Video Boken utvider seg (9:26 @ Bokprogrammet) - Foto: Nyhetsspiller /

«Boken utvider seg» er tema i Bokprogrammet denne veka, og forfattar Jennifer Egan er mellom gjestane. Her kan du sjå heile sendinga allereie no!

– E-bøker har komme for å bli

– Det er ikkje nokon vits i å diskutere om e-bøker er bra eller dårlig. Dei eksisterer. Det er bare eit faktum, seier den Pulitzer-vinnande og snart noregsaktuelle forfattaren Jennifer Egan. Ho meiner forfattarar kan dra inspirasjon frå nyare kommunikasjonsformer.

Av Kjersti Wøien Håland

I si nyaste bok A Visit from the Goon Squad brukar Egan teknologi for å teikne opp eit bilete av tid som passerer.

Jennifer Egan, Bølle på døra - Foto: Oktober Forlag /
Foto: Oktober Forlag

Frå 1970-talet og inn på 2020-talet følgjer vi musikkbransjen i møte med eit meir og meir digitalisert samfunn.

– Det er ei bra linse å sjå tidsutvikling gjennom, seier ho til Bokprogrammet, som denna veka handlar om korleis bøker endrar seg i ein digital tidsalder.

– Ei ny verd annakvart år

– Det seier mykje om vår tid. Då eg voks opp var det veldig lite som skjedde, og det einaste som hadde endra seg då eg var tjue var at vi hadde fått telefonsvarar, men no er det ei ny verd annakvart år, seier Egan.

I boka er hovudkarakteren ein tidligare punkrockar som er sjef for eit suksessfullt plateselskap. Han er fortvila over kva endringane gjer med musikkbransjen. Han meiner det ikkje finst ekte musikarar lenger.

Jennifer Egan - Bokprogrammet har reist til New York for å snakke med Jennifer Egan. Her viser ho programleiar Siss Vik e-bokversjonen av romanen A Visit from the Goon Squad. - Foto: Bokprogrammet / NRK

Bokprogrammet har reist til New York for å snakke med Jennifer Egan. Her viser ho programleiar Siss Vik e-bokversjonen av romanen A Visit from the Goon Squad.

Foto: Bokprogrammet / NRK

Egan sjølv er ikkje like bekymra, i alle fall ikkje for litteraturen.

– Eg er veldig interessert i å sjå korleis teknologien kan gjere romanen meir interessant, seier ho.

Powerpoint-litteratur

Dette ser ein tydelig i at det eine kapittelet i A Visit from The Goon Squad er skrive i Powerpoint-format. Ei søt historie om forholdet mellom far og son blir sett inn i eit grafisk bedriftsspråk.

– Det kalde utrykket gjer at eg kan fortelje denne historia som elles hadde vore for søt. Eg kunne ikkje skrive den i noko anna form enn Powerpoint, seier Egan i programmet.

Visit from the Goon Squad - Eit av dei mest emosjonelle kapitlane i boka til Egan er fortalt gjennom powerpointpresentasjon. - Foto: Bokprogrammet / NRK

Eit av dei mest emosjonelle kapitlane i boka til Egan er fortalt gjennom powerpointpresentasjon.

Foto: Bokprogrammet / NRK

Kapittelet tar seg bra ut på lesebrett, men er også eit velfungerande grep i den fysiske boka. Romanen fungerer slik på fleire leseplattformar.

A Visit from the Goon Squad har blitt anerkjent av kritikarar og lesarar i USA. Originaliteten og eksperimenteringa med form har skaffa romanen fleire prisar inkludert The Critics Choice Circle Award og Pulitzer-prisen for beste fiksjonsroman.

Lei av e-bokdebatten

Tidligare i år gjekk forfattar Jonathan Franzen så langt som å seie at e-bøker øydelegg samfunnet , og at magien frå papirsida forsvinn på ein Kindle eller iPad.

Denne diskusjonen vil ikkje Egan ta del i.

– Det er ikkje nokon vits i å diskutere om e-bøker er bra eller dårlig. Dei eksisterer. Det er bare eit faktum, seier ho.

I Norge har bokbransjen fått beinhard kritikk for å ligge langt bak amerikanarane når det gjeld e-bøker.

