I februar var Veronica B. Vallenes einaste nordmann med solovisning på Nord-Europas største motearrangement. Denne gongen fekk ho selskap av Helje Hamre og Haaning & Htoon, som er debutantar på Copenhagen Fashion Week.
LES:
– Meir passande for vårt klientell
Haaning & Htoon fekk vise i rådhuset, med plass til 700 folk. Dei er støtta av Henne, Norwegian Fashion Institute, Innovasjon Norge og den norske ambassaden. Som vinnarar av Nåløyet-prisen fekk dei opne Oslo Fashion Week i februar.
LES:
– Moteveka i København kan ikkje samanliknast med moteveka i Oslo. Den er internasjonal og meir passande for vårt klientell. Her kan vi ha motevisning og selgje til europeiske innkjøparar på same tid, seier Marianne Haaning til NRK.no før showet.
Haaning og den britiske partnaren Min Htoon har reist til København i mange år og deltatt på salsmessa. Det er første gong dei viser som ein del av det offisielle programmet.
– Vi kjem definitivt til å halde fram med å vise i København, seier Haaning.
Militærkledd ballerina
Det er vår- og sommarmoten for 2012 som blir vist på catwalken. Kolleksjonen har duoen kalla «Ballerina goes to war», med nøkkelplagg som cargobukser og bomberjakka.
– Som alltid for oss handlar det om det maskuline mot det feminine, det harde mot det mjuke. To ulike verdenar møtast, men det viser seg at dei eigentleg er ganske like. Både ballerinaer og militære har disiplin, forklarar Haaning til NRK.no.
Kleda er i berekraftige materialar som tencel, silke og chiffon. Det er kontrastfylt; delikate silkestoff med harde kamuflasjeprint.
– Viktig å nå eit større publikum
Helje Hamre måtte sjå seg slått av Haaning & Htoon i kampen om Nåløyet, men imponerte med visninga i Oslo i februar.
– Dette er det internasjonal klasse over, sa Henne-gründer Ellen Arnstad då.
LES:
Mannen som tidlegare har vore seniordesignar i det amerikanske merket DKNY og budd 13 år i New York framhevar kor viktig det er å vere til stade på ein arena som moteveka. Også han viste i det store rådhuset i dag.
– København er ein mykje større arena enn Oslo Fashion Week og blir besøkt av internasjonal presse og innkjøparar. For meg er det viktig å nå eit større publikum utanfor Noreg. CFW kombinerar også presse-show og messe slik at ein får gjort presse og innsal på same tid og stad, seier Hamre til NRK.no.
Nøkkelplagga i hans kolleksjon er lause, enkle toppar og sexy silkeshorts. Fargane er i hovudsak nøytrale svart- og pudderfargar med hint av petoliumsblå og djup raud, røpar han.
Max Factors «danske» talent
– Denne sesongens inspirasjon er ein kombinasjon av eksotiske strandstadar miksa med urbane element. Silluetten er noko lausare enn i haustkolleksjonen. Haldninga er «laidback -chic» og hovudmaterialet er silke, seier han.
Hamre har ambisjonar om å vere i butikkar i store delar av Nord-Europa til neste vår, og satsar i langtidsperspektiv på den asiatiske og amerikanske marknaden.
I tillegg til dei to debutantane viste Veronica B. Vallenes også i år. Ho er eit etablert namn i Skandinavias motehovudstad og vart kåra til Max Factors danske talent ved visningane her i februar. Ho har fått mykje merksemd frå dansk presse og er ein favoritt blant både danske og norske stylistar.
I hennar kolleksjon var det mjuke silkematerialar, pastellfargar, jumpsuits, shorts, lange kjolar og innslag av knallilla som gjaldt.
LES: