Hopp til innhold

Teikna kronprinsessa inn i Donald

I høve 40-årsdagen til den svenske kronprinsessa Victoria, har Donald-teiknar Arild Midthun slengt på henne andenebb.

Prinsesse Victoria og Kalle Anka

Kronprinsesse Victoria av Sverige fyller 40 år førstkomande fredag 14. juli. I høve bursdagen har Donald-teiknar Arild Midthun teikna prinsessa for Kalle Anka – den svenske utgåva av Donald Duck.

Foto: Arild Midthun / Kalle Anka & Co.

Arild Midthun

Arild Midthun har teikna for Donald Duck & Co. sidan 2004.

Foto: Helge Lyngmoe

– Det har vore ei stor ære å få «ankifiera» (journ.anm. «donaldfisere») kronprinsessa før hennar store dag.

Det seier bergensar og teikneserieteiknar Arild Midthun til Svensk Damtidning – vekebladet som først melde om teikneoppdraget. Til NRK seier Midthun at han dei siste vekene har vore tungt inni det rojalistiske landskapet.

– Eg teikna dronning Sonja i høve hennar 80-årsdag, samstundes med at eg teikna kronprinsesse Victoria for Kalle Anka. Eg har følt meg ganske rojalistisk, ja, flirer han.

Foreløpig får vi berre sjå korleis framsida av den komande Kalle Anka-utgåva ser ut. Der ser vi ein syngande Donald Duck, som karakteren heiter på norsk, hoppe ut av ei blautkake – noko som ser ut til å gle kronprinsessa.

Prinsessa med i prosessen

For det svenske kongehuset har hyllesta i teikna form blitt tatt godt i mot.

Prinsesse Victoria

Kronprinsesse Victoria fyller 40 år fredag. Her er ho i den vanlege verda nokre år tilbake i tid.

Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

– Det er ein kul og positiv gratulasjon, seier Margareta Thorgren, informasjonssjef ved det svenske hoffet til Expressen.

Prosjektleiar for Kalle Anka & Co., Anna Bergström, seier til Svensk Damtidning at prinsessa sjølv har vore deltakande når ho blir ein del av Kalle Anka-universet.

– Ho har fått vere med på heile prosessen og godkjent frå skisse til fargelegging, fortel Bergström til vekebladet.

Midthun seier til NRK at prosessen har vore overraskande enkel.

– Det er alltid nokre rundar med godkjenning når store aktørar er med, men dette gjekk overraskande raskt og enkelt. Kongehuset har vore veldig positive.

Lurte inn detaljar

Teiknaren, som har teikna for Donald Duck & Co. sidan 2004, fortel at han har lurt inn ekstra detaljar i teikninga med kronprinsessa.

– Eg lurte faktisk inn monogrammet hennar. Ein finn det ein stad på kaka. Elles er alle smykke, tiaraen og kjolen ting ho verkeleg har gått med, seier Midthun.

For han er detaljane spesielt viktig i slike samanhengar.

– Det er nesten viktigare at detaljane stemmer enn at teikninga er heilt lik personen, meiner Midthun.

Donald - rundt bordet

Det norske sjakkesset Magnus Carlsen var på framsida av det norske Donald-bladet i 2014. Her saman med teiknar Arild Midthun og forfattar Knut Nærum.

Foto: Kristian NYmoen / NRK

Zlatan, Reinfeldt og Carlsen

I svenske Kalla Anka har mellom andre fotballspelar Zlatan Ibrahimovic og tidlegare statsminister Fredrik Reinfeldt blitt karikert av Midthun.

Donald - serien på bordet

Magnus Carlsen blei karikert som ein hund då han enda på framsida av Donald-bladet i 2014.

Foto: Kristian Nymoen / NRK

I den norske utgåva av bladet har Donald-superfan Magnus Carlsen blitt teikna av Arild Midthun.

– Det er morosamt. Eg har vore Donald-fan i alle år, og det er ikkje alle som får vere ein del av si eiga teikneserieverd, sa Carlsen til NRK i 2014.

Medan kronprinsesse Victoria berre har fått eit andenebb, blei Carlsen teikna som ein hund i Andeby.

Prinsesse Victoria og Kalle Anka

Slik ser heile framsida på det komande Kalle Anka-bladet ut.

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)