Egan fortel at amerikanske forleggarar for bare nokre få år sidan avfeia e-bøker fordi dei kun utgjorde ein liten andel av boksalet.

– Eg tenkte at dei måtte vere galne. Det var litt skremmande at bokbransjen ikkje hadde ei meir framtidsretta holdning. E-bøker er komne for å bli, seier forfattaren.

Jennifer Egan - I fjor kåra Time Magazine Jennifer Egan til eit av dei hundre mest innflytelsesrike menneskja i verda. - Foto: Bokprogrammet / NRK

I fjor kåra Time Magazine Jennifer Egan til eit av dei hundre mest innflytelsesrike menneskja i verda.

Foto: Bokprogrammet / NRK

– Romanen er ikkje trua

Å leike med form er naturleg for forfattarar, meinar Egan og trekk fram klassikaren The Life and Opinions of Tristram Shandy, skrive av Laurence Sterne på 1700-tallet.

– Ei side består kun i eit abstrakt maleri, den andre er heilt svart, seier ho medan ho blar igjennom boka som har vore ein stor inspirasjon for Egan.

Sterne var tidleg ute med å utnytte romanens potensial til det fulle. Både den originale forteljarstilen og dei visuelle grepa har gjort boka til ein klassikar.

– Hadde Laurence Sterne hatt Powerpoint så hadde han brukt det, fleiper ho.

Romanen er ikkje trua, meiner forfattaren, men vil ha den same funksjonen som den alltid har hatt.

– Sidan trykkekunsten vart oppfunnen har romanen hatt som oppgåve å trekke inntil seg alt som var tilgjengelig av verda utafor, seier Egan.

Den norske omsetjinga av A visit from the Goon Squad kjem ut i mai under tittelen Bølle på døra. Da vil også Egan komme på besøk til Litteraturhuset i Oslo.

Siste om bøker fra TV og radio

Intervju med Margit Sandemo i forbindelse med biografien om henne

Fra arkivet: Hør Bok i P2s portrettintervju med Margit Sandemo (2010).

Hva får leseren når historisk sakprosa går stadig lenger mot detaljer og enkeltpersoner - i stedet for de lange linjene? Bok i P2 om Florian Illies´ bok om 1913. Og Steinar Opstads nye diktsamling gir leeren ro.
Gjest: Sindre Ekrheim med samlingen Ho kjem fram i regnet. Ved Annelita Meinich.

Anmeldelser

Kronprinsessen leser høyt fra Brødrene Løvehjerte. (NRK Nordland, 1. april 2014)
På Bislett i Oslo finnes det en bokhandel som kun selger én eneste bok. Den eieren mener er verdens beste.
Kronprinsesse Mette-Marit har selv tatt initiativet til toget som er lastet med bøker, for å øke leselysten blant folk flest.(Kulturhuset 31.03.2014)
 : Gine Cornelia Pedersen i Kulturhuset (24.mars-14)

Vinneren av Tarjei Vesaas debutantpris på besøk i Kulturhuset på P2.

Kim Leine har gjennomlevd angst for Jehovas straff, seksuelt overgrep og eget narkotikamisbruk. I 2013 ble han tildelt den gjeve Nordisk råds litteraturpris. Hvordan klarte han å gå veien fra avgrunn til suksess? Bokprogrammet besøker den dansk-norske forfatteren hjemme i København, og blir med på tur tilbake til hjembygda Seljord der han feires av ordføreren og sin gamle norsklærer.

Portrett av den Nordisk Råd-vinnende forfatteren Kim Leine.

Hvorfor er du så opptatt av skitt i menneskelivet? spør vi den dansk-norske forfatteren Kim Leine. Klipp fra Bokprogrammet.

Smakebit fra Bokprogrammets portrettintervju med den dansk-norske forfatteren Kim Leine.

Den unge danske poeten Yahya Hassan leser fra sin selvtitulerte diktsamling. Videoen har tidligere blitt lagt ut på YouTube av danske Gyldendal Forlag.

Den danske poeten messer sitt råeste dikt.

Opphavsrett NRK © 2014

Ansvarlig redaktør: Thor Gjermund Eriksen

Nettsjef: Frank Gander (konst.)