Hopp til innhold

- Ingen norske trekkplaster

Kinogjengarane sviktar norsk film. Hittil i år har 40 prosent færre benka seg i kinomørkret for å sjå ein norsk produksjon.

Det er tal frå bransjeorganisasjonen Film og Kino, som vitnar om låg interesse for norske filmar så langt i år. Samanlikna med same periode i fjor, har 39 prosent færre teke turen til kinosalen for å sjå ein norsk film.

– Me manglar eit norsk trekkplaster i år, fortel kommunikasjonssjef Birgitte Langballe i bransjeorganisasjonen Film & Kino.

Tilbakeslag

Dei dystre tala for 2010 er ikkje i tråd med utviklinga som norske kinofilmar har hatt dei seinare år. Kinostatistikken for det siste tiåret indikerer nemleg at norsk film er på veg opp av hengemyra.

Ifølgje Film og Kino, har dei norske filmane tilnærma dobla sitt besøk dette tiåret samanlikna med 1990-talet.

Dei to siste åra har marknadsandelen for all norsk film på kino vore rekordhøg - over 20 prosent. Per i dag er den norske marknadsandelen for gjeldande år på 13,4 prosent. Filmar som «Kommandør Treholt & Ninjatroppen» og Brødrene Dal og vikingsverdets forbannelse har så langt ikkje bidrege stort til å auke denne marknadsandelen for 2010.

Trond Viggo Torgersen som Kong Olav

Sjølv med Trond Viggo Torgersen i rolla som Kong Olav, har ikkje Kommandør Treholt & Ninjatroppen blitt den heilt store publikumssuksessen.

Foto: Foto/Copyright: Ellen Ugelstad/Tordenfilm

Unormale Max Manus

Kommunikasjonssjefen i Film og Kino avviser at den norske haustmenyen er for lite freistande for norske kinogjengarar, og påpeiker at ein heilt spesiell film var årsaken til at fjorårets besøkstal blei uvanleg gode.

– I fjor hadde me Max Manus, som blei ein unormalt stor publikumsfavoritt. Det var i stor grad difor at 2009 blei eit såpass godt kinoår for norsk film, seier Langballe.

Max Manus

Aksel Hennie vann Amanda-pris for sin innsats som Max Manus.

Foto: Filmkameratene AS

Den norske krigsfilmen om motstandshelten Max Manus gjekk rett til hjerta på kinopublikum. Filmen blei tidenes mest besøkte norske kinofilm, berre slått av Ivo Caprinos klassikar Flåklypa Grand Prix som kom ut i 1975.

– Èin eller to populære filmar kan utgjera heile forskjelen på om ein endar opp med gode eller dårlege besøkstal, legg ho til.

Fritt Vilt III og Knerten

I fjor var heile tre norske filmar å finne på topp-ti lista for dette kinoåret: Max Manus, Knerten og Julenatt i Blåfjell.

I første halvår 2010 var «Olsenbanden jr. Mestertyvens skatt», det norske bidraget som trakk mest folk. Publikumsfavoritten var den sjette best besøkte av alle kinofilmar som hadde premiere i Noreg i løpet av denne perioden, men populariteten til Max Manus var den milevis unna.

– Så langt i år har me ikkje hatt nokon verkeleg gode trekkplaster. Men barne- og familiefilmar og ungdomsfilmar plar fylle kinosetene godt, fortel Langballe som vonar at kommande filmar som «Fritt Vilt III», «Knerten gifter seg» og «Elias og jakten på havets gull» skal pynte på tafatte besøkstala.

Varg held koken

Den norske filmhausten er allereie godt i gong. Fire av totalt femten norske haustkinofilmar har så langt hatt premiere på lerretet, og det er førebels den nye Varg Veum-filmen «Skriften på veggen» som tronar øvst på den norske kinotoppen.

Varg Veum, Skriften på veggen

Trass i låge besøkstal for norske kinofilmar, er Varg Veum like populære som før.

Foto: SF Norge

Tre veker etter premieredato, er den ferskaste Varg-filmen i ferd med å runde 80 000 besøkande. Produsent Silje Hopland Eik har god tru på at filmen, som er den sjuande i rekkja av totalt 12 filmar basert på Gunnar Staalesens kriminalromanar, vil runde «suksessgrensa» på 100.000 vitjande.

– Varg er ein einsam ulv med eit hjerte av gull. Eg trur at no som folk har vorte såpass godt kjende med karakteren og universet, vil dei gjerne følgje han inn i nye krimgåter, seier Eik, som også påpeiker at krimthrilleren som sjanger står svært sterkt i Noreg.

Av dei Varg-filmane som har vorte vist på kinolerretet er «Falne Engler» framleis den mest besøkte med 126 000 publikumarar.

– Ikkje norsk konkurranse

Varg Veum, Skriften på Veggen

Frå den sjuande Varg Veum-filmen, 'Skriften på veggen'.

Foto: SF Norge

Varg-produsenten rosar norsk film, men seier likevel at det er Hollywood dei ser på som sin argaste konkurrent i kampen om kinofolket.

– For vår del er det ikkje norsk film, men amerikanske spenningsfilmar som er hovudkonkurrenten. Slikt sett håpar me på ein sterk haust for den norske filmindustrien. Det styrkar heile bransjen, fortel Eik.


Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.