Hopp til innhold

Tine i verdstoppen på Youtube

Tine Thing Helseth er ein av dei klassiske musikararne i verda som har blitt sedd av flest på Youtube. – Yngre lyttarar ser meg gjerne på Youtube først og kjem på konsert etterpå, seier ho.

Tine Thing Helseth

Tine Thing Helseth og Det Norske Kammerorkester sin Youtube-video er sett meir enn 2,1 millionar gonger.

Foto: Ole Kaland / NRK

Videoen der Tine Thing Helseth speler tredjesatsen frå Joseph Haydns trompetkonsert saman med Det Norske Kammerorkester, vart lagd ut på Youtube i november 2007.

I skrivande stund er videoen sedd meir enn 2,1 millionar gonger, noko som plasserer henne i toppsjiktet av klassiske artistar. Til samanlikning har pianisten Lang Langs mest sedde video ca 1,5 millionar visningar, og fiolinisten Anne-Sophie Mutters mest sedde drygt 1,2 millionar.

Les også: – Eg sleit med Haydn i fire år

Gir litt ekstra av seg sjølv

Den populære Haydn-videoen vart lagd ut på plateselskapet Simax Classics sin Youtube-kanal, i samband med lanseringa av cd-en hennar med trompetkonsertar.

I 2009 oppretta Helseth sin eigen Youtube-kanal. I tillegg har ho eigen blogg, Facebook-side og Twitter-konto der ho sjølv står for innhaldet. 24-åringen opplever at denne aktiviteten knyter henne nærare publikum:

– Eg får vist fram endå litt meir av det livet eg lever, seier Helseth til NRK.no.

– Eg synest det er ein fin måte å gi litt ekstra av seg sjølv på. Særleg den yngre delen av publikummet mitt set pris på kommunikasjon – å kunne kommentere innlegg og så vidare.

Sjå videoen med Tine Thing Helseth og Det Norske Kammerorkester:

– Vert meir tilgjengeleg for dei yngre

Helseth er ikkje i tvil om at aktiviteten på Youtube og andre sosiale medier har gitt henne nye lyttarar:

– Særleg i USA, der Youtube er veldig stort, kjem yngre lyttarar gjerne på konsert etter å ha høyrt meg der først.

I vår vart det kjent at trompetisten har signert ein kontrakt på fire cd-utgjevingar for plateselskapet EMI.

– Plateselskapet er også svært positive til at eg er til stades på sosiale medier, det gjer eg at ein vert meir tilgjengeleg for dei yngre.

Les: Gigantkontrakt for norsk trompetist

– Fleire yngre artistar som jobbar slik

Den britiske journalisten og bloggaren Norman Lebrecht skreiv tidlegare denne veka om den ukrainske pianisten Valentina Lisitsa, som vert meir sedd på Youtube enn den elles langt meir berømte kinesiske pianisten Lang Lang.

Tine Thing Helseth vert trekt fram av Lebrecht i ein seinare bloggpost, og ho ser ein klar trend mellom unge musikarar:

– I min generasjon av musikarar er det stadig fleire som brukar desse kanalane på ein medviten måte, seier ho.

– Eg synest personleg det er mest interessant med dei som skriv postar og meldingar sjølve. Fiolinisten Hilary Hahn brukar til dømes Youtube-kanalen sin til å leggje ut intervju med folk ho speler med.

– Korpsmiljøet er flinke til å dele

Grunnlaget for den store utbreiinga av videoen vart lagt det første halvåret etter publiseringa, ifølgje Erik Gard Amundsen i Simax Classics:

– Videoen vart laga særskilt for Youtube, og det første halvåret etter at plata kom, brukte vi den mykje i samband med førespurnader frå journalistar og andre interesserte, seier Amundsen til NRK.no.

Amundsen trur delekulturen innanfor korpsmiljøet har noko av æra for at videoen har fått så mange visningar:

– Korpsmiljøet både i Noreg og i andre land er prega av ivrige folk som er flinke til å dele det med sine vener, når dei kjem over noko nytt og spennande.

Populære Bach-videoar

Det er vanskeleg å fastslå kva for ein «klassisk video» på Youtube som har flest treff, men preludiet frå Johann Sebastian Bach si cellosuite nr. 1 ligg nok langt oppe på lista for musikkstykke; videoane der Mstislav Rostropovich og Mischa Maisky speler stykket har nesten åtte millionar visningar kvar.

Ein annan video som har slått godt an er den amerikanske fiolinisten Joshua Bell sitt stunt for Washington Post, der han speler Bachs Chaconne frå Partita nr. 2 på ein t-banestasjon i Washington D.C.

Sjå Bell-videoen med nesten 2,5 millionar visningar her:

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.