«– Du i natt.., det er veldig rart, jeg visste jo at du skulle komme… Jeg hadde en veldig rar drøm i natt. I de siste førti årene av mitt liv, så drømmer jeg fremdeles om Leonard. Uansett om han er sammen med en annen eller hva som er scenen rundt det, så er det en positiv drøm for meg.» I natt så dukket han igjen opp i min drøm, og så sier han: "Marianne, you must not talk so much". Og her sitter jeg og ser på deg, og du får meg til å prate og prate og prate…»
Marianne Ihlen (70) har mange gonger blitt spurt om å fortelja om livet sitt saman med Leonard Cohen, men har alltid takka nei. No fortel ho for fyrste gong heile historia om åra ho delte med den kanadiske songaren og poeten.
Den vakraste kvinna...
Han sa ho var den vakraste kvinna han nokon gong hadde møtt, og kalte henne muse; ho som sit ved poetens føter og gjer det mogleg for han å skapa. Dei møtte kvarandre på den greske øya Hydra i 1960, då Marianne var gift med den norske forfattaren Axel Jensen. Berre 23 år gammal rømde ho til Hellas saman med ungdomskjærasten Axel, og dei slo seg ned i kunstnarkolonien på Hydra. Det unge paret kjøpte eit gammalt falleferdig hus for elleve tusen kroner, der Axel skreiv både "Ikaros" og "Line".
– Hydra var et lite paradis. Vi satt i solen og vi lå i solen og vi gikk i solen. Vi lyttet til musikk, vi badet, vi lekte, vi drakk, vi diskuterte. Det ble skrevet og elsket. I fem år hadde jeg nesten ikke sko på beina.
Men forholdet mellom Marianne og Axel blei svært turbulent. I 1960 reiste Marianne heim til Norge for å føda sonen deira. Då ho kom tilbake til Hellas fire månadar seinare var Axel Jensen over alle haugar med ei amerikansk elskerinne.
Frå Axel til Leonard
– Alt det rare som er skrevet, det er bare vill fantasi. Jeg har ikke giddet å si hvordan det var, men bare tenkt at hvis det er sånn de vil ha det, "who cares". Men det er ikke sant som Axel sa at Leonard Cohen stjal meg fra ham. Langt derifra.
Cohen, Marianne og son hennar "lille Axel" levde saman til slutten av 60-talet, og den vesle familien pendla mellom Montreal og Hydra. Han dediserte diktsamlinga "Flowers for Hitler" til henne, og har skreve mange av sine mest kjente dikt og songar med inspirasjon frå Marianne. I radiodokumentaren "So long Marianne" får du høyra Marianne syngja nettopp denne songen, og fortelja si historie om livet med Axel Jensen og Leonard Cohen.
So long Marianne – ein radiodokumentar om og med Leonard Cohens norske muse
NRK P2 laurdag 21. januar klokka 10.15
Reprise søndag 22. januar klokka 19.30
Laga av Kari Hesthamar
Teknisk ansvarleg Kåre Johan Lund.