Hopp til innhold

Positive politikarar – Folk bør sjølv få velje TV-kanalar

I dag er det telekomselskapa som bestemmer kva TV-kanalar du skal få sjå på, fordi det er dei som eig kablar eller fiber til huset du bur i. Det kan det bli endring på.

Tv-titting

I framtida kan det bli mogleg for folk å sjølv sette bestemme kva tv-kanalar dei skal ha i ei kanalpakke.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

På Stortinget er alle partia positive til å opne kabel- og fibernetta for konkurranse på levering av TV og internett.

– Det er ingen tvil om at det er denne vegen utviklinga skal gå, seier stortingsrepresentant Geir Pollestad frå Senterpartiet.

Hadde politikarane allereie gjort eit slikt vedtak kunne kabelkundane til Canal Digital lett ha kjøpt kanalane til Discovery-eigde TVNorge frå ein annan leverandør, når dei to partane er i konflikt.

Canal Digital

SVARTE SKJERMAR: Medan konflikten mellom Canal Digital og Discovery står på, er TV-skjermane svarte.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Hjelp frå Stortinget

I 2008 fremma Høgre eit forslag for Stortinget om nettopp opne tv-nett. Det var stemt ned av dei raudgrøne partia. No er innstillinga ei anna.

Geir Pollestad

OPENT FOR ALLE: Senterpartiets Geir Pollestad meiner det må gå i retning av opne nett.

Foto: Varfjell, Fredrik / NTB scanpix

– Vi gjorde andre vurderingar for nokre år sidan fordi marknadssituasjonen var ein annan. I framtida bør nettet vere opent for alle, og det bør vere like moglegheiter til å konkurrere om innhaldet, seier Geir Pollestad.

Blir det endring betyr det at du sjølv kan velje kven som skal levere tv-innhald eller internett, uavhengig av kven som eig kabelen som går inn til huset ditt.

Ventar på stortingsmelding

Venstre har programfesta opne nett. KrF var samd med Høgre i 2008.

– Vi har ikkje endra standpunkt sidan då, seier kulturpolitisk talsmann Geir Bekkevold.

Fleire parti har ikkje tatt endeleg stilling til om styresmaktene skal tvinge fram konkurranse. Både SV og Miljøpartiet De Grønne ønskjer opne nett og meir valfridom, men vil vente med å bestemme seg til Regjeringa legg fram stortingsmeldinga «Digital agenda», som skal vere klar før sommaren.

– Forbrukarar bør kunne velje sjølv

Aps Arild Stokkan-Grande er usikker på om aldersregler mot tvangsekteskap virker.

HINTAR: Forbrukarane må sjølv kunne sette saman si eiga TV-pakke, seier Aps Arild Grande.

Foto: Bjørn Sigurdsøn, Sigurdsøn, Bjørn

Heller ikkje Arbeidarpartiet har bestemt seg, men mediepolitisk talsmann Arild Grande meiner det er viktig at forbrukarane sjølv skal kunne velje kva TV-kanalar dei vil ha.

– Eg trur mykje kan bli løyst om fleire får moglegheit til å sette saman sine TV-pakker.

Han meiner òg at kundar bør kunne bryte avtalar med leverandøren dersom dei ikkje får innhaldet dei har betalt for.

Høgre og Frp i tenkeboksen

Etter at Høgre og Framstegspartiet gjekk inn for opne nett i 2008, har regjeringspartia gått tilbake i tenkeboksen, medan dei jobbar med stortingsmeldinga om korleis den digitale infrastrukturen skal sjå ut her i landet.

Politisk rådgiver Reynir Jóhannesson

I TENKEBOKSEN: Statssekretær Reynir Jóhannesson (Frp) i Samferdsledepartementet vil ikkje konkludere, men trur det går i retning av at netta blir opne.

Foto: Olav Heggø / Fotovisjon

Likevel seier statssekretær Reynir Jóhannesson i Samferdsledepartementet at dei jobbar mot at netta blir opna.

– For det vil ikkje skje at det blir lagt parallelle fibernett til kvar husstand over heile landet.

Men Jóhannesson seier Regjeringa òg må ta omsyn til at det faktisk blir lagt fibernett overalt.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober