Det er altså fem menn som utgjer gruppa Solfa, og dei har mykje til felles, og då er det ikkje berre det at alle kan synge, men det er og mykje meir.
Alle er gift, alle har born, alle er lærarar, alle draumar om å leve av musikken, alle er i tretti åra og alle svarte det same på spørsmålet om kva det største dei har opplevd er; fødselen til borna.
Det er heilt sikkert fleire ting som er like, men du har nok forstått poenget. Like born leikar best.
Og desse lærarane, foreldra, trettiåringane eller musikarane som vi kan kalle dei skal framføre eit medley for oss.
Her er ei lita liste over korleis den vil høyres ut:
1. ”Together” Ryan Lane/DarrenRust
2. “Brown Eyed Girl” Van Morrison
3. “Mexico” Lynny Treekreem
4. “Zombie Jamboree” Conrad E. Mauge, Jr
5. “In my dreams” Wigwam
Men lurar du framleis på korleis Solfa syng kan du sjå
deira, der dei syng ”En solskinnsdag” av A. Hurlen.Overalt
Desse mennene har ei utstråling som kan få kven som helst til å smile, og kanskje dei ein eller anna gong har fått deg til å smile. Lurar du no på korleis?
Svaret er at desse mennene har sunge overalt. Dei har opptredd i barne-TV, Kykelikokos, pysj-pop-baluba og hodejegerne for å nemne nokre av programma dei har sunge i.
No kjem Solfa ut med ein trippel-CD. Ein til borna, ein til dei vaksne og ein til besteforeldregenerasjonen, som dei sjølv kallar det på heimesida si.
Kva vil de bruke pengane de vinn til?
Arild Pytte Solum: - Det må vi i Solfa bli einige om saman. Kan tenkje meg at dei vil bli brukt i studioet vårt.
Kristian Lie: - Kona og eg skal bytte 7 vindauge og ei dør i huset, anbodet frå eit snikkarfirma var på 56 000 kroner. Dyrt ja…
Leif Olav Williams Thoresen: - Gje ut CD, kjøpe meir utstyr til studio.
Morten Midtlien: - Ta ein fridag…
Amund Oserud Benzen: - Kjøpe løk! Nei.. Investere i lydstudioet vårt? Gje ut ny CD?
Vi får håpe at Solfa blir einige om korleis pengane skal brukast.
På gøy med Solfa:
Pinleg situasjon du har opplevd når du har opptredd?
Kristian: - Under juleshowet til Solfa i fjor hadde eg eit songnummer som Tutta Johansen, ei 65 år gamal kvinne. Ein kveld då nummeret blei annonsert var ikkje responsen heilt som forventa. Grunnen var ganske enkelt, kona til kultursjefen i kommunen, som sjølvsagt var på konserten, heiter nemleg Tutta Johansen. Herleg!
Amund: - I følje ein del born i mitt nærmiljø er den største flausa eg har gjort er å stille opp i trusa på eit juleshow. Personleg syns eg det berre var fornøyeleg.
Er du spesielt dyktig til noko?
Arild: - Eg kan vifte med øyrene, balansere det meste på haka, nasa og panna.
Amund: - Det er her Arild kjem inn ja, han kan alle slike dumme ting. Trur ikkje eg kan så mykje spesielt, eller eg kan seie ”tippekupong” fort mange gongar etter kvarandre.
Kva er ditt mest idiotiske kjøp?
Arild: - Trimsykkel. Var eigentleg ikkje så idiotisk, men den blei det når den berre sto og støva ned.
Kristian: Kjøpte telemarkski mens eg gjekk på lærarhøgskulen. dei er blitt brukt nøyaktig fire gongar.
Amund: Kjøpte ein gong ei ekstra fast Jensen Royal madrass. Den var heilt ubrukeleg, altfor hard til å ligge på.
Samlar du på noko?
Arild: - Rot i kjellaren
Kristian: - Om du hadde sett kjellaren min hadde du nok sagt søppel, men det er heilt ubevisst.
Morten: - I følje kona mi er det nok hullete truser og søppel på kjøkkenbenken.