Hopp til innhold

Sterk postapokalypse frå Leikvoll

Jan Roar Leikvoll debuterte med ein sterk og dyster roman frå ein konsentrasjonsleir. Imponerande nok greier han å toppe dette i roman nummer to, her er det nemleg endå dystrare.

Jan Roar Leikvoll

Jan Roar Leikvoll er ute med romanen 'Fiolinane'.

Foto: Samlaget/Silje Holte

Det finst nokon grufulle scener i denne romanen, og spesielt er det ei scene som har hekta seg fast og som eg håpar snart slepper taket. Dei som les boka vil forstå kva for scene eg skriv om, eg skal skåne forsvarslause lesarane frå å få det same bildet på hjernen som eg slit med, og eg vil derfor ikkje pensle ut det verste som skjer.

Kva er eit menneske?

For dette er sterke saker. Vi er i eit samfunn som har gått i oppløysing av uklåre grunnar. I eit goldt, ørkenaktig landskap fylt av skrot og oljefat overlever ei gruppe nakne, namnlause menneske frå dag til dag på rotter og anna dei greier å få tak i. Snikande sjukdommar tek langsomt livet av den eine etter den andre i den vesle familien vi følgjer på nært hald. Folk som ikkje tilhøyrer dei nærmaste er fiendar, og det slår meg at ubehaget i kulturen er lett å bere samanlikna med den nakne kampen for eksistensen vi er vitne til her.

Spørsmålet er: Kva er eit menneske når det ikkje lenger finst normer og sedvanar som regulerer samspelet mellom folk? Svaret Leikvoll gjev i denne romanen er at slike menneske blir inhumane overlevingsmaskiner som bruker alle middel for å krafse til seg det nødvendige: Nok mat, og tilgang til kvinner som kan føde barn.

Dyrisk

Dette er altså eit samfunn der sterke og friske menn har all makt. Hovudpersonen, som også er den som fortel historia, er ein ung grublar som har medkjensle med dei svake, men han forstår at det er fars lov som gjeld når det kjem til stykket. Trass i at det finst eit språk her, kan det verke som om den grunnleggande kommunikasjonen menneske imellom skjer via grynting, hyling og fysiske uttrykk som skal demonstrere overlegen styrke. I siste instans handlar det om å utøve vald.

Det er noko dyrisk over både maktdemonstrasjonane til dei sterke og over den krypande, klynkande veremåten til dei avmektige. Forfattaren skildrar dette i stor detalj. Detaljert inntil det uuthaldelege er også det kroppslege og moralske forfallet hjå dei som blir sjuke eller fell i unåde og som blir definert ut av flokken.

Lesverdig

Dette gjer heilt klart noko med lesaren. Men det er ikkje evna til å skape ubehag som gjer ”Fiolinane” til ein god roman. Det som gjer dette til ein lesverdig roman er det nøkterne og sjølvsagte ved måten dette er fortalt på. Den unge forteljaren har ingen førestillingar om noko anna, og er heilt innforstått med at det er slik som dette livet er. Bestefars fjerne minne om ei fortid med fiolinar kan ikkje vege opp mot den erfaringsbaserte kunnskapen som er den einaste kunnskapen forteljaren har.

Leikvoll er ikkje den første som tek for seg livet etter katastrofen. I norsk samanheng er det nærliggande å nemne «Uår» av Knut Faldbakken og «Det hjertet som vi har. Som og er kjøtt» av Hans Sande. Utanfor landegrensene finst den nyleg filmatiserte «The Road» av Cormac McCarthy, for ikkje å gløyme den klassiske «Termush, atlanterhavskysten» av danske Sven Holm frå 1967.

Men sjeldan las eg eit meir insisterande forsvar for eit samfunn bygd på humane verdiar.

Kulturstrøm

  • Ny undersøkelse: Færre leser for barna sine

    Stadig færre foreldre leser høyt for barna sine. Andelen boklesere i befolkningen synker sakte, viser Leserundersøkelsen 2024, som blir sluppet i dag, skriver Den norske forleggerforeningen i en pressemelding.

    – Foreldres lesing er avgjørende for barns ordforråd og leseglede. Nå faller også disse tallene, dette er dramatisk, sier Trine Skei Grande, administrerende direktør i Forleggerforeningen.

    Én av fire foreldre leser aldri høyt for barna sine. I 2017 svarte 93 prosent av foreldre med barn under 10 år at de leste høyt for barna sine. I 2023 var tallet 75 prosent. Samtidig viser undersøkelsen at de som leser for barna sine, gjør det oftere enn før.

    Leseundersøkelsen har blitt gjennomført av Forleggerforeningen og Bokhandlerforeningen siden 1977.

    – Leserundersøkelsen bekrefter at vi trenger et krafttak for lesing, sier Trine Skei Grande i Forleggerforeningen og Anne Schiøtz i Bokhandlerforeningen.

  • Årets verk og Årets utøver

    Årets verk og Årets utøver 2023 ble delt ut i Spillerom, NRK P2, søndag 21. april. Dirigent og fiolinist Lars-Erik ter Jung er kåret til Årets utøver 2023. Tre vinnere får prisen Årets verk; Jan Erik Mikalsen for Fleurs, Nils Henrik Asheim for Organotopia, Tine Surel Lange – Two sides of the River. Prisene deles ut av Norsk komponistforening.

    Årets utøver og Årets verk 2023
    Foto: Kristin Kverndokk / NRK
  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober