Hopp til innhold

Spelar for diktator

Alexander Rybak spelar i det kviterussiske Republikkpalasset i kveld. - Problematisk propagandashow, seier Amnesty.

Alexander Rybak
Foto: Nyhetsspiller

I går lanserte MGP-vinnar Alexander Rybak debutalbumet «Fairytales».

I kveld er Rybak ifølgje VG attende i Kviterussland for første gong sidan han flykta med foreldra som femåring, og skal mellom anna spele på eit arrangement med sterke band til president Aleksandr Lukasjenko, kalla Europas siste diktator.

Dette skulle Amnesty ønskje at heile Norges nye yndling ikkje involverte seg i.

- Propaganda for diktator

John Peder Egenæs

John Peder Egenæs, generalsekretær i Amnesty Norge.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

- Dette er openbert problematisk. Det verkar å vere eit show der president Lukasjenko skal framstillast som folkets venn, gjennom å hente ein av Europas mest populære artistar for tida, seier generalsekretær i Amnesty Norge, John Peder Egenæs.

President Lukasjenko har møtt sterk kritikk for menneskerettigheitsbrot i landet, for å nedkjempe uavhengig presse, og å undertrykkje politiske motstandarar.

Rybak skal ifølgje Dagbladet spele MGP-vinnarlåta «Fairytale» og ein kviterussisk folkesong i Republikkpalasset. I tillegg skal han vere ein av dommarane i eit talentshow på tv, der vinnaren får bli solist i presidentorkesteret til president Aleksandr Lukasjenko.

- Skjønar ikkje ringverknadane

Berit Lindemann

Berit Lindemann i Helsingforskomiteen.

Foto: Helsingforskomiteen

Informasjonsleiar i Helsingforskomiteen, Berit Lindemann, sa til Dagbladet i dag at dette er særs uheldig. Ho seier til NRK at Rybak no kan bli tatt til inntekt for kviterussisk propaganda.

- Vi tenkjer at han kanskje ikkje heilt forstår rekkjevidda av det han gjer no. Opptredenen vil ganske sikkert bli nytta i eit propagandaopplegg til støtte for Lukasjenko, han er kjent for å gjere dette.

Men Rybaks manager, Kathrine Synnes, meiner Rybak hovudsakleg reiser fordi han ønskjer å besøkje heimlandet att.

- Alexander Rybak er kviterussar, og har fått eit tilbod om å få spele på eit tv-show i heimalandet i anledning plateslepp i aust-Europa. Han følte det var ei fin anledning for å takke for støtta han fekk frå det kviterussiske folket då han var i Moska under Melodi Grand Prix-finalen.

- Reint Lukasjenko-show

Hugo Chavez og Aleksandr Lukasjenko

President Aleksandr Lukasjenko (t.h.) saman med Venezuelas president Hugo Chavez.

Foto: Scanpix/Reuters

Egenæs i Amnesty har forståing for at Rybak vil oppsøkje røtene sine, men meiner at tv-showet er til for å kaste glans over president Lukasjenko.

- Vi skjønar at det er spesielt for han i forhold til bakgrunnen sin. Men hadde han spurt Amnesty om råd, hadde vi anbefalt han å ikkje stille opp i dette tv-showet. Ikkje fordi det er kviterussisk Idol, men fordi det verkar å vere eit reint Lukasjenko-show.

Anne Solsvik, leiar i Unge Venstre

Anne Solsvik, leiar i Unge Venstre.

Foto: Jarle Vines (Creative Commons-lisens)
- Kunne synt viktig støtte

Leiar i Unge Venstre, Anne Solsvik, har jobba med å støtte opposisjonspolitikarar i Kviterussland i fire år, og er sjokkert over Rybaks konsertplanar.

- Han kunne ha nytta sin status til å støtte kulturlivet som ikkje får lov til å ha offisielle konsertar i landet. Han kunne ha støtta kviterussisk ungdom som blir trakassert og fengsla for å kjempe for demokrati. I staden let Rybak diktatoren sole seg i glansen av oppturen hans - det er skuffande.

Kulturstrøm

  • Gåte er fornøyd, men spente

    Til NRK sier Gåte at de er fornøyde med plasseringen de har fått i sin semifinale, men at de samtidig er spente på stemningen i salen etter Israels opptreden.

    Tidligere tirsdag ble det kjent at Norge opptrer rett etter Israel i den andre semifinalen i Malmö 9. mai. EBU har fått kritikk fra flere hold for å la Israel delta.

    Jim Ødegård Pedersen, leder folkejuryen Adresse Malmö, tror det kommer til å gå bra. Men sier at Israels bidrag ikke er det enkleste å opptre etter i år. Også han er spent.

  • Madonna avslutter turné med stor gratiskonsert

    Madonna skal holde en enorm gratiskonsert på Copacabana i Rio de Janeiro 4. mai som avslutning på Celebration-turneen som startet i oktober.

    På Madonnas nettside omtales konserten som hennes «største show hittil». Den er en «takk til fansen for å ha feiret musikken hennes i mer enn fire tiår».

    Madonna
    Foto: Evan Agostini / AP