Hopp til innhold

Musikkvideo med Lars Bremnes tek av på nettet

Musikkvideoen til visa «Elias song» av Lars Bremnes er vist over 160.000 gonger sidan han blei lagt ut på nett fredag kveld. Bremnes har aldri opplevd liknande respons.

«Elias song» er den nyaste visa til Lars Bremnes. Sangen handlar om Elias som får livet endra fordi han blir flyktning, og drøymer om å få eit normalt liv igjen. Bremnes har framført visa på fleire konsertar den siste tida, og har merka at songen har gjort inntrykk:

– Det er spesielt å oppleve at når folk kjem bort til meg etter ein konsert for å prate, så er det den nye, ukjente visa dei vil snakke om, seier han til nrk.no.

Rask videoinnspeling

Asylsøkere kommer på sykkel fra Russland til Norge ved Storskog i Finnmark

Flyktningane som tok seg over den norsk-russiske grensa i Finnmark var ein utløysande faktor då «Elias song» blei skriven.

Foto: JONATHAN NACKSTRAND / Afp

Responsen han har fått, gjorde at han spelte inn ein video i all hast med bandet han hadde då han var i Bodø. Fotograf Martin Losvik filma og redigerte videoen som blei lagt ut på nettet fredag kveld.

Søndag formiddag er videoen sett over 160.000 gangar, og hatt over 2000 delingar på sosiale medium:

– Eg er i sjokk over responsen vi har fått, eg har aldri sett på maken. Det er første gang eg har sleppt video på sosiale medium. Dette er overveldande for meg, seier Bremnes.

Han ønska å skrive ein song om flyktningkrisa i Europa. Men det tok litt tid før han klarte å knekke koden:

– Eg måtte jobbe ein del for å finne ein vinkel. Men då eg fann Elias, løyste ting seg. Ein mann som heiter Elias kan vere både norsk, syrisk eller jøde. Det er eit namn som fungerer på tvers av nasjonalitetar, kulturar og religion.

– Lett å forstå situasjonen

Lars Bremnes

Lars Bremnes trur mange kjenner seg igjen i den nye songen hans.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

Bremnes trur responsen han har fått på den nye songen, viser at det bur ein flyktning i oss alle. Vi kan enkelt forstå kor vanskeleg det er å få livet brått snudd på hovudet.

No håper Bremnes at nokon kan omsetje «Elias song» til andre språk, slik at også dei som ikkje forstår nordnorsk kan forstå kva songen handlar om. Han har allereie fått to forslag til engelsk tekst, og eit tilbod om å få songen omsett til arabisk. Men han vil bruke litt tid for å kvalitetssikre tekstane før han gir klarsignal.

Fleire av visene til Lars Bremnes har også blitt spelt inn av andre artistar. Men om nokon speler inn «Elias song», vil det vere ekstra stas, seier Bremnes:

– Det største som kunne skje med denne songen er om nokon ville synge han på eit anna språk. Eg kjem nok aldri til å spele inn ein arabisk versjon, men om nokon andre vil gjere det, så hadde det vore stort.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.