Meg Ryans hus til sals - Meg Ryans eigedom i Los Angeles er til sals for 65 millionar kroner.Realtor.com

Meg Ryans eigedom i Los Angeles er til sals for 65 millionar kroner.

Foto: Realtor.com

Kjendisheimar til sals

Har du drømt om å bu i huset til ei popstjerne eller ein berømt komponist? No har du sjansen.

Medan heimane til historiske kunstnarar gjerne blir museum med tida, som Edvard Griegs hus Troldhaugen og Henrik Ibsens siste husvære i Arbins gate 1, kan heimar med ferskare kjendisfaktor få ein ekstra sus over prislappen.

Mellom husværa som ikkje har nådd museumsstatus, er leilegheita Dmitri Sjostakovitsj (1906–1975), ein av Russlands store komponistar, budde i då han skreiv sin kanskje mest berømte symfoni.

Dmitri Sjostakovitsj' leilegheit til sals - Eit av roma i leilegheita Sjostakovitsj budde i.Mirkv.ru

Eit av roma i leilegheita Sjostakovitsj budde i.

Foto: Mirkv.ru

Skreiv Leningrad-symfoni med bomberaid og levande lys

Dmitri Sjostakovitsj' leilegheit ligg ute til sals med ein prislapp på 57 millionar rublar, eller drygt 11 millionar kroner. Komponisten var fødd i St. Petersburg, som i 1924 fekk namnet Leningrad, og det var i denne leilegheita han budde då andre verdskrigen braut ut.

4. september 1941 byrja bombinga av Leningrad. Same dagen byrja Sjostakovitsj på andresatsen av symfonien, som han skreiv på to veker, berre avbroten av kjappe turar til det lokale bomberommet når byen vart angripen.

Under arbeidet med tredjesatsen mista byen straumforsyninga, og komponisten feira 35-årsdagen sin med mørkt brød, poteter og vodka. Kort tid etter vart han evakuert til Kujbysjev, der han fullførte symfonien han dedikerte til heimbyen.

Symfonien fekk enorm merksemd over heile verda, og Sjostakovitsj vart brått tidas største komponistkjendis. Musikken vart oppfatta som ein patriotisk protest mot nazismen, men seinare utsegner frå komponisten kan tyde på at verket i like stor grad var antistalinistisk.

Les: – Sjostakovitsj er feiltolket

Boligkompleks der Sjostakovitsj' leilegheit ligg - Bustadkomplekset i St. Petersburg der Sjostakovitsj' gamle leilegheit ligg, vart bygd i 1914.Mirkv.ru

Bustadkomplekset i St. Petersburg der Sjostakovitsj' gamle leilegheit ligg, vart bygd i 1914.

Foto: Mirkv.ru

Symjebasseng og sju bad for 65 millionar

Meg Ryan kan neppe vise til like dramatiske hendingar når ho skal selje eigedomen sin, men til gjengjeld har huset i Bel Air, Los Angeles hage, symjebasseng, gjestehus og sju bad.

Ryan kjøpte huset for rundt 50 millionar kroner (8,5 mill USD) i 2000, og har tidlegare prøvd å selje det for 110 millionar, ifølgje Huffington Post. No ligg huset ute til sals for om lag 65 millionar.

Meg Ryans hus til sals - Frå Meg Ryans eigedom i Bel Air.Realtor.com

Frå Meg Ryans eigedom i Bel Air.

Foto: Realtor.com

Britney Spears kutta prisen seks gongar

Denne veka har Britney Spears endeleg fått inn bod på huset sitt i Beverly Hills, etter å ha prøvd å selje det i fleire år og sett ned prisen seks gonger. Ho kjøpte det i 2006, og opplevde sine kraftigaste nedturar i denne heimen i 2007. Bodet på eigedomen er på 25 millionar.

