Hopp til innhold

Englane har reist heimefrå

I boka «Englenes hemmeligheter» fortel engleskolestiftarane Märtha Louise og Elisabeth Nordeng inngåande om korleis det er å møte englar. Men sjølv om det ligg ei og anna fjør att etter dei, liknar desse vesena lite på englane dei fleste kjenner frå før.

Märtha Louise og Elisabeth Nordeng

Märtha Louise og Elisabeth Nordeng fortel korleis du kan møte englar med namn som Metatron, Chamuel og Sandalphon.

Foto: Kirsti Haga Honningsøy / NRK

Der Bibelens englar alltid var utsendingar frå Gud i viktige situasjonar, som å stenge paradisporten eller å fortelje Maria at ho skulle ha barn, er dei moderne englane ute og opererer på eiga hand.

Boka forklarer om englar for alle formål

Englane har reist heimefrå, dei står no på eige bein og dei har gått inn i terapibransjen.

Dei gamle englane var meir slik at dei meldte frå, for deretter å trekke seg tilbake og la dei som stod att finne ut av sakene på eiga hand.

Dei moderne englane har namn, og dei tek ansvar for ulike oppgåver. Dei heiter Gabriel og Mikael (her stava Michael) som i Bibelen, og dei heiter Metatron og Chamuel og Sandalphon som dei kanskje heiter ein annan stad som vi ikkje får vite om.

Praktiske englar

Englane kan hjelpe med å finne tilbake til seg sjølv, men dei kan også vere svært praktiske og finne att ting du har mista, hjelpe med å finne kjærast, passe på at du ikkje masar for mykje og så vidare.

Dei skifter både kjønn og utsjånad etter kven som ser dei. Engleuniverset er individuelt tilpassa, du må finne den måten å sjå englane på som passar for deg. Det verkar likevel som om det er lett å identifisere den enkelte engel, utan at det er forklart korleis dette skjer.


Når englane talar

«Englenes hemmeligheter. Deres natur, språk og hvordan du åpner opp for dem» er ei praktisk innretta og pedagogisk bok, skriven for den som ønskjer å bli kjent med englar, men som ikkje veit korleis og som dessutan treng meir kunnskap om engleuniverset.

Boka byr på meditasjonar som skal opne for kontakt med dei namngitte englane, og her kan ein også lese svar på spørsmål ein måtte ha. Ein stor del av teksten er bygd opp med spørsmål og svar, sikkert inspirert av engleskoleundervisninga.

Det finst også avsnitt der Märtha Louise og Elisabeth Nordeng og fleire elevar deler sine englemøte med lesarane. Meir overraskande er det at også englane grip ordet og talar til oss direkte. Det litt triste er at dei snakkar som lærarar på newage-seminar.

Her har vi erkeengelen Raziel: «Hvordan skal du kunne skape det du vil uten å kunne ta imot opplevelsene du manifesterer? Eller uten å sende den klare intensjonen ut til oss slik at vi kan hjelpe deg med å skape det du vil?»

Erkeengelen Raziel er ikkje veldig god til å formulere seg på norsk. Og eg veit ikkje korleis meldinga frå han og dei andre har hamna inn i denne boka, for her er det ingen fotnotar og inga litteraturliste. Det er eit sakn.

Hvordan skal du kunne skape det du vil uten å kunne ta imot opplevelsene du manifesterer?

Erkeengelen Raziel

Ein ting er at forfattarane har klippa engledefinisjonen sin frå Wikipedia, der låner vi jo alle når det trengst, men bodskap frå englar er såpass sjeldan at eg gjerne skulle visst kvar det kom frå. Eg saknar også informasjon om korleis forfattarane veit det dei skriv. Er alt openberringar, og dermed å sortere under kategorien «tru»? Eller har dei det frå andre kjelder?

Hardt å vere hjernemenneske

Korleis veit dei at sjela kjem ned i fosteret gjennom ei gylden trakt, og at berre èin engel følgjer med ned i trakta mens alle dei andre englane held seg i utkanten?

Korleis veit dei at englane treng oss slik vi treng dei? Eg kjenner meg alltid utrygg når folk går rundt og veit svara på religiøse spørsmål i den grad at dei ikkje meiner dei treng å forklare seg.

Boka vender seg heilt klart til eit engleorientert publikum og ikkje til ein som har spørsmål til sjølve fenomenet. Dette kan ein allereie lese ut av omslaget, som er i kvitt og gull og med nydelege runde, eg hadde nesten sagt kvinnelege former.

At Märtha Louise titulerer seg «prinsesse», dreg også i retning same konklusjon. Det er ikkje så vanleg lenger å oppgje tittel på framsida av ei bok, og det er svært uvanleg når tittelen ikkje har noko med innhaldet i boka å gjere. Her har englane gjeve dårleg rettleiing.

Eit hjernemenneske blir altså køyrt hardt i møte med denne teksten. Men viss ein så legg kjeldeproblem og anna som skurrar til side, kva sit ein då att med?

Englenes hemmeligheter er ei bok med mange påstandar og ingen fotnotar.

Anmelder Marta Norheim

Det første er ei rettleiing i livet. Her handlar det om å slutte å stresse, om å ta vare på seg sjølv og på kjærleiken og ikkje heile tida hige etter materiell velstand og ytre teikn på suksess. Det handlar om å kome i balanse. Det er dette den åndelege sjølvutviklinga har som mål.

Desse måla er litt motkulturelle men lite kontroversielle, og eg vil tru at både lærarar og elevar på engleskulen opplever det meiningsfullt å arbeide fram mot desse måla.

Å ha ein kropp

Det andre er eit livssyn, som tek utgangspunkt i at sjela er evig. «Du har valgt å være på jorden en stund i en kropp» heiter det ein stad. Det inneber at vi har ein kropp, medan vi er ei sjel.

Å operere med skilje mellom ånd og materie kan føre til mykje elende, men forfattarane fell ikkje i den klassiske grøfta det er å nedvurdere kroppen. Tvert imot, dei forsvarer kroppen når engleskoleelevar talar nedsetjande om han.

Sjela har likevel stor makt. Og det er her det skurrar alvorleg. Forfattarane går nemleg inn i den mørkaste delen av newage-universet og hentar fram ideen om at du påverkar tilstanden din gjennom tankane dine, og ikkje nok med det, du påverkar også verda rundt deg negativt dersom du let frykten og ikkje tilliten råde i livet ditt. «For slik er universet laget, at det vi fokuserer på, det forsterkes.» (s.21)

Verda er elendig fordi for få menneske tenker tillitsfulle tankar. Mange lever elendige liv fordi dei ikkje tenker tillitsfulle tankar. Dette er ein omgang med vondskap, liding og naud som i beste fall er naiv, og som passar best for menneske som lever eit trygt liv og har det materielle på plass, men som lengtar etter noko meir. I ein del andre, meir kriseramma samanhengar kan ideen om at det vonde kjem frå negativ tenking verke usmakeleg.

Eit trusspørsmål

«Englenes hemmeligheter» er ei bok med mange påstandar og ingen fotnotar. Det er ein tekst der dei talrike svara reiser nye og kritiske spørsmål. Som handbok for åndeleg sjølvutvikling kan den sikkert fungere. At forfattarane trur på dette, har eg heller ingen grunn til å tvile på.

Men ideologien er basert på ein grunnpremiss eg gjerne skulle sett at forfattarane hadde problematisert.

Og til dykk, Gabriel, Mikael og andre erkeenglar: Neste gong de har noko på hjartet, så jobb litt meir med teksten!