Hopp til innhold

Snowden får Ossietzkyprisen

Edward Snowden er tildelt ytringsfridomsprisen Ossietzkyprisen for 2016. Han får prisen for avsløringane han har bidrege til rundt statleg overvaking av både enkeltland og privatpersonar.

Edward Snowden

Edward Snowden er ein moderne Ossietzky, meiner Norsk PEN. Her frå utdelinga av Bjørnsonprisen som Snowden fekk i fjor.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Ossietzkyprisen blir kvar år delt ut av ytringsfridomsorganisasjonen Norsk PEN til ein person eller institusjon som har gjort ein særleg innsats for ytringsfridomen.

I 2013 avslørte it-teknikaren Edward Snowden at National Security Agency, NSA, hadde gjennomført ulovleg avlytting av fleire millionar telefonsamtalar, både av statsleiarar og privatpersonar.

Risikerer livstid

I USA er Snowden sikta for spionasje og tjuveri av statleg eigedom. Han bur no i eksil i Russland, men USA har bede om å få Snowden utlevert. Skulle han bli det, risikerer han fengsel på livstid.

William Nygaard

Leiar i Norsk PEN, William Nygaard, seier dei lenge har ønska å gi prisen til Edward Snowden.

Foto: Varfjell, Fredrik / NTB scanpix

Leiar for Norsk PEN, William Nygaard, seier dei lenge har ønska at Snowden skal få denne prisen:

– Vi ønsker å honorere han for det motet han viser ved å ofre privatliv og karriere for å setje dette store og viktige spørsmålet om internasjonal overvaking på dagsorden.

Han håper tildelinga også skal bidra til ein debatt om overvaking og varslarrollen internasjonalt, og trur ei slik tildeling kan bidra til å hjelpe saka til Snowden:

– Eg trur at all meir merksemd han får for det idealistiske arbeidet han gjer for å kjempe for menneskerettar og ytringsfridom er med på å hjelpe han i ein rettsleg posisjon.

Håper Snowden kjem sjølv

Carl Von Ossietzky

Carl von Ossietzky fekk fredsprisen, men blei nekta av tyske styresmakter å reise til Noreg for å ta imot prisen.

Foto: Scanpix / Arkiv / SCANPIX

Ossietzkyprisen er kalla opp etter og tileigna Carl von Ossietzky. I år er det 80 år sidan han blei tildelt Nobels fredspris. Han fekk prisen for å ha avslørt korleis tyske styresmakter dreiv opprusting i strid med Versaille-traktaten. Han blei dømt for landssvik og fengsla.

Under utdelinga i 1936 stod stolen til Ossietzky tom fordi tyske styresmakter nekta han å reise ut av Tyskland.

Snowden blir no invitert til Noreg for å ta imot prisen i Universitetets Aula i Oslo 18. november. Norsk PEN håper og arbeider for at stolen til Snowden ikkje skal bli ståande tom:

– Vi vil utfordre norske styresmakter til å gi han ein garanti om fritt leide. Så er det opp til Snowden sjølv om han vil kome. Han er informert og vil gjerne ta imot prisen, men det står att å sjå om han tek risikoen. For det er ein risiko for han å kome til Noreg, seier Nygaard.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober