Enkelttonar eller korte motiv som vert repetert i det uendelege? Det høyrest ikkje veldig revolusjonerande ut i dag, men situasjonen var ein annan tidleg på 1960-talet, då det som i dag vert rekna som dei første minimalistane klekka ut sine idear i røykfylte loftsleilegheiter i San Francisco og New York.

Om dei første minimalistane primært var komponistar med røter i det klassiske musikkområdet, var stilen heilt frå starten i dialog med andre sjangrar, særleg rocken. Lista over dei viktigaste milepælane er såleis ein god miks av stilskaparar frå ulike felt.

La Monte Young: Composition 1960 #7 (1960)

Minimalisme vart aktuelt som stilretning på fleire kunstfelt på 1960-talet, men om musikk vart ikkje omgrepet brukt før mot slutten av tiåret, og dei lærde stridest om kven som gjorde det først.

La Monte Young (f. 1935) vert gjerne rekna som den første minimalistiske komponisten, og hans «Composition 1960 #7» har vorte kalla det første minimalistiske verket. Det består av éin akkord som «skal haldast ei god stund» – ein slags oppfølgjar til John Cage sitt «4'33''» frå 1952, som består av dryge fire og eit halvt minutt med stillheit.

(Spelt av Robert Spour)

Terry Riley: In C (1964)

Då pianistsøstrene Katia og Marielle Labèque feira minimalismens første 50 år med ein minifestival i London nyleg, sette dei Terry Riley (f. 1935) sitt verk «Mescalin Mix» frå 1961 som startskotet for minimalismen.

Terry Riley var ein hippie-aktig fyr frå den kaliforniske landsbygda med sterk interesse for jazz og indisk musikk, men den sterkaste inspirasjonskjelda var La Monte Young. Young skreiv frika, atonal musikk og hata durtreklangar – Riley hadde større durtoleranse og laga musikk som var lettare tilgjengeleg.

Etter mellom anna å ha jobba som lobbypianist i Frankrike og jamma over Miles Davis-låten «So What» med trompetisten Chet Baker, laga Riley sitt mest kjende verk – In C, som vart urframført i San Francisco i 1964. Verket kan vare i alt frå femten minutt til fleire timar.

(Spelt av Ars Nova og Percurama Percussion Ensemble dirigert av Paul Hillier)

The Velvet Underground: I'm waiting for the man (1967)

Den unge walisaren John Cale (f. 1942) byrja i 1963 som bratsjist i La Monte Young sitt band «Theatre of Eternal Music», som heldt ritualaktige improvisasjonskonsertar på Young sitt loft i New York. I 1964 møtte Cale Lou Reed, og dei to skulle etter kvart verte kjernen i eitt av tiårets mest legendariske band, The Velvet Underground.

Debutalbumet «The Velvet Underground & Nico» frå 1967 er sterkt påverka av La Monte Young sin musikk, og det har seinare vorte kalla «det mest profetiske albumet gjennom tidene» av magasinet Rolling Stone. Den minimalistiske tendensen er til dømes tydeleg på låten «I'm waiting for the man».

Kraftwerk: Autobahn (1974)

Dei to tyske kompisane Ralf Hütter (f. 1946) og Florian Schneider (f. 1947) møttest medan dei studerte klassisk musikk på 1960-talet, og henta inspirasjon frå så ulike kjelder som Karlheinz Stockhausen, Terry Riley, Beach Boys og Pink Floyd. Kraftwerk fekk sitt store gjennombrot med albumet «Autobahn» i 1974, som innebar ei heilt eigenarta form for elektronisk popminimalisme.

Sidan har bandet hatt djuptgåande påverknad på ei nesten endelaus rekkje artistar og band som David Bowie, Depeche Mode, Human League og Joy Division; dei vart sampla av hiphop-pionerane Afrika Bambaataa og la grunnlaget for techno- og elektronika-sjangrane.

Steve Reich: Music for 18 Musicians (1976)

Steve Reich (f. 1936) spelte el-piano under premieren på «In C» i 1964, og hadde ideen til den repeterande C-en som startar stykket. Reich studerte komposisjon i San Francisco med den berømte komponisten Luciano Berio. Berio høyrde stadig vakre harmoniar i Reich sine «atonale» komposisjonar, og sa: «Viss du vil skrive tonal musikk, kvifor skriv du ikkje tonal musikk?»

Reich sitt mangfaldige inspirasjonsspekter oppsummerer mange av minimalismen sine forløparar: Han elska bebop, og skal ha høyrt John Coltrane live minst femti gongar. Han studerte afrikansk trommespel i Ghana, gamelanmusikk frå Indonesia, og var fascinert over repetitative Bob Dylan-låtar som «Subterranean Homesick Blues».

I «Music for 18 Musicians» brukte han si samla erfaring frå to tiår med ekspermentering til eit større verk for konsertsalen, for eit meir tradisjonelt ensemble, og det er framleis eit av hans mest populære.

(Spelt av Ensemble Modern Frankfurt)

Donna Summer/Giorgio Moroder: I Feel Love (1977)

Før denne låten kom, hadde dei fleste discolåtane komp som involverte akustiske orkester. Donna Summer (f. 1948) skreiv «I Feel Love» sjølv, men italienaren Giorgi Moroder (f. 1940) produserte, og vart den første som utelukkande brukte synthesizarar. Resultatet har tydelege minimalistiske trekk, og hamna på toppen av den britiske hitlista.

David Bowie har gjenfortalt Brian Eno sin reaksjon på låten slik: «Ein dag i Berlin kom Eno løpande og sa: Eg har høyrt lyden av framtida ... han set på «I Feel Love» av Donna Summer, og seier: «her er det, de treng ikkje leite meir. Denne singelen kjem til å endre lyden av klubbmusikk dei neste femten åra.» Og det stemte jo ganske bra.» (Les meir om Eno lenger nede i saka.)

