Hopp til innhold

Kulturbyråd: – Trur ikkje eg tør å sjå «Snømannen»

OSLO (NRK): Oslo kommune la pengar på bordet. Staten gav over 40 millionar kroner i støtte. Men kva får vi att? Vi samla eit lite utval for å få dei fyrste reaksjonane på «Snømannen»-traileren.

Rina Mariann Hansen, Sandeep Singh og Sindre Fossum Beyer ser traileren til Snømannen

NERVEPIRRANDE: Kulturbyråd i Oslo, Rina Mariann Hansen, filmmeldar i VG, Sandeep Singh, og konsulent i reklamebyrået Try, Sindre Beyer, heldt pusten da dei såg traileren til «Snømannen». Sjå innslaget frå Dagsrevyen ovanfor.

– Dette er skummelt, seier kulturbyråd i Oslo, Rina Mariann Hansen. Ho måtte halde hendene framfor augo fleire gonger under framvisinga av traileren.

Hansens forgjengar i byrådet, Hallstein Bjercke, arbeidde hardt for å få innspelinga til Oslo, og han rakk akkurat å få oppfylt målet sitt før eit nytt byråd tok over.

Hansen såg dei ferske bilda saman med filmmeldar i VG, Sandeep Singh, og Sindre Beyer i reklamebyrået Try – sjølvsagt på Harry Holes stampub «Schrøder» i Oslo.

Alle er samde om at traileren ser lovande ut, og at dette kan bli god reklame for Noreg.

– Bilda er fantastiske. Eg stoppa å puste fleire gonger, seier Beyer.

Snømannen-trailer

SNØFØYK OVER BERGEN: I traileren kan vi sjå mange ulike stader i Noreg.

Foto: Skjermdump frå Trailer

Stolt av bilda frå Noreg

Rina Mariann Hansen håpar at filmen blir ein suksess, og trur han kan marknadsføre hovudstaden som ein bra plass å spela inn film.

Rina Mariann Hansen

INTERNASJONAL MERKSEMD: Kulturbyråd Rina Mariann Hansen er glad for at denne storfilmen kjem til å marknadsføre Oslo.

Foto: Wilhelm Sverdvik / NRK

– Det kjem til å vera mange bilde av Oslo, Rjukan og andre stader i Noreg. Det er vi stolte av.

Byråden synest at bilda frå traileren fangar stemninga i boka, og er glad for at filmen viser mange kjente bygningar og stader – og ikkje berre snøføyk.

– Det er artig å sjå bitar av Oslo inni der. Eg har tenkt at det blir ein skikkeleg Oslo-film, men samtidig trur eg ein blir dratt så mykje inn i handlinga at byen berre blir ei kulisse, seier Hansen.

Millionar i marknadsverdi

Sindre Fossum Beyer

REKLAMEVERDI: Sindre Beyer i reklamebyrået Try trur at filmen kan føre med seg store pengar.

Foto: Wilhelm Sverdvik / NRK

Sindre Beyer trur «Snømannen» kjem til å gjera det stort. Og det som er bra for filmen, er bra for Noreg, seier han.

– Eg kan ikkje gjeva eit beløp, men filmen kan vera verd mange millionar i marknadsverdi. Tilhengjarar av «Ringenes Herre» reiste til New Zealand, der filmen var spela inn. Eg håpar på noko tilsvarande her.

Og Beyer er ikkje bekymra for at filmen skal gjera det dårleg.

– Det betyr berre at det blir få som ser han, det vil ikkje vera øydeleggjande for Noreg på nokon måte. Og sjølv om det skulle vera ein dårleg film, vil vi sjå flotte bilde frå Noreg uansett.

Skandinavisk noir på høgt budsjett

Sandeep Singh synest ikkje det var nokon store overraskingar i traileren til «Snømannen», men var likevel svært positiv. Han karakteriserer stilen som skandinavisk noir på høgt budsjett.

Sandeep Singh

FINT Å SJÅ OSLO: Filmmeldar i VG, Sandeep Singh, seier at det gjer noko småpatriotisk med han å sjå bilda frå hovudstaden.

Foto: Wilhelm Sverdvik / NRK

– Ok, wow, dette ser feitt ut. Eg stolar på regissør Tomas Alfredson. Han har laga knallfilmar før. Og Michael Fassbender spelar bra sjølv i elendige filmar. Det meste ligg til rette for at dette kan bli ein bra film.

– Kor godt inntrykk kan ein trailer gjeva av ein film?

– Ofte er det marknadsavdelinga som klipper saman noko som ikkje stemmer heilt med den ferdige filmen. Her verkar det som regissøren har vore med, eller så er marknadsavdelinga veldig flink.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober