Hopp til innhold

Livet sett frå ein tsunami

Sjølv om Mikael Niemi har skrive fleire bøker, er han framleis mannen bak oppvekstromanen «Populærmusikk fra Vittula». Det er prisen for suksess. Årets roman «Fallvann» kjem neppe til å gjere noko med det; sjarmfaktoren er naturleg nok høgare i historia om å vekse opp, enn i historia om unngå å døden.

Mikael Niemi

Mikael Niemi

Foto: Hilde Bruvik / NRK

Den høgst lesverdige katastroferomanen har likevel noko umiskjenneleg niemisk ved seg. Forfattaren har eit spesielt blikk for dei pussige, sære sidene ved folk. Ikkje nødvendigvis dei dårlege, eller dei ekstreme, men dei litt rare som ein kan finne hjå alle viss ein berre har blikk for det, sider som kan føre dei opp i underlege situasjonar med høg underhaldningsverdi. Så også her, sjølv om rammene er tragiske.

Vatn på ville vegar

Fallvann

Fallvann

Foto: Exil Design

I romanen «Fallvann» følgjer forfattaren eit kollektiv som i tillegg til å vere niemiske har ein ting felles: dei blir brått råka av det utenkjelege og det utenkjelege er dødeleg. Kva gjer folk då? Det utenkjelege er ein tsunami som blir skapt når ei demning brest ein regnfull haust ved Luleå i Nord-Sverige.

Tsunamiar ligg like langt utanfor forventningshorisonten til folk i Luleå som hjå folk andre stader i Skandinavia, vil eg tru. Så Niemis vesle gruppe av utvalte driv med sitt, og det verkar djupt menneskeleg men pinleg smått sett opp mot katastrofen: Éi er på veg for å skjelle ut eksmannen som har øydelagt peonane hennar, éi sit under ein paraply og målar akvarellar og tenkjer poetiske tankar om vatnet, ein arbeidar på dammen har akkurat nådd å bli rasande på to bydamer som undersøkjer demninga og som ikkje tek seg tid til å ta ein kopp kaffi med han. Og ikkje minst: Ein helikopterpilot gjer seg klar til å avslutte livet mot ein fjellvegg etter at dama har gått frå han, ja, det er forresten ho med peonane.

Måtar å berge livet på

Kva gjer ein sjølvmordar når han brått er i livsfare? Han gjer kva han kan for å berge livet, som alle andre. Niemis utvalte må fatte dimensjonane og deretter handle. Raskt. Dei må bruke fantasien og fysikken, for nokon handlar det om å gå over lik, for andre gjeld det å berge dei som er i nærleiken.

Av barn og fulle folk får ein høyre sanninga. Hjå folk i livsfare kan ein studere sanninga om menneskenaturen, rå og uforstilt. Når ein, som Niemi, gjer seg sjølv allvitande, får vi som lesarar eit privilegert innblikk i katastrofepsykologi i presens, for dette er ikkje ei etter-katastrofen bok, nei her er vi like før og midt under.

Kva bur i folk?

Det er dette som gjer boka. Det er absolutt eit driv i historiene om korleis flodbølgja masar sund alt og alle, det er fascinerande å å lese kor lang eller kort tid det tek før folk forstår at no gjeld heilt andre reglar enn i det vanlege livet, nokon forstår det aldri. Men etter kvart som det ekstreme vert det normale- i alle fall for den tørre, varme romanlesaren- er det dette spørsmålet som held fast interessa heilt fram: Kva bur i folk? Niemi byr på overraskingar. Det er ikkje dei eg ville satsa på i første omgang som viser seg å fortene tillit når det verkeleg gjeld.

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)