Hopp til innhold

Ungt kjærastepar trassar forfattarmyten

– Det kjem til å gå til helvete, de kjem til å slå opp! Slik reagerte dei næraste då kjærasteparet Mariell Øyre og Jostein Avdem Fretland fortalde at dei skulle skrive bok saman. I haust debuterer dei som romanforfattarar.

Mariell Øyre og Jostein Avdem Fretland

Kjærasteparet Mariell Øyre og Jostein Avdem Fretland har debutert som romanforfattarar saman.

Foto: Ingunn Rauk / NRK

– Dei fleste syntest nok det høyrdest ufatteleg risikabelt ut for forholdet vårt. Mange var litt avventande, seier Øyre og imiterer dei lett nervøse blikka ho og kjærasten blei møtte med av familie og venner.

Høyr begge forfattarane lese frå boka nedst i saka.

Trassar myten om det einsame geniet

Dei to 23-åringane kjem denne veka med sin første roman, med tittelen & me skal bli omskapte. Det var Samlaget forlag som spurde det unge paret om dei ville skrive noko saman, stikk i strid med myten om det einsame forfattargeniet.

Medan Fretland er utdanna komponist og musikar under namnet Fivrel, er Øyre kjend som bloggaren Hjartesmil. Dei har vore kjærastar sidan dei var 14 år gamle, og gjennom bloggen har lesarane over fleire år fått innblikk i livet heime i Sogn, via flytting til Oslo og vidare til både Paris og sist til London, der dei bur saman.

Franske freistingar som makronar og gode engelske bruktbutikkar har vore ein del av uttrykket på nettstaden, og det er nok ikkje tilfeldig at debutromanen tek føre seg ein vestlending som livnærer seg som sjokolademakar i Paris før han arvar ein nostalgisk leikebutikk i London.

Vil ikkje vere så lett å like

Men når NRK.no møter det ferske forfattarparet på kafeen Pascal i Oslo, kjend for blogglesarane som eit slags makronmekka, er det ikkje søte bakverk dei helst vil ha. Etter ein lang dag med intervju er det vanleg svart kaffi som freistar Øyre mest. Ho trur folk vil bli overraska over den nye boka.

– Eg veit at folk har eit visst inntrykk av meg gjennom bloggen, der eg på mange måtar framhevar det søte og sjarmerande. I romanen ville eg gjere noko anna, eg ville skrive om folk og situasjonar som ikkje var så lette å like, seier ho.

Det var ikkje dermed opplagt for dei to kva boka skulle vere. Sjølv om dei har vakse opp og opplever det meste saman, har dei så langt stort sett vore skapande på kvar sin kant. Og trass i at dei takka ja til bokprosjektet nesten utan å nøle, skjønar dei kvifor folk tenkte sitt om korleis romanen ville påverke forholdet.

– Nervepirrande å la kjærasten lese

– Me fekk ein slags prestasjonsangst, ikkje berre overfor forlaget, men overfor kvarandre, seier Øyre.

Etter planleggingsmøte på kafé kvar onsdag skreiv dei sine delar av boka kvar for seg. I begynnelsen var det nervepirrande å la den andre få lese, fortel bloggaren og ser bort på ungdomskjærasten som ho no er trulova med.

– Eg var veldig vár på å la Jostein få lese det eg hadde skrive, for det kjendest så sårbart og nært mi eiga kjerne.

Mariell Øyre

– Er dette ein flørt eller ei avvising?

& me skal bli omskapte

Mariell Øyre står sjølv bak omslaget til debutromanen '& me skal bli omskapte'.

Foto: Samlaget

Men ho trur ho har blitt meir robust gjennom dei to åra dei har brukt på boka, og ho har ikkje vore redd for å seie ifrå når ho meiner sambuaren har teke feil av tid og stad i handlinga i boka.

– Ofte fann me ut at me var på heilt ulike stader geografisk, og den eine kunne tenkje at det var vinter, medan den andre såg føre seg sommar når me skulle skrive om det same, seier Fretland med ein varmande kopp te i hendene.

– Notatboka mi er full av Mariell sine teikningar av korleis romma i boka skulle sjå ut. Og dei respekterte eg, seier han og ler.

Andre gonger viste det seg at dei hadde oppfatta nokså viktige sider ved hovudpersonen heilt ulikt.

– Mariell overraska meg veldig ved eit høve, seier Fretland og ser på kjærasten med eit lurt smil.

Usemje om kva som skulle skje vidare var det vanskelegaste med å skrive saman, seier dei begge.

– Me fann òg ut at me skreiv vidare på dialogar og situasjonar som me hadde forstått forskjellig, litt slik «er dette ein flørt eller ei avvising, har dei hatt sex eller ikkje», seier Øyre.

– Såg klarare at me var ulike

Sjølv om dei opplever kvardagen i tosemd og trur dei tenkjer nokså likt, er dei blitt medvitne om ulikskapane seg imellom undervegs i skrivinga.

– Mariell er fotograf og legg meir vekt på det visuelle enn eg, og som kunstnartype er ho meir gatesmart og orientert i notida. Ho er den som kjem med ideane og driv plottet framover. Eg er meir oppteken av språkleg rytme og er veldig glad i gammal sagalitteratur og mytologi, og eg har putta inn nokre referansar til slikt, seier Fretland og smiler til medforfattaren, som smiler tilbake over kaffikoppen.

– Dei ulike interessene våre gjer nok at me ikkje kunne ha skrive om kva som helst saman. Me kunne aldri ha skrive til dømes ein historisk roman, trur Øyre.