Ei anna kvinneleg popstjerne som sel hus i Beverly Hills, er Christina Aguilera, som har sett 78 millionar som prislapp på eigedomen med adressa 513 Doheny Road. Filmstjernene Sylvester Stallone og Harrison Ford har også lagt ut hus til sals i vår.

Farralone Estate - Farralone Estate var staden for Frank Sinatras festar på 1950-talet.Farraloneestate.com

Farralone Estate var staden for Frank Sinatras festar på 1950-talet.

Foto: Farraloneestate.com

I fotspora til Sinatra, JFK og Marylin

Om du ikkje har meir ein 70 millionar tilgjengeleg og synest Aguileras hus vert i dyraste laget, kan du få ein annan legendarisk eigedom til den prisen: Farralone Estate i California, der Frank Sinatra budde i fleire år og John F. Kennedy og Marylin Monroe var mellom gjestene.

Endå fleire ville nok ha mulegheit til å kjøpe barndomsheimen til Farrah Fawcett i Corpus Christi, Texas – den vart lagt ut for sal i april med prislapp på drygt 1,2 millionar kroner.

Og dersom du ikkje er på bustadjakt, men berre likar å titte på spektakulære hus, kan du kanskje også ha glede av å sjå nærare på huset i Palm Springs, California der Sean Connery som James Bond fekk juling av to spreke damer i filmen «Diamonds are Forever». Det er ikkje til sals.

Siste nytt: Kultur

  • Lauryn Hill - Foto: Patrick Semansky / Ap
    Foto: Patrick Semansky / Ap

    Intimkonsert med Lauryn Hill

    Lauryn Hill, som har hatt et turbulent år bak seg med fengselssoning for skatteunndragelser, er norgesaktuell i september.

    Etter en kritikerrost USA-turné, og som har inkludert en hyllet opptreden på Coachella-festivalen i vår, tar hun turen til Europa.

  • Johnny CashAP
    Foto: AP

    Cash-datter med minnebok om faren

    En bok der Johnny Cash skriblet ned sine barndomsminner, slik datteren Tara ba ham om, blir nå til bok.

    Under tittelen «Recollections by J.R. Cash» og med undertittelen «Childhood Memories of Johnny Cash», kommer leserne tett på musikklegenden, gjennom minnene han deler.

  • Golden Globe Nominations - Foto: Anonymous / NTB Tema
    Foto: Anonymous / NTB Tema

    Fra «Biler» til Fredrikstad

    I november er det ny animasjonsfilmfestival i Fredrikstad, og første gjest er nå klar: Michal Makarewicz med 11 års fartstid i Pixar.

    Han har bidratt som animatør i filmer som «The Incredibles», «Cars», «Ratatouille», «Wall-E», «Toy Story 3» og «Brave».

Kultur og underholdning på TV og radio

Kulturprogram - nyhetsprogram
Musikalsk fest i mange sjangre med Totto Mjelde og Tarjei Strøm som lokførere. 
Gjester, spalter, humor, konkurranser og den aller beste musikken
Hvem er det som bestemmer hvordan historiske hendelser skal huskes? Er det historikerne eller øyenvitnene? Et all-europeisk nettsted gir deg alt du måtte ønske under en paraply, både de store og de små historiene. / Hun var den uekte datteren av en kaptein og en slavekvinne, men vokste opp blant sosieteten i England på slutten av 1700-tallet. Nå kommer filmen om Dido Elizabeth Belle som bidro til at slaveriet ble opphevet i Storbritannia. / Hva får du hvis du setter en tribune ut mot havet? En strøm av assosiasjoner. / Selfiestafetten fortsetter, vi ringer dagens forfatter / Hvordan få barn og unge til å lese bøker innimellom dataspillene og mobilbruken? / Vi byr på avhengighetsdannende mobil-spill, rock fra 70-tallet og en svensk tegneserieskaper med eget radioprogram i dagens Anbefalingspanelet / Vi blir bedre kjent med datidens Oprah Winfrey i vår serie om glemte historiske kvinner.