Hopp til innhold

Nerdrum dømt til to års fengsel

Odd Nerdrum er dømt til to års fengsel for grovt skattesvik. Dommen blir anka, melder forsvarar.

Odd Nerdrums selvportrett

Slik framstilte Odd Nerdrum seg sjølv då han møtte i retten. Han held fram med sin mediaboikott.

Foto: Aas, Erlend / Scanpix

Aktor fekk fullt medhald i saka mot Odd Nerdrum. Dommen er einstemmig og forholdet blir karakterisert som grovt skattesvik.

Forsvarar Tor Erling Staff vil anke dommen, ifølgje NTB.

Den verdsberømte kitsch-målaren var tiltalt etter Likningslova paragraf 12. Påtalemakta hevda at Nerdrum selde måleri for over 14 millionar kroner som han ikkje skatta for i perioden 1998 til 2002. Retten meinte han hadde lurt unna 10,4 millionar kroner.

Strafferamma for slike lovbrot er opptil seks års fengsel.

Aktor Asbjørg Lykkjen la ned påstand om to år ubetinga fengsel og fekk fullt medhald. Kunstnaren må også betale sakskostnadane på 10.000 kroner.

– Påtalemakta si oppfatning av dommen er at den er nøye vurdert, bra grunngjeve og ein riktig dom. Beløpet som er forsøkt skjult og måten det er gjort på gjer dette til ei alvorleg straffesak med mulige store økonomiske gevinstar, seier Lykkjen til NRK.

Er i utlandet

Ein eventuell straffeskatt blir fastsett av Skatteetaten, men det vil først skje ved ein rettskraftig dom, etter anken.

LES: Aktor: To års fengsel for Nerdrum

Etter det NRK erfarer er Nerdrum for tida i Louvre med assistentar og elevar, der han fekk beskjed om rettsavgjerda. Ankefristen er 14 dagar etter at han har mottatt dommen i posten og kvittert for den.

Hovudpersonen vil ikkje uttale seg til media og held fram med sin mediaboikott, som han starta i 2002.

Forsvararen har ikkje snakka med klienten sin enno onsdag ettermiddag.

– Eg har sjeldan lest ein så bastant dom som levnar så lite rom for tvil. Når i tillegg vesentlege poeng er utelatt, så er vi ikkje strålende fornøgd, seier Staff til NTB.

Festa ikkje lit til forklaring

Straffesaka gjekk føre seg i Oslo tingrett tidlegare i månaden og dommarane har brukt to veker på å ta avgjerda.

Nerdrum og hans forsvarar, Tor Erling Staff, hevda at pengane skulle brukast til erstatningskrav for måleri som er blitt øydelagt.

Retten har ikkje festa lit til denne forklaringa, står det i dommen. Ved bevisvurdering har dei lagt vekt på at Nerdrum har hatt ulike forklaringar gjennom åra når det gjeld sjekkane frå Galleriet.

«Retten finn det bevist utover einkvar rimeleg tvil at den einaste hensikta med å plassere kontantar i ein bankboks i Austerrike var å unndrage desse inntektene frå skatting i Noreg», står det i dommen.

– Kunstnarmyten avgikk ved døden

Agnes Moxnes, programleder P2

Kulturkommentator i NRK, Agnes Moxnes, har følgt rettsaka mot Odd Nerdrum.

Foto: Ekroll, Anne Liv / NRK

– Det er den største norske kunstnaren som er tatt i skattesvindel. Kunstnarmyten avgikk ved døden i dag. Forsvaret spelte på at det er ei eiga diagnose å vere kunstnar, men Nerdrum vart likevel felt, meiner NRKs kulturkommentator Agnes Moxnes.

LES KOMMENTAR: Odd Nerdrum og kunstnermyten

Ho meiner dommen er sterk og at den tydeleg seier at Nerdrum bevisst har lurt unna pengar.

– Retten meiner at Nerdrum har lagt ned betydeleg arbeid i å lure unna pengar i bankboksen. Normalt ville det nesten vore umogleg å finne den, seier ho.

– No vil verda dele seg i to: Dei som meiner at dette er ei framleis demonisering av Nerdrum og dei som står på den andre sida. I retten var det tydeleg at Nerdrum hadde valt å leggje vekt på at dette var ei demonisering av han, og at tvilen kom staten til gode, som han sa.

Kalla tiltalen «tøys»

I forsvaret la Staff vekt på at kunstnaren har Tourettes syndrom. Dette har retten tatt stilling til i spørsmålet om subjektiv skuld og den legg ei viss vekt på at Nerdrum har ein sjukdom som kan gjere det vanskelegare for han å sone enn for andre.

Men retten finn det bevist at han også har eit bevisst forhold til dei inntektene hans kunst generer.

Nerdrum kalla tiltalen «tøys» då han møtte i retten 2. august. Han avbraut retten fleire gongar.

– Det pågår ei demonisering av meg. Det er farleg og skummelt. Eg har alltid tenkt at den norske stat ville ta livet av meg. Eg trur det er ein måte å dytte meg inn i sjølvmordet, sa kunstnaren.

LES: – Jeg har alltid tenkt at den norske stat ville ta livet av meg

Video Tor Erling Staff og Asbjørg Lykkjen om straffesaken mot Odd Nerdrum

Aktor Asbjørg Lykkjen og forsvarar Tor Erling Staff.

Foto: Nyhetsspiller
Per Trygve Lundgren viser fram "Skyen"

Per Trygve Lundgren, ein av støttespelarane til Nerdrum, viser fram det kjende måleriet 'Skyen' i retten, for å bevise at det er øydelagt.

Foto: Agnes Moxnes / NRK

Kulturstrøm

  • Gåte er fornøyd, men spente

    Til NRK sier Gåte at de er fornøyde med plasseringen de har fått i sin semifinale, men at de samtidig er spente på stemningen i salen etter Israels opptreden.

    Tidligere tirsdag ble det kjent at Norge opptrer rett etter Israel i den andre semifinalen i Malmö 9. mai. EBU har fått kritikk fra flere hold for å la Israel delta.

    Jim Ødegård Pedersen, leder folkejuryen Adresse Malmö, tror det kommer til å gå bra. Men sier at Israels bidrag ikke er det enkleste å opptre etter i år. Også han er spent.

  • Madonna avslutter turné med stor gratiskonsert

    Madonna skal holde en enorm gratiskonsert på Copacabana i Rio de Janeiro 4. mai som avslutning på Celebration-turneen som startet i oktober.

    På Madonnas nettside omtales konserten som hennes «største show hittil». Den er en «takk til fansen for å ha feiret musikken hennes i mer enn fire tiår».

    Madonna
    Foto: Evan Agostini / AP