Hopp til innhold

Skåber: – Hugsar eg noko av dette?

Linn Skåber er tilbake i «Nytt på nytt»-stolen hos Jon Almaas og Knut Nærum, og er freidig nok til å ta plass i midten.

Video Linn Skåber er tilbake i Nytt på nytt

Linn Skåber får låne stolen til Jon Almaas, men ho får ikkje ta over programleiarrolla, seier Jon.

Kåre Conradi, Linn Skåber, Christian Skolmen

Linn Skåber har bytt ut N«Nytt på nytt»-stolen med scenegolvet på Chat Noir, og Jon og Knut med Kåre og Christian.

Foto: Taran AS
Nytt på Nytt

No er Linn tilbake i «Nytt på nytt». – Det er som å vere heime, seier ho.

Foto: Ekroll, Anne Liv / Anne Liv Ekroll, NRK

Linn Skåber har hatt eit halvår pause frå «Nytt på nytt». Returen var meir nervepirrande enn ho hadde trudd.

– Då vignetten gjekk, kjente eg "aah - hugsar eg noko av dette i heile tatt?" Det fortel ho på bakrommet etter at re-debuten er over.

Årets første utgåve av det mest sette programmet i Noreg, meiner ho gjekk bra - med god hjelp av gjestane Bjørn Kjos (Norwgian-sjef) og Eyvind Hellstrøm (kokk).

– I dag var det ei blanding av knallhard latter frå Kjos og sarkasme og fine, lange historier frå Hellstrøm, fortel Linn.

– Som å kome heim

Skåber har i haust bytta ut Jon Almaas og Knut Nærum med to andre menn, Kåre Conradi og Christian Skolmen .

Sjølv om ho trur det blir mindre stepping med Jon og Knut, enn det var med Kåre Conradi i haust, meiner ho det blir deilig å kome tilbake til «Nytt på nytt».

Ho forklarar at når ein jobbar slik som ho, og går frå jobb til jobb, er det sjeldan at ein får høve å kome tilbake til same arbeidsmiljø igen.

– Ein går eigentleg berre vidare. Sånn sett synest eg det er hyggjeleg at dette er litt som å kome heim, seier Linn.

– Stiller dumme spørsmål

Medan Linn har vore vekke, har åtte vikarar prøvd seg i stolen hennar . No skal ho ta over for alle saman.

Det er programleiar Jon Almås glad for. Han fortel at «Nytt på nytt»-redaksjonen har hatt vikarar no som har vore morosame på sin måte, men at det er lettare for han å lene seg litt tilbake når Linn er på plass.

Jon Almaas

Programleiar Jon Almaas er glad for at han slepp å ta ansvar for alle dumme spørsmål framover.

Foto: NRK

Knut Nærum

Kollega Knut Nærum meiner han ikkje har hatt tid å sakne Linn, men medgir at det er godt å ha ho tilbake.

Foto: Inger-Marit Sæby/NRK.no

– Ho tar på seg litt av belastninga det er å stille dumme spørsmål, eit ansvar som jo eg har vore nøydd å ta på meg dei siste månadane, seier han.

Kjempa om stolen til Jon

I returen tek Linn på seg å sette Jon på plass. Fleire gonger tok ho rolla som programleiar, og fekk også kollega Knut Nærum til å sette på plass programleiaren.

– Vi kjempa om plassen til Jon i dag. Det må til for å holde han litt nede, slik at han ikkje skal tru han er betre enn oss berre fordi han er programleiar og har fast lønn, seier Linn.

Jon peikar på at dette er noko Linn prøver seg på stadig vekk, og at ho også prøver å ta over og styre planleggingsmøte.

– Ho skal stadig vekk ta mi rolle, så det er tydeleg at ho har blitt godt vand av å vere på utsida, seier han.

Ifølgje Jon er det ein strategi i NRK at ingen skal sleppe på utsida, for å sjå korleis det eigentleg er der.

– No har Linn tydelegvis fått ferten av det, og har blitt stormannsgal. Det må vi berre slå beinhardt ned på, seier han.

– Som med Petter Northug

Jon og Knut er samde om at Linn ikkje kan bli for morosam for «Nytt på nytt». Ikkje for morosam, men kanskje litt for krevjande, ifølgje Knut.

– Det er som med Petter Northug. Det er mykje kjeft, og mykje armar og bein, seier han.

Han påstår at det ikkje har vore noko særleg sakn at Linn tok eit halvår pause.

– Det var ikkje rare greiene eigentleg. Eg visste jo at ho kom tilbake, så eg rakk eigentleg ikkje å sakne ho.

På vanleg finurleg vis vedgår han likevel at det er hyggjeleg å ha ho tilbake.

– Det er på mange måtar som om det er første halvår 2010, seier han.

Video - Linn Skåber er som Petter Northug

Knut Nærum meiner Linn er like krevjande som Petter Northug. Jon Almaas vil slå hardt ned på vidare forsøk på å ta over sjefsstolen.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober