Hopp til innhold

Humor i Norges farlegaste gate

Hasse Hope og Erik Solbakken vart kjent med kvarandre på nachspiel. No skal dei lage humorprogram på Karl Johan.

Erik Solbakken Hasse Hope

Erik Solbakken og Hasse Hope har nytt humorprosjekt på gang.

Foto: Agnese Bremere / NRK

Hasse Hope og Erik Solbakken blir det nye radarparet på NRK3, med base på sjølvaste Karl Johan, Oslo sin hovudgate.

– Det kjem til å vere oss, campingstolar og eit bord på Karl Johan. Det blir sketsjar, «stunts» og gjester, men det blir meir action enn prating, seier Erik.

– Vanlege folk er minst like interessante som kjendisar, og det finst mange raringar på Karl Johan, legg Hasse til.

Programmet skal høveleg nok heite «Karl Johan» og kjem på skjermen til hausten.

Det finst mange raringar på Karl Johan...

Hasse Hope

Joggarar og turistar

Opptak til programmet er allereie i gang, men konseptet er i utvikling, fortel dei.

– Me skal gjere opptak til alle tider på døgnet, så me får på ein måte sjå eit tverrsnitt av befolkninga. Karl Johan har jo både joggarar, turistar og dei som ravar rundt på natta, seier Erik.

Altså kan kva som helst skje på Karl Johan i tida framover.

– Folk gir frå seg både klede og pengar om dei får høyre at ”dette blir bra på TV”, seier Erik.

– Andre bryr seg ikkje om oss i det heile. Eller dei avbryt oss i filminga, eller stel vassflaskene våre. Me må vere litt på «alerten» på Karl Johan, seier Hasse.

(Saka held fram under biletet)

Erik Solbakken Hasse Hope

Erik Solbakken og Hasse Hope surfar vidare.

Foto: Agnese Bremere / NRK

Frå gamle til nye prosjekt

Hasse Hope debuterte på NRK3 med programmet «tweet4tweet» tidlegare i vår.

Det fekk hard medfart av meldarar, og tilbakemeldingane på det sosiale nettsamfunnet Twitter, som programmet handla om, var heller lunkne.

– Det var ein prøvelse i byrjinga, men det blei betre etter kvart. Og eg lærte mykje av det, seier Hasse Hope.

Erik Solbakken har den siste tida vore programleiar for musikkprogrammet «Popstokk» på laurdagskveldane.

Han innrømmer at han har sakna å ha med nokon på programleiarlaget.

Nachspiel

Samarbeidet mellom dei spring ut frå ein tur på byen.

– Erik hadde vore gjest i «tweet4tweet», men me kjente ikkje kvarandre så godt. Så hamna me på same nachspiel etter ein tur på byen, og det vart byrjinga på samarbeidet, fortel Hasse.

– Eg synest Hasse er kjempemorsom, seier Erik.

– Og eg passar på å le av Erik også, spøkjer Hasse.

Det er i alle høve ingen ting å seie på stemninga og kjemien mellom desse to. Så får me sjå om dei klarar å få Karl Johan og resten av Norge til å le.

Seks episodar av programmet blir sendt på NRK3 tidleg på hausten 2012.

Erik Solbakken Hasse Hope

Nytt materiale blir skrevet og testa. Dette biletet er «ikkje» arrangert.

Foto: Agnese Bremere / NRK

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober