Hopp til innhold

Kan vinne Grammy på 14. forsøk

Natt til måndag kan Morten Lindberg få sin første Grammy-pris i Los Angeles etter totalt 14 nominasjonar. Til dagleg held han derimot god avstand til musikkbransjen.

Morten Lindberg i studio
Foto: Fred Olav Vatne / NRK

Når den 55. Grammy-utdelinga set i gang i Los Angeles natt til måndag norsk tid, er mange av verdas største musikkstjerner mellom dei nominerte. Det er også to heilnorske album:

Hoff Ensembles «Quiet Winter Night» i klassen «Best surround sound album» og TrondheimSolistenes «Souvenir» i klassen «Best engineered album, classical». Truls Mørk er i tillegg solist på eit album i klassen «Best contemporary classical composition», med musikk av Einojuhani Rautavaara.

Morten Lindberg i plateselskapet 2L var lydteknikar for albuma med Hoff Ensemble og TrondheimSolistene. For han er dette Grammy-nominasjon nummer 13 og 14 – så langt utan at han har fått sjølve prisen.

Les: Første Emmy-pris til Norge

– Skummelt å miste framtidstrua

Då 2L på 1990-talet flytta frå Oslo Sentrum til Skullerud Næringssenter, eit middels steinkast frå skispora inn mot Østmarka, fekk dei både meir plass og enklare parkering.

– Ein skal ikkje meir enn 20 minutt ut av Oslo sentrum før ein får meir ro rundt seg, seier Morten Lindberg til NRK.no nokre dagar før avreise til USA.

Ingen av dei andre bedriftene i næringssenteret har noko med musikk å gjere. Det har sine fordelar:

– Vi er ganske skåna for den daglege psykosen frå musikkbransjen. Det har vore særskilt viktig dei siste to åra. Bransjen har vore i ei enorm omvelting, og stått i fare for å gå seg ned i ein depresjon. Ved å stå litt utanfor miljøet, har vi halde oss unna dei mørke sinnsstemningane. Samstundes er vi nær nok til å kunne møtest når det trengst.

Lindberg trur det ville vore vanskeleg å halde innovasjonen levande utan denne avstanden:

– Dei økonomiske modellane og føresetnadene for å skape musikk har vore prega av ein negativ runddans. Det kan ta bort framtidstrua ein treng for å skape nye produkt, og det er svært skummelt. Då endar musikkbransjen som historie og økonomisk forvalting. Det får vi heller drive med når vi nærmar oss pensjonsalderen!

Morten Lindberg i studio

Morten Lindberg i studio.

Foto: Fred Olav Vatne / NRK

Utforskar surround- og 3D-lyd

Det er sjølvsagt ikkje tilfeldig at både ein av årets nominasjonar og fleire av dei tidlegare har kome i klassen for surroundalbum. Lindberg har fått mykje merksemd internasjonalt som utforskar av moglegheitene innan surroundlyd og 3D-lyd.

Les: Norsk selskap satsar på 3D-lyd

Morten Lindberg brenn for alternative måtar å tenkje surroundlyd på, der målet ikkje er å etterlikne opplevinga ein får som publikummar i ein konsertsal. Han prøvar i staden å skape nye typar opplevingar, til dømes ved å plassere lyttaren midt mellom musikarane.

Lindberg er klokkeklar på at framføringa, lokalet og opptaket på innspelingsstaden er dei viktigaste komponentane for kvaliteten på produktet. Like fullt har 2L bygd opp studio og anlegg på eiga hand og tilpassa redigeringsrommet grundig til sine behov.

Får energi av å skape noko nytt

Per i dag har 2L 15 albumprosjekt gåande, og alle dei tre lydteknikarane i firmaet er innom kvart av prosjekta. Kvart albumprosjekt varer eit halvt års tid, og om lag halvparten av arbeidet med kvar innspeling skjer i studioet på Skullerud.

Lindberg seier han har jobba sju dagar i veka i 20 år, men passar godt på å unngå for mykje rutinearbeid:

– Rutinearbeid tappar meg for energi, seier han.

– Det som gir meg energi, er opplevinga av å skape noko nytt, noko som ikkje har eksistert før.

Leiken med nye format er essensiell for å halde den multinominerte lydteknikaren inspirert:

– Alle produksjonane vi går inn i har så mange unike komponentar at det er få område som er prega av rutineoperasjonar. Dessutan har vi stadig søkt oss til nye utfordringar for å unngå monotonien, som då vi byrja med SACD i 2004, Blu-ray i 2008 og no nyleg med vinyl.

Les: Leverer norsk lyd til luksusbilar

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober