Hopp til innhold

Sterkt om å bli svak

”Så høyt var du elsket” er historia om ein aldrande far, ein son og ikkje minst deira møte med helsevesenet.

Nikolaj Frobenius

Nikolaj Frobenius

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

Så høyt var du elsket

'Så høyt var du elsket'

Foto: Gyldendal forlag

Når ein 85 år gammal mann får hjerneslag allereie på første side, og når tittelen står i fortid: ”Så høyt var du elsket”, ja, då anar ein jo korleis det skal gå med den gamle mannen. Spenninga er derfor knytt til korleis det går mot døden, eller mot ”terminalfasen”, som helsevesenet kallar det.

Viktor er pensjonert lege og friluftsmann. Sonen Emil er fråskilt med to døtre og relativt ny kjærast. Kona til Viktor forsvann då Emil var liten. Dette er dermed eit kammerspel der Viktor og Emil heilt aleine må sloss mot det store vesenet som etterkvart viser seg å vere eit uvesen.

Forfall i fleire fasar

Kritikken mot helsevesenet er ein kapasitetskritikk meir enn ein systemkritikk. Helsetenester er ikkje tilgjengelege og Emil kjenner seg aleine og hjelpelaus med ein stadig svakare far. Dette høyrest ut som nok ein kritisk reportasje, av typen ”intet nytt fra helsefronten” og det er det også. Eller: Det er det også.
For meir inntrykk enn rapporten frå eldreomsorga gjer forteljinga om far Viktors forfall. Det går i fleire fasar. Frå den optimistiske rehabiliteringsfasen via ”fortelje sanninga ein gong for alle-fasen”, til ”bryte ned jernhelsa med tilgjengelege middel som tobakk og alkohol”. Og endå kjem det fleire fasar: Han er aggressiv, hjelpelaus, forvirra og klarsynt om kvarandre.

Ærleg, eller berre forvirra?

Dette portrettet er sterkt, tydeleg og gripande. Der helsevesenet ser nok ein skrøpeleg kar i køen, ser Emil og vi eit menneske som har levd eit langt liv og som treng hjelp til å avslutte på verdig vis,- sjølv om Emil stadig blir sett på prøvar. Er far forvirra eller ubehageleg ærleg her?

”Jeg vet ikke om jeg liker deg lenger”, sa Viktor og stirret ut i hagen. ”Min egen sønn. Eg gang i tiden likte jeg deg godt. Veldig godt. Men se på deg nå. Du ser ennå ganske bra ut. Men hva kan du egentlig? Hvilken nytte har vi hatt av deg?”


Emil, som får denne bøtta, er ein overraskande uspennande figur der han går rundt og er kronisk rådvill, og resten av det sosiale omlandet er fort gløymt. Samanlikna med andre romanar av Frobenius verkar denne mindre gjennomarbeidd i detaljen og mindre sofistikert. ”Så høyt var du elsket” er tydeleg inntil det insisterande når det gjeld eldreomsorga og minner såleis om tendensromanar frå slutten av 1800-talet då problem skulle setjast under debatt i litteraturen. Ettersom tematikken er kjend og romanen tradisjonell på punktet, glir også dette stoffet unna, kor sørgjeleg aktuelt det enn er. Det som står att, er bildet av Viktor. Det står til gjengjeld som ein påle.