Hopp til innhold

Renate Haugs

Når noko er heile livet ditt er det med andre ord noko du verkeleg bryr deg om. Det å synge er heile livet til Renate Haugs påstår ho i alle fall sjølv.

Renate Haugs:
Foto: Hege Bakken Riise / NRK

Sidan det var Håkon Hauer som gjekk vidare frå Nettsjansen til Kjempesjansen er Renate no ute av Nettsjansen. Men om du framleis vil støtte Renate kan du stemme på ho fram til sendinga på laurdag er over klokka 21.15. 

I dag jobbar Renate med psykiskutviklingshemma, men det er ikkje den jobben ho draumar om å ha resten av livet, ho vil bli countryartist. Den aller største draumen er å synge duett med Tanya Tucker og Kenny Rogers. Og Renate har faktisk vore på Live- konsert med Tanya Tucker. Det er noko av det mest spennande ho nokon gong har opplevd.

Noko anna som kanskje vil bli spennande for 24 åringen er om ho kjem vidare frå Nettsjansen til Kjempesjansen, då får vi høyre ho med songen "Take me to the river" av Stig Lindell, som du og kan høyre på  musikkvideoen  hennes.

Renate Haugs:
Foto: Hege Bakken Riise / NRK

Kaffi og røyk

Dei fleste fotballspelarar, politikarar og ikkje minst artistar har faste rutine med ting dei berre MÅ gjere før dei går på scena, og her kjem ikkje Renate utanom. Ho har sine faste ting som ho må gjere kvar gong ho går på scena. Det aller første er å organisere permen sin, drikke ein kopp kaffi og ta seg ein røyk. Dette er fast, i alle fall det med å sjekke permen.

Kva vil du bruke pengane du vinn til?

Reise på ferie til syden. Har ikkje hatt ferie i heile sommar, kunne difor trenge ein no.

På gøy med Renate:

Kva er det mest nerdete med deg?

- At eg har ein merkeleg uvane med å stirre folk på halsen når eg pratar med dei.

Er det noko du ikkje klarer?

- Eg ser ut som ei ku på dansegolvet

Har du eit motto?

- Vi lever berre ein gong, gjer som du vil, du fortener det!

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.