Hopp til innhold

Sjå så lik ho er «Downton Abbey»-stjerna!

NRKs rekvisitørar, sminkørar og kostymørar gjekk saman om å gjere kollega Maria Brinch om til Mary Crawley frå «Downton Abbey». Ser du forskjell?

Maria Brinch som Mary Crawley

SOM TO DRÅPAR VATN: Maria Brinch, vikar på NRKs kostymelager til venstre. Til høgre Mary Crawley frå «Downton Abbey», spelt av Michelle Dockery.

Foto: Jon Baastad / NRK/ITV

– Dette var noko vi gjorde berre for artig. Eg har gått under kallenamnet Mary i det siste, fortel Maria Brinch.

Ho er vikar på kostymelageret til NRK. Likskapen med rollefiguren Mary Crawley, spelt av Michelle Dockery, i «Downton Abbey» har vore ein snakkis blant kollegane lenge.

Maria Brinch og Mary Crawley

ATTENDE TIL 20-TALET: NRKs Maria Brinch til venstre, Mary Crawley frå «Downton Abbey» til høgre.

Foto: Jon Baastad / NRK/ITV

Dei gjekk difor saman for å få kollegaen heilt lik Lady Mary Crawley frå det populære britiske kostymedramet.

– Uerstattelege

Kjolen Maria har på seg er no stilt ut på kostymelageret saman med ein anna kjole.

Begge kjolane er originalar frå 1920-talet.

– Desse er verkeleg uerstattelege og vi tek vare på dei så godt vi kan. Dei er blant kostymelagerets store skattar, seier kostymedesignar Marit Sætren om dei nesten 100 år gamle kjolane.

Kjolen som Maria Brinch har på seg er laga av silke og må behandlast svært forsiktig, fortel ho.

– Silke er eit naturmateriale og er svært sårbart, det kan lett smuldre opp. Så desse kjolane kan vi ikkje leige ut, men dei er perfekte til ein fotoshoot, seier Sætren.

LES ÒG:

Maria Brinch

I SIVIL...: Slik ser Maria Brinch ut når ho ikkje er sminka attende til 1920-talet.

Foto: Marit Holmquist Fenne / NRK
Maria Brinch som Downton Abbey-stjerne

... OG I KOSTYMEDRAMA: Maria Brinch i ein kjole frå 1920-talet frå kostymelageret til NRK.

Foto: Jon Baastad / NRK
Smykket Maria "Mary" Brinch har på seg på bildet.

SMYKKET: Nærstudie av smykket Maria «Mary Crawley» Brinch har på seg på bileta over.

Foto: Marit Holmquist Fenne / NRK
Detalj frå den eine kjolen. Store delar av kjolane er handlaga.

KJOLEN: Detalj frå den eine kjolen. Store delar av kjolane er handlaga.

Foto: Marit Holmquist Fenne / NRK

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)