Hopp til innhold

Komponisten borna ikkje veit at dei diggar

Gaute Storaas vart hekta på filmmusikk då han som gut såg «Jungelboken» på kino. I år vert musikken hans høyrt av tusenvis av norske born – i filmen «Elias og jakten på havets gull».

Gaute Storaas

Komponist Gaute Storaas har i tillegg til filmmusikk mellom anna laga musikk til dataspel og tv-vignettar.

Foto: Ana Leticia Sigvartsen / NRK

  • Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.
  • Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Film nummer to om redningsskøyta Elias hadde premiere 10. desember, og var den mest sette filmen i Noreg sist veke. Gaute Storaas har laga filmmusikk både til denne filmen og til forgjengaren Elias og kongeskipet.

– Filmen er stjerna

Arbeidet med filmmusikken starta sommaren 2009, og munna ut i fem månaders blodslit fram til lydsporet var klart i november i år. At det unge kinopublikummet kanskje ikkje eingong tenkjer over musikken, plagar ikkje komponisten det minste.

– Det er filmen som er stjerna, seier Gaute Storaas.

– Musikken er eitt av mange element som skal få filmen til å skinne og hjelpe til med å fortelje historia. Dersom musikken tek for mykje av merksemda på feil tidspunkt, kan det forstyrre filmopplevinga.

Får spelerom i opningsscenen

Elias og jakten på havets gull inneheld fleire scener der musikken får stå åleine til det som skjer på lerretet, til dømes opningsscenen under vatn.

Her kan du sjå og høyre opningsscenen med Gaute Storaas' musikk:

Video "Elias og jakten på havets gull"

Copyright: Filmkameratene AS

Skal treffe populærkulturen

Den største utfordringa som filmkomponist er ifølge Storaas å lage musikk som passar inn i populærkulturen og treff eit breitt publikum, som han samtidig kan stå hundre prosent inne for sjølv.

– Det må ikkje bli for platt eller klisjéfylt, seier han.

– Skal eg bruke klisjear, må eg i alle fall kunne bruke dei på ein frisk og interessant måte.

Må like musikken sjølv

Før filmmusikken er klar, brukar ein gjerne annan, midlertidig musikk til interne visningar. Det kan til tider komplisere komponistens oppgåve:

– Det verste som kan skje er at teamet forelskar seg i noko av den temporære musikken og ber meg etterligne musikk eg kanskje synest er pyton, seier Storaas.

– Ein slik situasjon oppstod under arbeidet med slutten på den første Elias-filmen. Heldigvis klarte eg å lage noko eg likte betre sjølv som erstatning for temmeleg schmaltzy pianomusikk.

Friare tøylar i barnefilm

Elias-komponisten har brei erfaring som komponist, og har blant anna laga musikk til dataspel, tv-vignettar, reklamefilm og «vanleg» realfilm som Kvinnen i mitt liv. I Elias-filmane kan han sleppe seg litt meir laus enn elles:

– Eg er jo svoren Tom og Jerry-fan, og i ein animert barnefilm kan eg bruke ein del grep som ikkje passar inn i live action, eg kan gå tettare inn på skifte i handlinga. Når Elias kastar ut kroken sin, kan eg til dømes følge det opp med ein relatert lyd i orkesteret.

– Kan gjere orkestermusikk mindre framand

Storaas' musikk til Elias er filmmusikk av det klassiske, episke slaget, og blir spelt av Bratislava Symfoniorkester. Storaas trur han ville ha skrive annleis om han skreiv eit bestillingsverk til bruk i ein konsertsal.

– Det er ikkje akseptert med rein, tonal musikk i slike samanhengar, og det er heilt greitt, seier Storaas.

– Men det er veldig kjekt å få høve til å lage slik musikk til film. Eg trur filmmusikk kan vere med på å gjere orkesterverda mindre framand for unge lyttarar. Og eg skulle ønskje symfoniorkestera spelte meir filmmusikk i konsertsalen!

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober