Kari Hesthamar er født i 1971 i Ullensvang i Hardanger.
Ho er utdanna journalist, og har jobba i NRK sidan 1996. Dei tre fyrste åra som programleiar og reporter i NRK Rogaland. Sidan 1999 har ho vore i Radiodokumentarredaksjonen. Ho har vore leiar for redaksjonen frå 2011.
Kari har vunne ei rekke nasjonale- og internasjonale prisar, mellom anna
Prix Europa 1999 for «Til kommunen skil dykk åt. Om Ingjerd og Konrad som blei skilde av det offentlege etter 65 års ekteskap».
Prix Europa og Prix Radio 2004 for «Den brune pakken. Arven etter far».
Prix Europa 2005 for «So Long, Marianne».
Prix Italia og Prix Radio 2003 for “Eit rom star avlåst. Portrett av diktaren Kolbein Falkeid».