Svenska Akademien sin sekretær, Horace Engdahl, kunngjorde i går klokka 13.00 vinnaren av Nobels litteraturpris. Men då var namnet truleg allereie kjend for mange.
Oddsen sank
I minutta rett før kunngjeringa justerte mange spelselskap oddsen til den franske vinnaren kraftig. Grunnen er ein lekkasje som må ha kome frå Svenska Akademin. Horace Engdahl stadfesta dette i eit intervju med Sveriges Radio i dag tidleg.
- Dette tyder på at det har vore ein lekkasje, sa Engdahl til Sveriges Radio.
- Og det trur du på?
- Eg er overbevist om at det har vore slik.
- Kvifor?
- Eg kan ikkje forklare kvifor. Då ville eg ha brote reglane, fortsatte sekretæren for Svenska Akademien.
Skal finne den skuldige
Det er uklart kor mange av medarbeidarane som kjende til namnet på vinnaren, men det skal vere ein mindre krins av personar. No startar leitinga etter kvar lekkasjen kan kome frå, og korleis dei skal hindre at noko liknande skjer i framtida.