Hopp til innhold

Maja Lunde til topps i Tyskland

«Bienes historie» av Maja Lunde toppar den tyske bestseljarlista. Ho er med det ein av få norske forfattarar som har gått til topps i ein av dei største bokmarknadane i verda.

Maja Lunde

Maja Lunde toppar bestseljarlista i Tyskland denne veka med debutromanen «Bienes historie». Den tyske forleggaren hennar kallar det ein sensasjon at ein ukjent utanlandsk debutant går til topps.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Dei to siste åra har vore gode for Maja Lunde. Debutboka «Bienes historie» blei seld til sju land før ho hadde kome ut. No er boka seld til tjue språk i tretti land.

No toppar ho den tyske bestseljarlista, som blei presentert på sjølvaste 17. mai. Ho går med det forbi danske Jussi Adler-Olsen, som har trona på toppen dei siste vekene.

– Det er utruleg gøy, samtidig som det kjennest uverkeleg, seier Lunde til NRK.

– Tyskland har eit svært litteraturinteressert publikum, og det å få vere ein debutant som går til topps er stort. Det er ein draum, og eg ventar berre at eg skal vakne.

Internasjonalt gjennombrot

Vanlegvis er det kriminalromanar og underhaldningslitteratur som toppar i Tyskland. Difor er dette er ei bragd, ifølge rettigheitssjef Even Råkil i Oslo Literary Agency.

– No toppar ho føre verdsstjerner som Jussi Adler-Olsen og Elena Ferrante. Den tyske forleggaren hennar seier det er sensasjonelt for ei debutbok frå ein ukjend utanlandsk forfattar, skriv han i ein sms.

Råkil kallar dette eit gjennombrot for Lunde, og meiner det lovar godt før boka blir lansert på engelsk til hausten.

Biedød

Bienes historie

«Bienes historie» av Maja Lunde kom ut på Aschehoug i 2015.

«Bienes historie» handlar om bier som dør på uforklarleg vis, og kva konsekvensar dette får for naturen.

– Eg synest det er bra at ei bok som handlar om noko alvorleg, kan slå så godt an. Og det er ekstra moro at det skjer i Tyskland, som er eit land som ligg langt framme når det gjeld økologi og grøne verdiar.

Samtidig er ho svært takksam for suksessen, som kjem etter hardt forlagsarbeid.

– Sjølv om boka kjem på mange språk i mange land, er det ingen garanti for at ho blir ein suksess. Difor er det ekstra gøy når det slår til, seier Lunde.

Merkar auka interesse

Den neste boka til Maja Lunde kjem til hausten, skriv VG. Då kjem også debutboka ut på engelsk. Det amerikanske storforlaget Simon & Schuster er i gang med å førebu lanseringa, men Lunde prøver å skru ned forventningane.

– No har denne forteljinga vart i to år. Alt som skjer no er bonus for meg.

Men ho merkar det er annleis å skrive bøker no, samanlikna med då ho arbeidde med debutromanen.

– Den gongen var eg i ei boble. Men no er det ikkje mogleg å tenke på alt som skjer. Samtidig er det viktig for meg at eg skriv den romanen eg har lyst til å skrive, og ikkje den eg trur omverda vil ha, seier Lunde.

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)