Arvo Pärt: Tabula Rasa (1977/1984)

Estaren Arvo Pärt (f. 1935) byrja som fleire andre minimalistar med å skrive tolvtonemusikk, men musikken vart dårleg motteken av dei sovjetiske styresmaktene. Pärt henta ny inspirasjon frå gregoriansk song og renessansemusikk og la grunnlaget for det enkelte kallar «sakral minimalisme».

Pärt hoppa av til Vesten i 1979 og busette seg i Berlin. Dei sentraleuropeiske komponistmiljøa var jamnt over negative til alle typer minimalisme, men frå 1980-talet og utover kom Pärt sin musikk ut på platemerket ECM, og vart raskt enormt populær. Musikken hans var meir velklingande og lettare tilgjengeleg enn tidlegare minimalisme. Først på plate var «Tabula Rasa», som kom ut i 1984.

(Spelt av Gidon Kremer, Tatjana Grindenko, Reinut Tepp og Kremerata Baltica, dirigert av Eri Klas)

John Adams: Nixon in China (1987)

I 1922 erklærte Arnold Schönberg, tolvtonemusikken sin far, i boka Harmonielehre at den tonale musikken var død. I 1985 fullførte John Adams (f. 1947) orkesterverket med same tittel, og seier mellom linjene at «det er den slett ikkje!». Med minimalismen sine prinsipp i botnen laga han eit 40-minutts symfonisk verk med tydelege referansar til komponistar som Richard Wagner, Gustav Mahler og Jean Sibelius.

(Spelt av San Francisco symfoniorkester, dirigert av Edo de Waart)

Adams var mindre dogmatisk enn minimalistane før han – han brukte prinsippa meir som verkemiddel, og kombinerte gjerne minialisme med andre sjangrar og stilar. I 1987 kom operaen Nixon in China – basert på Richard Nixon sitt besøk til Kina i 1972. Operaen er blitt ståande som ein av dei mest populære og mest framførte operaene frå 1900-talet.

(Framført av James Maddalena og Orchestra of St. Luke's dirigert av Ed de Waart)

Philip Glass/David Bowie/Brian Eno: Low Symphony (1992)

Philip Glass (f. 1937) høyrer til den første gruppa av minimalistar og vart særleg påverka av den tidlegare skulekameraten Steve Reich. Han stod for viktige bidrag til at minimalismen vart kjend utanfor kretsen av dei innvidde, men tok etter kvart avstand frå merkelappen minimalisme og utvikla stilen sin i andre retningar.

På 1990-talet skreiv Glass to symfoniar bygde på arbeid frå to andre pionerar på feltet: Brian Eno (f. 1948) og David Bowie (f. 1947). Eno var fascinert av musikken til Glass og Reich og var stor fan av La Monte Young. Han spelte keyboard i Roxy Music tidleg på 1970-talet og produserte album for mellom andre U2 (til dømes The Joshua Tree). I 1978 la han grunnlaget for ambient-sjangeren med albumet Ambient 1: Music for Airports.

Philip Glass sine symfoniar er bygd over to album frå David Bowie sin såkalla Berlin-trilogi, «Low» og «Heroes», som begge kom ut i 1977. Brian Eno var sterkt involvert på desse albuma, og var med på å skrive nokre av låtane.

(Spelt av Brooklyn-filharmonien dirigert av Dennis Russell Davies)

Hans Zimmer/James Newton Howard: Batman Begins (2005)

Hans Zimmer (f. 1947) vart fødd i Frankfurt, knapt 20 mil frå Kraftwerk sin heimby Düsseldorf. Tidleg i karrieren spelte han keyboards for Ultravox, eit av dei tidlegaste elektropop-banda i Storbritannia. Zimmer slo gjennom som filmkomponist med Rain man i 1988 og har sidan skrive musikken til ei rekkje gigantsuksessar som Løvenes konge, Gladiator og Pirates of the Carribean.

Zimmer skreiv musikken til Batman Begins i lag med amerikanaren James Newton Howard, som har ei nesten like imponerande merittliste bak seg – han fekk sitt gjennombrot med Pretty Woman i 1991.

Verken Zimmer eller Howard er minimalistar i utgangspunktet, men både i Batman Begins og oppfølgjaren The Dark Knight frå 2008 og i Zimmer-musikken til Inception frå 2010 er det tydelege innslag av minimalisme, men klare referansar til John Adams sin frilynt massive orkestermusikk.

Björk: Crystalline (2011)

Björk (f. 1965) sitt musikalske rulleblad er truleg utan sidestykke: Ho byrja å spele klassisk piano som 11-åring, ga ut si første plate då ho var 12, starta jentepønkeband då ho var 14 og jazzfusionband året etter.

Etter å ha blitt internasjonalt kjend som vokalist i Sugarcubes, starta ho solokarrieren med singelen «Human Behaviour» i 1993. Den minimalistiske påverknaden var tydeleg allereie her:

Björk sin stil er utprega eklektisk, og ho kunne kanskje som John Adams kalla seg ein «post-stilist». Minimalismen er like fullt til stades i ulike former gjennom heile solokarrieren, og ho er mellom anna ein stor fan av Arvo Pärt.

Den første singelen frå 2011-albumet Biophilia fungerer som ei oppsummering av kvar minimalismen har blitt i vår tid: Låten byrjar med ein spesialbygd «gamelesta» – eit celesta bygd for å likne den «ur-minimalistiske» indonesiske gamelanmusikken som har inspirert Steve Reich med fleire, og munnar ut i heftig drum and bass.