysforhold som årsaka til at produsentane slo seg ned på vestkysten. Men like stor grunn var tilgangen til svært billig arbeidskraft, det var mange immigrantar i California, seier Jan Erik Holst.

Tannlause med alderen

I løpet av 20- og 30-talet delte dei store filmstudioa i Hollywood opp marknaden mellom seg, og Universal Studios valde seg ut skrekkfilmane som sitt varemerke.

– Dei hadde stor suksess med filmar som «Dracula» og «Frankenstein», og det er lett å forstå at dei seinare fekk briten Alfred Hitchcock til å kjenna seg heime i USA, seier Jan Erik Holst, som meiner Universal Studios er eit modig filmstudio.

– Dei tok ein stor sjans då dei satsa på europeiske filmar av folk som Federico Fellini. Det var slett ikkje sikkert på førehand at dei kom til å lukkast, seier Jan Erik Holst og kjem med eit lite hjartesukk:

– Etterkvart har dei kome med «American Pie» og andre uvesentlige underholdningsfilmar.

– Er Universal Studios blitt meir tannlause med alderen?

–Ja, kanskje, men dei har då alltid vore mainstream.

Schindlers Liste - Liam Neeson i «Schindlers Liste». 
- Foto: Universal Studios /

Liam Neeson i «Schindlers Liste».

Foto: Universal Studios

Samanliknar «Haisommer» med Ibsen

Jan Erik Holst gler seg mest til å sjå gamle klassikarar av Alfred Hitchcock i ny og betre utgåve.

– «Haisommer» er også ein klassikar eg gler meg til å sjå. Filmen klarte å skapa noko heilt nytt i USA; den realistiske skrekkfilmen. Det var ei risikabel investering som betalte seg. Filmen liknar på mange måtar på «En Folkefiende» av Henrik Ibsen, der ein mann åleine står opp mot farane, seier Jan Erik Holst.

Opphavsrett NRK © 2014

Ansvarlig redaktør: Thor Gjermund Eriksen

Nettsjef: Frank Gander (konst.)