Hopp til innhold

Måtte spele fotball med The Clash

Sigbjørn Nedland (66) har vore musikkjournalist i NRK i over 40 år og møtt mange legendariske artistar. I dag får han Kongens fortenestemedalje – her kan du lese om nokre av dei møta han hugsar aller best.

Clash og Sibjørn Nedland

Sigbjørn Nedland hadde sitt første oppdrag for NRK i desember 1969 og har sidan presentert eit utal artistar, som The Clash, for radiolyttarane.

Foto: NRK/Scanpix

The Clash var eit av dei heilt store banda på slutten av 1970- og byrjinga av 1980-talet, og Nedland jakta lenge på å få til eit intervju med dei. Under eit opphald i London fekk han telefon frå deira manager Kosmo Vinyl, med invitasjon til øving i Sør-London neste dag.

– Eg kom til eit falleferdig industrilokale, og vart plassert i ein sofa med tre bein og sat der og vippa medan dei øvde, fortel Sigbjørn Nedland.

– Vart berre kalla «Norway» under heile kampen

– Etter øvinga kom dei bort alle tre og stilte seg breibeint framfor meg. «Så du vil ha eit intervju?» «Ja,» svarte eg. «Det er ok,» sa dei, «på eitt vilkår.» «Kva er det?» spurte eg. «Det fortel vi ikkje, du må akseptere det først.» Eg var så ivrig etter å få intervjuet at eg sa det var greit utan å rekke å tenke meg om. «Ok. Vi spelar fotball først.»

Så bar det til ei asfaltert tennisbane i nærleiken, der laga vart valde ut som i skulegarden.

– Eg kom på lag på med Joe Strummer, og vart berre kalla «Norway» under heile kampen. Kampen varte i om lag ein halvtime, og endte uavgjort. Etterpå vart det intervju, og dei var veldig hyggelege og overstrøymande. Vi snakka om deira nye album «Sandinista!», om den tredje verda, motstand mot fascisme og deira engasjement for fridomsrørsler verda over. Og dei var opptekne av ein norsk film dei hadde sett, «Hustruer».

NRK har dessverre ikkje opptak av Clash-intervjuet i arkivet. Har du opptak av dette eller andre omtalte innslag, så ta kontakt, vi er svært interesserte!

Tryna på sykkel dagen før det store intervjuet

The Beatles vart oppløyst før Sigbjørn Nedland kom skikkeleg i gang som journalist, men Paul McCartney stod likevel høgt på ønskelista over intervjuobjekt. På 1970-talet var han frontfigur i sitt eige band Wings, som han starta i lag med kona Linda.

– Eg hadde ein intervjuavtale med McCartney på eit tidspunkt, eg skulle møte han i Stockholm og få «det store intervjuet». Så var eg så uheldig å tryne på sykkel dagen før og brakk arma på fleire stader. Eg låg på sjukehus då eg skulle ha møtt han.

Under eit opphold i London opna det seg ei moglegheit: han vart invitert til konsert med Wings på konsertlokalet Hammersmith Odeon. Etterpå vart ein journalist frå kvart land invitert med på nachspiel, med høve til å helse på McCartney.

– Det heile var nokså latterleg, vi vart stilt opp i kø for å få ta han i handa. Eg tenkte medan eg stod i køa at eg måtte finne på noko å seie, meir enn berre «bra konsert». Wings var jo eit bra band og hadde spelt ein flott konsert, så eg spurte: «Er dette det beste bandet du har spelt i?» Han såg på meg eit øyeblikk, så sa han: «Well, man ... det kan vi kanskje snakke om ein annan gong. Det passar ikkje så bra i kveld.»

– Han visste ting om meg han ikkje kunne vite

– Bob Marley, ja ... han er jo ein av mine store heltar, og har vore det sidan byrjinga av 1970-talet.

Sigbjørn Nedland legg ikkje skjul på at møtet med Marley var noko heilt utanom det vanlege. Han jakta på eit intervju med superstjerna i seks-sju år før han lukkast i 1977, fire år før Marley døydde. Nedland fekk møte han heime, i ei leilegheit i London med yrande liv.

Bob Marley

Bob Marley i 1976, året før intervjuet med Sigbjørn Nedland.

