Marilyn Monroe i desember 1961 - Marilyn Monroe i desember 1961. - Foto: Len Steckler / Scanpix/Reuters

Marilyn Monroe i desember 1961.

Foto: Len Steckler / Scanpix/Reuters

Hemmelege lydband med Marilyns inste tankar blir ny opera

Robin de Raaffs nye opera om Marilyn Monroe byggjer på lydbanda skodespelaren skal ha lese inn for psykiateren sin like før ho døydde.

Laura Aikin - Sopranen Laura Aikin, her som Zerbinetta i operaen «Ariadne auf Naxos».Operà Lyon/Chatelet

Sopranen Laura Aikin, her som Zerbinetta i operaen «Ariadne auf Naxos».

Foto: Operà Lyon/Chatelet
marilyn monroe - Marilyn Monroe. - Foto: Richard Avedon / Ap

Marilyn Monroe.

Foto: Richard Avedon / Ap
Kennedy og Marilyn - Monroe saman med brørne Kennedy. - Foto: JESSICA RINALDI / Reuters

Monroe saman med brørne Kennedy.

Foto: JESSICA RINALDI / Reuters
Anna Nicole Smith - Anna Nicole Smith er hovudpersonen i ein opera av Mark-Antony Turnage i 2011. - Foto: ROBERT GALBRAITH / Reuters

Anna Nicole Smith er hovudpersonen i ein opera av Mark-Antony Turnage i 2011.

Foto: ROBERT GALBRAITH / Reuters
Richard M. Nixon (1969) - Richard Nixon vert portrettert i John Adams' opera «Nixon in China».AP

Richard Nixon vert portrettert i John Adams' opera «Nixon in China».

Foto: AP

9. juni er det verdspremiere på operaen «Waiting for Miss Monroe» i Den nederlandske nasjonaloperaen i Amsterdam, med den amerikanske sopranen Laura Aikin i hovudrolla som Marilyn Monroe.

Musikken i den nye operaen er av den nederlandske komponisten Robin de Raaff (f. 1968), og librettoen er skriven av Janine Brogt.

Fascinert av fortrulege lydband

Robin de Raaffs interesse for Monroe byrja med at han vart tiltrekt av 1950-talets design, som han oppfatta som naivt optimistisk. Monroe såg han først og fremst på som eit ikon for tiåret og som verdas første superstjerne.

– Men det var ikkje før eg las Marilyn Monroes «hemmelege lydband» eg forstod at eg var på sporet av noko ekte og svært kraftfullt, seier de Raaff til musikkbloggen Slipped Disc.

Statsadvokaten John Miner offentleggjorde i 2005 transkripsjonar av lydband Monroe skal ha lese inn til psykiateren sin, Ralph S. Greenson, like før ho døydde. Lydbanda vart seinare truleg øydelagde av Greenson.

– Å sjå denne superstjerna i total einsemd, medan ho deler sine innarste tankar med noko så uromantisk som ein bandopptakar, fascinerte meg. Desse svært fortrulege stundene vart tråden som heile dramaet om hennar liv og død kretsa rundt, seier de Raaff.

Les: – Monroe begikk ikke selvmord

– Hadde glimrande timing som songar

Handlinga i «Waiting for Miss Monroe» er lagt til dei siste månadene i Monroes liv, og andre akt startar med hendingar knytt til den berømte framføringa av «Happy Birthday» til John F. Kennedy i mai 1962.

Både president Kennedy, broren Robert, Clark Gable og Monroes eksmann Joe DiMaggio dukkar opp på scenen. Raaff er begeistra for Monroe som songar:

– Det var heilt logisk for meg å la Marilyn Monroe vere ein syngjande karakter, ikkje berre fordi ho sjølv song i sine filmar, men fordi eg faktisk synest ho hadde glimrande timing som songar, og ei svært god og velklingande stemme i det lave registeret. Den er motsatsen til den stort sett lyse talestemma ho brukte, seier Robin de Raaff.

Les: Slik har du aldri sett Marilyn Monroe

Får kjendisane eit varig liv på operascenen?

Marilyn Monroe er ikkje den første kjendisen frå nyare tid som har fått nytt liv på operascenen; sist vinter vart det til dømes mykje oppstyr kring Mark-Anthony Turnages opera «Anna Nicole» om den kontroversielle kjendismodellen Anna Nicole Smith.

Hausten 2011 vart det kjent at komponisten Jonathan Dreyfus jobbar med ein opera om Julian Assanges liv for den australske nasjonaloperaen, og her heime fekk sjølvaste Noreg–Brasil nyleg operaformat i hendene til Are Kalvø og Helge Førde.

Marilyn Monroes liv har også vorte behandla både i ballett, musikal og i opera tidlegare, men med moderat suksess – Ezra Laderman og Norman Rostens opera «Marilyn» fekk til dømes hard medfart etter premieren i 1993.

Ein av få personar frå vår eiga tid som truleg er sikra varig liv på operascenen er Richard Nixon, som vert portrettert av komponist John Adams og librettist Alice Goodman i «Nixon in China» frå 1987.

«Nixon in China» får nemleg stadig nye oppsetjingar, og er generelt anerkjent som eit solid stykke musikkteater. Det vil vise seg om Robin de Raaff klarer å gjere noko tilsvarande for Marilyn Monroe.

Sjå i nett-tv: Bokprogrammet om Marilyn Monroe

Siste nytt: Kultur

  • Ny smakebit fra Foo Fighters

    Sjefen for Twitter Music, Bob Moczydlowsky, postet i går en videosnutt med et utdrag fra bandets nyeste album «Sonic Highways». Videoen ble retweetet av Foo Fighters offisielle Twitter-konto. Rockernes åttende album slippes 10. november i USA.

Kultur og underholdning på TV og radio

Kulturprogram - nyhetsprogram
Musikalsk fest i mange sjangre med Totto Mjelde og Tarjei Strøm som lokførere. 
Gjester, spalter, humor, konkurranser og den aller beste musikken
Hvem er det som bestemmer hvordan historiske hendelser skal huskes? Er det historikerne eller øyenvitnene? Et all-europeisk nettsted gir deg alt du måtte ønske under en paraply, både de store og de små historiene. / Hun var den uekte datteren av en kaptein og en slavekvinne, men vokste opp blant sosieteten i England på slutten av 1700-tallet. Nå kommer filmen om Dido Elizabeth Belle som bidro til at slaveriet ble opphevet i Storbritannia. / Hva får du hvis du setter en tribune ut mot havet? En strøm av assosiasjoner. / Selfiestafetten fortsetter, vi ringer dagens forfatter / Hvordan få barn og unge til å lese bøker innimellom dataspillene og mobilbruken? / Vi byr på avhengighetsdannende mobil-spill, rock fra 70-tallet og en svensk tegneserieskaper med eget radioprogram i dagens Anbefalingspanelet / Vi blir bedre kjent med datidens Oprah Winfrey i vår serie om glemte historiske kvinner.