Daniel Ek, Hans Rosling, René Redzepi og Henrik Schärfe er alle havnet på Times liste. - Daniel Ek, Hans Rosling, Henrik Schärfe og René Redzepi har alle hamna på Times liste.NTB Scanpix

Daniel Ek, Hans Rosling, Henrik Schärfe og René Redzepi har alle hamna på Times liste.

Foto: NTB Scanpix

Ingen nordmenn på prestisjeliste

Fire skandinavar er med på Time Magazines liste over dei hundre personane i verda med størst innflytelse, men ingen av dei er frå Noreg.

Amerikanske Time Magazine er rekna som verdas største vekeblad, og har sidan 1999 årleg sett saman ei liste over det redaksjonen meiner er dei hundre personane i verda med størst innverknad, «Time 100».

Årets liste er urangert, og består av framståande personar innan politikk, næringsliv og teknologi, idrettsutøvarar, skodespelarar, artistar, forfattarar og andre kunstnarar. USA er som vanleg tungt representert, med rundt ein tredjedel av personane på lista.

Spotify-gründeren heidra av Kutcher

Spotify vart lansert som teneste i USA i juli 2011, og den svenske 29-åringen Daniel Ek, sjef og gründer i selskapet, har gjort inntrykk: finanstidsskriftet Forbes utropte han i vinter til «musikkens viktigaste mann».

I sin «Time 100»-presentasjon av Ek skriv skodespelaren Ashton Kutcher at Spotify har «revolusjonert musikkbransjen» og «endra måten folk oppdagar, lyttar til og deler musikk», og at Ek «gjer det han elskar, gjer det bra og gir bort all æra».

«Spotify og Daniel Ek har bygd si verksemd på ei enkel tru på mennesket. Det kunne kome oss alle til gode om vi tillet oss å bli påverka av det idealet,» oppsummerer Kutcher.

Les: – Spotify vil gå veldig bra i USA

– På toppen av matverda

Den danske 34-åringen René Redzepi har også vunne stor anerkjenning verda over som kjøkkensjef for København-restauranten Noma, som vart kåra til verdas beste restaurant både i 2010 og 2011.

Les: Dansk restaurant igjen verdens beste

«Han har plassert København og dei nordiske landa på det gastronomiske verdskartet. Han er i dag på toppen av matverda,» skriv den berømte kokken Ferran Adriá i sin presentasjon av Redzepi.

Den andre dansken som er med på lista er Henrik Schärfe, professor ved Universitetet i Aalborg. Schärfe har blitt ein Youtube-hit med ein video med geminoiden Hernik, ein robot som ser ut akkurat som han:

Professoren med 5 millionar visningar på Youtube

63-åringen Hans Rosling, professor i internasjonal helse ved Karolinska Institutet i Stockholm, blir sitert når Time på leiarplass skal oppsummere kåringa:

««Eg er ikkje optimist», seier Rosling. Han skildrar seg i staden som «possibilist». Time 100-lista handlar om dei uendelege mulegheitene for innverknad og dens kraft til å endre verda,» skriv Time-redaktøren Rick Stengel.

Rosling har mellom anna fått stor merksemd for sin nyskapande bruk av statistikk, som du kan sjå døme på i videoen under, der han skildrar verdas utvikling dei siste 200 åra. Videoen er sett meir enn 5 millionar gongar på Youtube – i skrivande stund.

Kva for ein nordmann synest du fortener ein plass på årets liste over folk som står for «varig og prisverdig» innverknad i global målestokk?

NRK setter pris på at mange bidrar med meninger, erfaringer og synspunkter i kommentarfeltet. Takk for at du begrunner dine meninger og avstår fra personangrep. Innlegg som ikke følger våre regler for deltakelse kan bli slettet.

Opphavsrett NRK © 2014

Ansvarlig redaktør: Thor Gjermund Eriksen

Nettsjef: Frank Gander (konst.)