Miguel Harth-Bedoya - Miguel Harth-Bedoya tek over som sjefdirigent for KORK frå og med 2013/2014-sesongen. - Foto: Gordon Trice / Schmidt Artists

Miguel Harth-Bedoya tek over som sjefdirigent for KORK frå og med 2013/2014-sesongen.

Foto: Gordon Trice / Schmidt Artists

KORK får peruansk stjernedirigent

Peruanske Miguel Harth-Bedoya blir ny sjefdirigent i Kringkastingsorkestret. – Det blir nok meir latinamerikansk temperament på konsertane våre framover, seier orkestersjef Rolf Lennart Stensø.

I KORK er dei begeistra over å ha fått tak i ein dirigent som er etterspurt over heile verda, og det kan hende musikken til Grieg og dei andre norske komponistane får nye latinske tolkingar når NRKs orkester får sjefdirigent frå Peru.

Kringkastingsorkestret fekk nyleg dei siste detaljane på plass i avtalane med sin nye sjefdirigent, som tek over orkesteret frå 2013/2014-sesongen. Harth-Bedoyas første møte med orkesteret fann stad under konserten med sopranen Renée Fleming hausten 2010:

– Det oppstod ein veldig god kjemi mellom dirigent og orkester, både personleg og musikalsk, seier Rolf Lennart Stensø.

– Han hadde svært kort prøvetid på seg før konserten, men jobba godt og det gav eit fantastisk fint resultat.

Pådrivar for amerikansk kulturarv

Rolf Lennart Stensø er glad for at avtalane med Harth-Bedoya er på plass:

– Han har ein imponerande CV – han har dirigert dei beste orkestera i USA og spelt inn cd med Chicago Symfoniorkester. Det er veldig viktig for orkesteret å kunne bli sett utanfrå, av ein dirigent med så brei bakgrunn, seier han.

Peruanaren har markert seg med eit sterkt engasjement for den musikalske kulturarven frå det amerikanske kontinentet, mellom anna som initiativtakar til prosjektet «Caminos del Inka», som også er blitt cd.

Høyr Miguel Harth-Bedoya fortelje om Caminos del Inka-prosjektet:

Første konsert i november

KORK sin noverande sjefdirigent, danske Thomas Søndergård, er på veg til stillinga som sjefdirigent for BBCs walisiske nasjonalorkester , og held avskjedskonsert 24. mai i år. Harth-Bedoya tek formelt over først frå hausten 2013, men kjem også til å dirigere konsertar med KORK i november og juni i 2012-13-sesongen.

Hvem er du i Kampen for tilværelsen?

Hvem i Kampen for tilværelsen likner mest på deg? Ta quizen, og finn ut om du er småbitre Jørgen, språkinteresserte Tomasz, prosjektorienterte Karianne eller synske Anneli.