30. januar i fjor fekk Thale Persen og regissørektemannen Arild Fröhlich støtte frå Norsk filminstitutt til kvar sin barnefilm. Persen fekk 9 millionar i støtte til «Julekongen - Full rustning». Medan Arild Fröhlich fekk 16,3 millionar i støtte til «Doktor Proktors tidsbadekar».
På landsbygda ved byen Jičín i Tsjekkia er Thale Persen nå på plass med resten av filmstaben og skodespelarane. Dei har akkurat starta filminnspelinga av «Julekongen - Full rustning». Dei fleste skodespelarane er dei same som i «Julekongen», julekalenderen som gjekk på NRK Super i 2012.
I julekalenderen blei vi kjent med Kevin som bur i Sølvskogen saman med sin familie. Ein dag oppdagar han ei hemmeleg hole som leiar inn til ei anna verd med riddarar. I filmen får vi vite kva som har skjedd med karakterane tre år etter. Persen syns det er stas å lage ein oppfølgar av den populære tv-serien.
– Julekalenderen hadde eit rikt univers. Så sjølv om eg heldt på med serien veldig lenge, så var det kjekt å gå inn i universet igjen. Eg var spent på korleis det hadde gått med alle karakterane tre år etter.
Ektemannen Arild Fröhlich var i Budapest før jul og spelte inn «Doktor Proktors tidsbadekar».
Les også: «Doktor Proktor» får storslagen oppfølger
Ein fordel
– Det er ikkje noko konkurranse, smiler Persen. Ein må jo unne kvarandre det beste. At me jobbar med det same ser eg på som ein fordel. Då kan ein dra nytte av kvarandre og alltid få eit ærleg svar. Så få vi sjå korleis det går til hausten. Vi får kryssa fingrane for at folk har lyst å sjå begge filmane.
«Doktor Proktors tidsbadekar» har premiere 16. oktober og «Julekongen - Full rustning» har premiere 13. november.