Hopp til innhold

RR-Bjarte spelar to roller i same film

«Julekongen» er klar for det store filmlerretet. – Eg måtte hente ut alt eg har av mann i meg, seier Bjarte Tjøstheim om dobbeltrolla.

Trailer: "Julekongen - full rustning"

Sjå den ferske traileren til "Julekongen - full rustning".

Då «Julekongen» gjekk som adventsserie på NRK i 2012, såg 700.000 i snitt serien kvar dag. Om desse går på kino når «Julekongen – full rustning» har premiere 13. november, kan det bli eventyrlege tal for filmen.

Traileren, som NRK kan vise i dag, røper mellom anna at spenningsnivået er skrudd opp nokre hakk sidan sist.

Tjøstheim mot Tjøstheim

I TO av hovudrollene finn vi Bjarte Tjøstheim, kjent frå Radioresepsjonen og serien om Julekongen. I filmen har han fått ei rolle til, utover å spele faren Anton. Han er også rivalen Roy, den tøffe politimannen som har eit godt auge til Antons kone.

Bjarte Tjøstheim

Bjarte Tjøstheim er aktuell i to roller i 'Julekongen - full rustning'.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

Dermed er det duka for trekantdrama med Tjøstheim i to av tre roller.

– Det var litt av ein jobb. Spesielt dei dagane då vi spelte inn scener der dei to møttest. Først spelte eg Anton mot stand-in. Deretter same scene med Roy, fortel Bjarte Tjøstheim.

– Gå så maskulint eg berre klarte

Karakterane er rake motsetnader: Roy er tøff, medan Anton er stille og forsiktig. Av dei to meiner Tjøstheim at han sjølv minner mest om Anton, berre at han tar litt meir plass. Han brukte ulike metodar for å nærme seg karakterane.

– Med Roy var det berre å knipe saman rumpeballane, skyte fram brystet og gå så maskulint eg berre klarte, samtidig som eg snakka med ei djupare stemme. Eg er ikkje ein spesielt tøff type i utgangspunktet, så eg måtte hente ut alt eg har av mann i meg for å få det til, seier han.

LES OGSÅ: Pangstart for «Julekongen»

Han blei kjent att av mange barn etter suksessen med «Julekongen», men seier dette om tilbakemeldinga frå kollegaene i Radioresepsjonen:

– Eg blei mobba av Steinar og Tore for at eg laga barne- og familieunderhalding, men no har dei byrja med det same sjølv. Eg staka ut kursen. Etter suksessen med TV-serien har det blitt stumt. No nyt eg den djupaste respekt.

Fekk ni millionar kroner i støtte

I filmen spelar Tjøstheim saman med mange av dei same skodespelarane som var med i 2012.

– Vi blei veldig tett knytt saman etter 24 episodar. Og vi sakna «familien» etter innspelinga, så å få spele inn saman igjen var ein fest, rett og slett, seier han.

Manus er av Harald Rosenløw Eeg, som også har skrive manus til suksessfilmen «Bølgen», og Lars Gudmestad. Serien blei kåra til 2000-talets 8. beste norske TV-serie.

Filmen har mottatt ni millionar kroner i produksjonsstøtte frå Norsk Filminstitutt.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.