Hopp til innhold

Ingrid Espelid Hovig fortel om sorga

Det tok 44 år før Ingrid Espelid Hovig fekk besøkt grava til broren som blei skoten av tyskarane under krigen. Dette er ein av fleire store sorgar i livet hennar som blir skildra i ein ny biografi.

Ingrid Espelid Hovig

FORTEL: Heile Noregs matmor fortel om gleder, sorger og kampen om å få nordmenn til å ete sunt i den nye biografien om ho.

Foto: NRK

Livshistoria til Ingrid Espelid Hovig er ei historie om mat, sorg, kjærleik og arbeidsglede. Ikkje minst er det historia om husmora som endra norske matvanar gjennom TV-skjermen.

Blei skoten under flukt

Sorga over broren som blei skoten i krigen er ein av historiene som blir omtalt i den nye biografien «Ingrid» av Ingar Sletten Kolloen.

Hallvor Espelid rømte til Canada der han fekk flygarutdanning og blei verva i krigen. I 1942 fekk familien beskjed om at han var blitt skoten ned og hamna i fangeleir i Polen, men han klarte å rømme derifrå hausten 1944. Men tyskarane tok opp jakta og han blei tatt i Flensburg, ein kilometer frå grensa til Danmark.

Kolloen og Espelid Hovig

SKILDRAR LIVSHISTORIA: Forfattar Ingar Sletten Kolloen t.v. går i djupna på Ingrid Espelid Hovig i den nye biografien.

Foto: NRK

Den same hausten fekk Ingrid de mest fryktelege telefonen, fortel ho gråtkvalt på ein pressekonferanse torsdag.

– Vi fekk melding om at Halldor var skoten under flukt og då var det ingenting å gjere. Ingen håp om at han skulle kome tilbake, seier ho, og tørkar ei tåre.

– Uforståeleg

I boka stiller forfattar Ingar Sletten Kolloen spørsmål med korleis det kunne skje at det skulle ta heile 44 år etter brorens død, før Ingrid fekk besøke grava hans.

– I 1956 blei det oppretta eit krigsgravkontor som spora opp stort sett alle som døydde i utlandet. Ein kan lure på kva dei dreiv med i dette tilfellet, for 44 år etter at Ingrids bror døydde, fekk ho ein telefon frå ein privatperson som hadde vore på ein gravplass i Polen, der det var ein gravstein med Halldor Espelid sitt fulle namn, seier Kolloen.

LES MEIR:

– At krigsgravkontoret ikkje hadde funne denne grava tidlegare er umogleg å forstå. Først i 1988 kunne Ingrid ta farvel med bror sin, seier han.

«Så har vi juksa litt»

Også tapet av søstera som døydde etter lang tids sjukdom, og ektemannen som døydde berre ni dagar etter bryllaupet, blir skildra i biografien.

Men boka om heile Noregs matmor er også historia om eit arbeidsjern, i tillegg til TV-mediet sitt gjennombrot i Noreg.

Sjekk ut: Oppskrifter fra Ingrid Espelid Hovig og Fjernsynskjøkkenet

Gro Harlem Brundtland og Ingrid Espelid Hovig.

PROMINENT GJEST: Gro Harlem Brundtland har vore gjest hos Ingrid i Fjernsynskjøkkenet.

Ingrid Espelid Hovig er mest kjend som programleiar for NRK-programmet Fjernsynskjøkkenet som blei sendt i 26 år, mellom 1970 og 1996.

Ingrid var dama som ikkje var redd for å innrømme å ha «juksa litt», og som alltid såg sitt snitt til å pynte middagsretten med ein persilledusk.

Sjå samlinga: Fleire oppskrifter frå Ingrid Espelid Hovig

Ho starta karrieren i NRK som programsekretær for kosthald, ernæring og forbrukarstoff, og då NRK sine prøvesendingar starta tidleg på1960-talet blei ho eitt av dei aller første TV-ansikta i Noreg.

Lær å bake brød av Ingrid Espelid Hovig i dette klippet av Fjernsynskjøkkenet frå 1972:

Fire brød i langpanne er resultatet av Ingrid Espelid Hovigs baking. Fjernsynskjøkkenet 1972.

Ingrid Espelid Hovig baker brød

Hoppa fallskjerm som 83-åring

No 89 år gamle Ingrid Espelid Hovig har påverka nordmenn sine matvanar gjennom 26 år. 72 sider av biografien handlar likevel om tida etter ho gjekk av med pensjon.

– Ingrid var 83 år då ho hoppa i fallskjerm. Ho har jobba aktivt som forfattar og oversettar, og etter ho slutta i NRK har ho vore aktiv i å refse norske politikarar for å få born til å ete meir sunt, seier Kolloen.

Prisbelønt og folkekjær

Ingrid Espelid Hovig gav ut si første kokebok tidleg på 1970-talet, og sidan har ho bidrege til over 50 kokebøker. Ho har fått ei rekkje prisar og utmerkingar, mellom anna Karl Evangs pris, Kringkastingsprisen og ikkje minst er ho Ridder av St. Olavs orden, 1. klasse.

Ingrid Espelid Hovig er også den aller første ikkje-amerikanaren som har fått prisen «The Life Time Achievment Award» utdelt av matorganisasjonen «International Association of Culinary People».

– Gjorde inntrykk som 14-åring

I tillegg til å understreke kor viktig Ingrid Espelid Hovig har vore for nordmenn flest sine matvanar, fortel forfattar Kolloen at Ingrid gjorde sterkt inntrykk på han sjølv i ung alder.

– Då eg var liten var mor mi mykje sjuk, og far var bortreist. Eg fekk ansvar for matlaginga, og det gjekk ikkje så godt, før ein heilt ny periode i livet starta, nemleg då vi fekk fjernsyn i Gudbrandsdalen i 1965, fortel han.

– Eg såg på Ingrid lage mat, og sjølv om mor mi nekta for at kjøtkakene eg laga var like gode som hennar sine, såg eg på ho at dei var det. Sidan den gong, i nesten femti år, har eg tenkt at eg må treffe Ingrid, seier Kolloen.

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)