Måtte våge å ha dei kjipe samtalane

Dei meiner begge at nøkkelen til ein god fellesroman er å snakke mykje saman, om alt.

– Me måtte våge å ha dei kjipe samtalane og vere heilt opne for å lage noko me begge kunne stå inne for. Det kunne me etter å ha opplevd vanskelege tenår saman, eg kjenner Mariell sine dårlege sider og ho kjenner mine, seier Fretland.

Dei møttest som ungdommar med få andre nære venner på kvar sin kant i kvar sin dal i Sogn og Fjordane, Øyre i Årdal og Fretland i Lærdal. No greier mange ikkje å sjå føre seg den eine utan den andre, fortel dei. Likevel kjendest det ikkje risikofritt å lage ei historie i lag, særleg ikkje når dei måtte gjere om på sentrale scener, ansikt til ansikt på kvar sin ende av bordet.

Det blei veldig nervøs stemning, og eg var redd for å seie noko dumt. Når me måtte skrive saman fysisk merka eg at det gjekk veldig sakte. Ein vil jo imponere kjærasten, trass alt!

Jostein Avdem Fretland

– Ja, sjølv om me nok er uvanleg trygge på kvarandre er det alltid noko sårbart i det å skape og seie høgt kva ein tenkjer, meiner Øyre.

Måtte ta pausar ifrå kvarandre

Dei sa det også høgt når dei trong tid for seg sjølve. Det var nødvendig å leve litt kvar for seg for på bringe nye inntrykk inn i skrivinga.

– Ingen kan vere saman 24 timar i døgnet, sjølv om me ofte er det, ler Øyre.

– Og som sambuande frilansarar og no medforfattarar kan me ikkje kome heim frå jobben og klage vår naud om kollegaer. Me må blåse ut der og då, smiler Fretland.

– Lettast å skape aleine

Paradoksalt nok trivst dei vanlegvis best med å skape i einsemd.

– Toppen av lykke for meg er å sitje aleine med pianoet ei sein natt, seier musikaren.

Øyre trivst best ute blant folk, men for seg sjølv ved eit kafébord med nettbrettet og notatblokka som selskap. Og dei vil ikkje utan vidare tilrå andre å leggje ut på ei ferd som den dei sjølve no er ute på som forfattarar i tospann.

Likevel har dei sagt ja til to nye bokprosjekt. Øyre seier ho gler seg til å flytte seg endå lenger vekk ifrå det søte makronuniverset som ein del no set henne i samband med.

Mariell Øyre og Jostein Avdem Fretland

Debutantane Mariell Øyre og Jostein Avdem Fretland trur det ni år lange forholdet har blitt styrkt av skrivinga, men vil ikkje tilrå andre å gjere det dei har gjort.

Foto: Ingunn Rauk / NRK

Meiner boka har styrkt forholdet

I & me skal bli omskapte kjem dei inn på både kvelande familieband og trøblete kjærleik, og paret er gjennomgåande raske med å svare på spørsmål om det som har vore eit nøye gjennomtenkt bokprosjekt. På spørsmål om det er noko tema det kan vere vanskeleg å ta opp i tosemd, blir dei likevel begge stille nokre sekund.

– Det er kanskje ikkje alltid like freistande å dvele ved mindre attraktive eigenskapar som stammar frå ein sjølv, seier Øyre og ser på sambuaren.

– Men det har også vore moro å kle av seg heilt og grave litt i det som også gjer vondt, seier Fretland.

– Eg trur me står sterkare som par etter dette.

Kulturstrøm

  • Sjette førsteplass på albumlisten for Ariana Grande

    Ariana Grande sikrer seg sin sjette førsteplass på den amerikanske albumlisten med sitt sjuende studioalbum.

    – En uke med evig solskinn, skrev Ariana Grande i helgen på Instagram – og siktet til suksessen som hennes sjette album, kalt nettopp «Eternal Sunshine», har.

    Utgivelsen solgte det som tilsvarer 227.000 albumenheter i sin første uke, noe som er årets beste hittil, ifølge Billboard. Blant annet ble låtene strømmet 195 millioner ganger. Den nye platen, som også topper VG-lista her hjemme, er laget i samarbeid med svenskene Max Martin og Ilya Salmanzadeh.

    Grande har tidligere toppet albumlisten med «Positions» (2020), «Thank U, Next» (2019), «Sweetener» (2018), «My Everything» (2014) og «Yours Truly» (2013). 2016-platen «Dangerous Woman» kom «bare» til en andreplass.

    Ariana Grande
    Foto: AFP
  • Fem land vil ha «Cammo»

    NRK har inngått opsjonsavtale med Tyskland, Frankrike, Spania, Belgia og Nederland om nyinnspillinger av dramakomedien «Cammo».

    Over 700.000 så første sesong av «Cammo». Serien handler om influenseren Cammo, som går konkurs og må ta på seg jobben som støttekontakt for Kamilla med Downs syndrom.

    – Dette er helt surrealistisk! At humoren og historien i «Cammo» kan treffe både spanjoler og tyskere er skikkelig gøy. Jeg gleder meg til å se hvordan de forskjellige landene tolker manus, og er så takknemlig og glad for at historien om Cammo og Kamilla potensielt skal bli fortalt til så mange millioner mennesker, sier Caroline Glomnes, serieskaper og hovedrolleinnhaver.

    Katelyn Garbin og Caroline Glomnes i rollene som Kamilla og Cammo.
    Foto: NRK

Flere kulturnyheter