I slutten av neste veke lanserer Spotify også strøyming av video som ein del av tilbodet sitt. I første omgang er det Storbritannia, Tyskland, Sverige og USA som får tilgang til tenesta, skriv The Wall Street Journal
Eksklusivt innhald
Spotify seier dei vil tilby både eksklusivt innhald frå mediepartnarar og ferdige produksjonar og podkastar. Blant medieselskapa som skal vere tilgjengelege på Spotify er dei store tv-nettverka i USA, BBC, sportskanalen ESPN, dokumentarnettstaden Vice og humorkanalen Adult Swim.
Visepresident for produkt, Shiva Rajaraman, i Spotify seier til The Wall Street Journal at målgruppa framleis er musikkinteresserte.
Spotify er det største strøymetenesta for musikk i verda. Ifølge dei sjølve har dei meir enn 75 millionar brukarar, der 20 millionar abonnerer på den reklamefrie tenesta.
Hard konkurranse
Fleire av dei mindre konkurrentane til Spotify har satsa tungt på video for å skaffe seg kundar.
Nyleg lanserte Apple Music ein eksklusiv turnéfilm med popstjerna Taylor Swift, medan Tidal har gått eit steg lenger og sender seriar utan ein direkte tilknyting til musikk. I tillegg har Youtube også lansert ei musikkstrøymeteneste der brukarane kan skifte mellom musikkvideoar og musikkspor.