Foto: HO / AFP

– Det var nokså tåkete, og massevis av folk. Vi gjekk inn på eit soverom, og der fekk eg eit langt intervju medan vi sat på senga. Der sa han mange ting som sette meg litt ut, ting han visste om meg som han ikkje kunne vite. Det meste har eg bestemt meg for å halde for meg sjølv, men då vi kom inn på narkotika, sa han til dømes: «Nja, du likar ikkje det der, for eg ser mora di ga deg ei god, kristen oppdraging.» Det stemte på ein prikk. «Og som meg, hadde du eigentleg aldri nokon far.» Korleis kunne han vite at far min døydde då eg var ti? Han sa mange slike ting, ikkje for å imponere, det berre ramla ut av han og så gjekk han vidare.

Det svært særeigne intervjuet med Marley er dessverre ikkje å finne i NRK sine arkiv:

– Intervjuet er borte. Vi gjorde intervjua på spoleband den gongen, og overførte dei til ein stor rull. Så brukte eg noko av intervjuet i programmet Pop Spesial, og sette opptaket i hylla på kontoret mitt. På den tida var det eit veldig press på å få inn banda så ein kunne bruke dei på nytt. Det var ei dame som gjekk rundt med trillevogn i gangane og plukka inn band. Då eg kom tilbake på kontoret ein dag, var det borte, det vart vel spelt over med ein politisk kommentar. Min kollega Arne Berg i Jungeltelegrafen har etterlyst opptak av intervjuet på radio, til inga nytte.

Fylte tanken for A-ha for eiga rekning

Tidleg på 1980-talet fekk Sigbjørn Nedland tips om ei norsk gruppe som jobba hardt for å slå gjennom i England. Under ein reportasjetur tok han kontakt og fann dei tre som kalla seg A-ha i ein gammal kåk dei leigde i nærleiken av Themsen.

– Dei tok fram ein ghettoblaster og spelte for meg eit opptak på kassett av at den første versjonen av «Take on me» vart spelt på BBC. Det var dei tydeleg stolte over.

Nedland tilbrakte ein del tid med det unge bandet, og det var tydeleg at inntektene ikkje hadde begynt å strøyme inn enno:

– Dei fortalde at dei jobba i eit studio med nytt materiale, vi kunne dra dit og høyre på noko av det. Dei hadde ein gebrekkeleg gammal bil vi kunne køyre med, men det var eitt problem: Dei hadde verken bensin eller bensinpengar. Det var akkurat nok på tanken til at vi kom oss til næraste bensinstasjon. Der fylte eg tanken for dei, for eiga rekning. Så køyrde vi til studio og høyrde mellom anna på ein ny låt dei heldt på med, med tittelen «Hunting High And Low».

– Ei livredd jente ringte frå resepsjonen

Sigbjørn Nedland fekk sansen for bassisten og vokalisten Ian «Lemmy» Kilmister allereie då han vitja Noreg med bandet Hawkwind tidleg på 1970-talet. Seinare slo han gjennom som frontfigur i bandet Motörhead, og rundt 1980 fekk Nedland oppfylt sitt ønske om eit intervju med bandet.

– Dei ga ut musikken sin på eit lite plateselskap, og det var ei av dei tilsette der som ringte meg: «Gutta seier det er ok, vi kan ta det på laurdag.» Ho var stor, mykje større enn vesle puslete meg, alltid heavy sminka og såg veldig «hardrock» ut, samstundes som ho var svært koseleg, og vi hadde god kontakt. «Skal eg kome til kontoret?» spurte eg. «Neida, vi kan stikke innom hotellet ditt.»

Nedland budde i eit enkelt, lite turisthotell ved Hyde Park. Då laurdagen kom og han sat og jobba på hotellromet, fekk han ein telefon frå resepsjonen.

– Ei ung, tydeleg livredd jente som ringte: «M-m-mr. Nedland, det er noen folk her nede, dei seier at dei er venene dine!» Så då eg kom ned i resepsjonen, stod dei tilsette skrekkslagne inntil veggen og såg på Lemmy, «Philty Animal» Taylor og så vidare, dei såg nokså tøffe ut, og det gjorde dama i plateselskapet óg. Ho ga meg ein hjarteleg klem, og medan eg helste på bandet, ville ho hente drikke i baren, men då var det stopp: dei vart nekta servering.

Dermed måtte heile gjengen flytte seg, og turen gjekk vidare til øvingshotellet der bandet bodde. Der fekk journalisten innblikk i korleis bandet øvde:

– I det svære øvingslokalet hadde dei kun ein bitteliten forsterkar der dei plugga inn både gitaren og bassen, og ein kjøkkenkrakk og eit par trommestikker. Ja, og så ei stor plastflaske med noko gult i, som dei sendte rundt. Så sette dei i gang. Slik øvde dei alltid, dei meinte det måtte låte bra sånn før det kunne låte bra med svært anlegg på ei stor scene.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.