Hopp til innhold

Reiersrud hylla oldefar i fotomuseet

Tysdag heldt Knut Reiersrud kontorkonsert i Preus museum i Horten – lokale som også husar bilete av Reiersruds oldefar. Sjå heile konserten her!

Video Kontorkonsert med Knut Reiersrud

Knut Reiersrud var i sentrum for den 20. kontorkonserten i rekkja tysdag ettermiddag. Mange interesserte melde seg då det vart kjent at konserten skulle finne stad i Vestfold , og Preus museum i Horten vart plukka ut som vinnarar.

Sjå: Kontorkonsertar med Katzenjammer, Odd Nordstoga med fleire

Knut Reiersrud

Knut Reiersrud studerer oldefarens fotografi før konserten.

Foto: Fred Olav Vatne / NRK

– Ein av Noregs første landskapsfotografar

Det er berre eit halvt år sidan sist Reiersrud var i museet – den gongen var han der i lag med mora si.

– Den gongen kom eg på grunn av hennar bestefar og min oldefar – ein av dei første landskapsfotografane i Noreg, fortalde Knut Reiersrud under konserten.

Marthinius Skøien hadde i si tid eit stort utstillingsvindu på Karl Johan for sine bilete, som var beregna på turistar.

– Her kjem ein hyllest – til oldefar, sa gitaristen før han gjekk vidare i konserten.

Voksenkollen Sanatorium

Eit av Marthinius Skøiens bilete av Voksenkollen Sanatorium (øydelagt av brann i 1919), som no er i Preus museum.

Foto: Martinius Skøien / Preus museum

Ga ut album med blueslegende

Gitaristen, songaren og komponisten Knut Reiersrud (f. 1961) har gjennom karrieren samarbeida med eit breitt spekter av artistar frå mange land, men er først og fremst kjend som bluesmusikar.

Samarbeidet med organisten Iver Kleive har nok fått aller mest merksemd. I 1991 ga dei ut si første plate i lag, «Blå Koral», som fekk Spellemannprisen. Saman med Kleive komponerte Reiersrud også musikk til opningsseremonien for OL på Lillehammer i 1994.

I 2011 ga Reiersrud ut albumet «One Drop Is Plenty» saman med den amerikanske rhythm & blues-vokalisten Mighty Sam McClain.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober