Frå Russland med høgt trykk

”Støvler fulle av varm vodka” er den norske tittelen på ei novellesamling av den russiske forfattaren Zakhar Prilepin. Og samlinga held det tittelen lovar.

Kva er det eigentleg ein slik tittel lovar? Eg meiner han lovar ganske mykje: her skal vi møte personar som hamnar opp i overraskande situasjonar som dei løyser med det dei har for handa, pluss fantasi og litt galskap. Ta til dømes dei unge gutane som vil invitere jenter på sjajslik og somi mangel på pengar til kjøt slaktar ein hund– viss det no var det som skjedde. Eller dei som kjøper eit bilvrak som står parkert mange mil unna med det føremålet at dei skal bli rike. Eller altså han som tingar varm vodka på bar for deretter å helle dei edle dropane ned i støvlane.


Damer, vodka, pengar


Dette er første bok eg har lese av Zakhar Prilepin. Til å ha ei fortid både som soldat i Tsjetsejenia og som medlem i det nasjonalbolsjevikiske partiet, er han forbløffande nær på det heilt -eller kanskje heller nokså- alminnelege livet som folk lever i bygd og by. Og for dei mannlege hovudpersonane handlar det mykje om damer, vodka og pengar.


Bruttern slapp ut av fengslet, kom hjem og tok til vettet.
-Mamma, sa han, jeg har tatt til vettet. Gi meg fem tusen rubler.
Moren korset seg og ga bruttern pengene mens hun så ham i øynene med et anstrengt håp.


Det går sjølvsagt ikkje bra med investeringane til bruttern, men det skjer mykje rart før det går i grøfta. Novellene til Prilepin er fulle av energi og handlekraft, men stemninga kan også gå i retning av det váre når unge menn prøver å få grep om verda, og når det handlar om krigssoner eller livet som politisk opposisjonell, er angsten ubehageleg realistisk skildra.


Nær fronten, fjernt frå krigsårsaka


Heile vegen er det den eller dei enkelte vi følgjer, og dei er opptekne av det nære. Her finst ingen refleksjonar verken over kva krigane i Tsjetsjenia var for, eller over kvifor nokon risikerer skinnet som opposisjonelle i dagens Russland.
”Støvler fulle av varm vodka” tek ein gjennomsnittleg norsk lesar inn i situasjonar ein aldri har opplevd og helst ikkje vil oppleve heller, og dette utspelar seg på stader som det ikkje står om i turistbrosjyrene. Slik utvidar Prilepin verda for oss som aldri har hatt anna enn regnvatn i støvlane.

Siste om bøker fra TV og radio

Til "Brenner & bøkene" denne uken kommer blant andre Robert Hilburn. Hans biografi om legendariske Johnny Cash kommer nå på norsk. Hilburn kjente Cash personlig og var den eneste journalisten som var tilstede under den legendariske Folsom Prison-konserten. Dessuten får du møte Samuel Massie, unggutten som droppet ut av skolen og ble polfarer i en alder av 17. Jakten på egen identitet blir et viktig tema. Et litterært talkshow hvor du møter høstens aktuelle forfattere. Programleder: Hans Olav Brenner
Kulturhuset bok ser nærmere på den norske bokhøsten så langt.
Erling Kittelsen om : Diktet løper som en by, i Diktafon
Tor Espen Aspaas - Tor Espen Aspaas var éin av tre nordmenn som blei plagiert av Joyce Hatto. - Foto: Tevje Akerø /

Blei misbrukt i tidenes plagiatsvindel

Pianisten Joyce Hatto gav ut 120 cd-plater under eige namn, men med innhald stole frå andre. Plagiatskandalen er utgangspunktet for ein av dei mest omtala norske romanane på bokmessa i Frankfurt i haust. Tor Espen Aspaas var ein av pianistane som blei utsett for musikalsk tjuveri av spektakulært omfang.

Les saken