Hopp til innhold

McCartney 70 år i dag

Han har vore premissleverandør for popmusikken i nesten 50 år. Fans over heile verda hyllar Sir Paul McCartney på den store dagen.

Han har prega popmusikken dei siste fem tiåra, som komponist, musikar og songar. I dag feirar Sir Paul McCartney 70-årsdagen sin, og med han feirar fans og musikarar over heile verda.

– Vi finn ikkje ein person som har hatt større påverknad på dagens popmusikk enn Paul McCartney. Då tenkjer eg ikkje på livsstilen, men musikken og den musikalske utviklinga han står for, seier Bård Ose, NRK-journalist i P.I.L.S. og forfattar av boka «Beatles hele livet».

Blir ståande

Paul McCartney står bak over 50 topp ti-låtar, med og utan The Beatles, og det er meir enn nokon annan popkomponist. Sidan han vart med i The Beatles i 1957, har han gleda fans med stadig nye hits, både i The Beatles, Wings og som soloartist. I ein alder av 70 år er han framleis aktiv.

SJÅ DOKUMENTARAR I NETT-TV:

Beatlesspesialist Ose trekkjer fram «Yesterday» som eit høgdepunkt, fordi låten vart eit vendepunkt både for McCartney og populærmusikken.

– Då «Yesterday» kom ut i 1965 var det ein populærkomposisjon frå eit rockeband som foreldregenerasjonen måtte innrømme var god. Den var eit bevis på at denne musikken kunne ha kvalitet som varte, og slik starta ein ny tidsalder i populærmusikken, meiner Ose.

– Så kan ein seie, med rette, at utan John Lennon hadde ikkje McCartney klart å kome dit han er i dag. Men McCartney har halde på i 50 år, utan å gå ned i kvalitet, og er den som blir ståande, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ed Sullivan og The Beatles øver før The Beatles første opptreden i USA.

Ed Sullivan og The Beatles øvar før The Beatles sin første opptreden i USA.

Foto: AP

Aktiv 70-åring

Linda Engebråten er president i Norwegian Wood - Den norske Beatlesklubben, som har cirka 700 medlemer. Ho feirar dagen med musikk, vegetarmat (Paul McCartney er vegetarianar og dyrevernsaktivist) og andre Beatles-frelste.

– Eg vil trekkje fram komponisten Paul McCartney, som leikar med alt frå tradisjonell britisk vaudeville-musikk, til avantgardistisk og eksperimentell musikk. I tillegg har du multiinstrumentalisten, som kan spele på alt han tar i, sjølv om han framleis ikkje les notar, seier ho entusiastisk.

LES OGSÅ: Slik har du ikkje sett McCartney før

Ho er glad i både Beatles-, Wings- og soloperioden.

– Han har bidratt gjennom alle tiåra, og vart mellom anna nominert til Grammy for beste alternative album i ein alder av 59!

Engebråten framhevar også den store songaren, som stadig vinn prisar for beste pop- og rockevokal.

Feirar med coverlåt

Paul McCartney
Foto: MICHEL EULER / AP

– Aktiv i ein alder av 70 år. Held han framleis same nivået?

– I den kulturelle konteksten vil musikken hans aldri ha same meining som den hadde på 1960- og -70-talet. Men han gir framleis ut musikk med den høgste kvalitet, meiner Linda Engebråten.

Dei britiske avisene er fulle av stoff om den store popkomponisten i dag. The Guardian har publisert eit stort nyheitsarkiv med store augneblink frå hans liv.

Fans over heile verda hyllar Sir Paul, og artisten Paul Weller har spelt inn ein cover av The Beatles «Birthday» frå 1968, til ære for han. Låten er eksklusivt i sal ut dagen, og alle inntektene går til War Child Organization.

HØYR: Paul Weller - «Birthday»

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.