Hopp til innhold

– Tilbakemeldinga frå kompisar betyr mest

Jo Nesbøs nye bok er alt selt til 22 land, men tilbakemeldingane frå to kompisar betyr likevel alt. – Dersom dei let seg imponere, er eg tilfreds, seier han.

Under alter-egoet Tom Johansen gir Jo Nesbø ut to nye bøker. Se Dagsrevyens reportasje.

Med akustisk gitarkonsert i parkeringskjellaren under Youngstorget i Oslo lanserer Jo Nesbø ein ny bokserie denne veka.

Og vi kan sjå langt etter Harry Hole.

Førehandsselt til 22 land

Olav Johansen heiter den nye hovudpersonen til Nesbø. Han er leigemordaren som altfor lett blir forelska.

Handlinga i boka er blant anna lagt til eit fiskeri på Youngstorget, der ein av byens store narkobaronar driv omfattande heroin-verksemd.

«Blod på snø», som krimromanen heiter, er alt førehanddselt til 22 land.

– Det er alltid ein brå og rar overgang å gje ut ei bok. Eg har levd på 70-talet ei god stund nå, saman med leigemordaren Olav Johansen og «Fiskern». Og det er alltid ein brå overgang plutseleg å ta eit slikt univers ut til folk, seier Nesbø.

Måtte legge seg i selen for å skrive dårleg

Den nye serien er «liksom» skriven av den oppdikta forfattaren Tom Johansen, som hadde si stordomstid på 70-talet.

Omslaget til Jo Nesbø: Blod på snø

ETTERSPURD: Jo Nesbøs «Blod på snø» er førehanddselt til 22 land.

Foto: Aschehoug

«Blod på snø 2. Mere snø» kjem til hausten. Det er den «ordentleg dårlege oppfølgjaren» til «Blod på snø».

Jo Nesbø måtte dermed skrive ei så dårleg bok som ein avdanka krimforfatter på 70-talet ville gjort.

– Det er jo litt kjedeleg å vakne opp om morgonen å tenke at i dag skal eg skrive ei bok som ikkje er spesielt god, seier han.

– Nokre dagar fekk eg skikkeleg sving på sakene slik at det eg skreiv blei ordentleg dårleg. Andre dagar mista eg konsentrasjonen og skreiv altfor godt, fortset han.

Prøver å imponere to kamerater

Uavhengig av korleis bøkene i den nye krim-serien slår an blant publikum – det som betyr mest for Nesbø, er tilbakemeldingane frå to kompisar.

Korleis har dei teke i mot boka?

– Dei veit jo ikkje at det er dei eg skriv for. Viss dei les boka, så kan dei til dømes kome til meg og seie at den var «alright». Då er eg veldig fornøgd, seier Nesbø.

– Men dei er veldig strenge. Dersom boka ikkje er bra, får eg sannsynlegvis aldri høyre noko, legg han til.

LES OGSÅ:

Skandinavias største talkshow. Fredrik Skavlan møter norske, svenske og internasjonale gjester. Uhøytidelig stemning, samtalen i fokus - og den beste musikken.

FRA SKAVLAN: Se hvordan det gikk da stuntreporter Niklas kjørte Jo Nesbø. Fra 21. mars 2014.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.