Hopp til innhold

I politiavhør for MGP-stemmer

43 aserbajdsjanarar stemte på nabolandet Armenia under MGP-finalen. Det likte ikkje styresmaktene.

Armenia: "Jan Jan"
Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

Eurovision Song Contest er Europas største kulturarrangement, og har gleda millionar av tv-sjåarar i 53 år.

Men i nokon land er ikkje konkurransen berre lettbeint underhaldning.

For 43 Grand Prix-fans i den tidlegare sovjetrepublikken Aserbajdsjan i det austlege Kaukasus, skulle stemmegjevinga i musikktevlinga syne seg å verte skjebnesvanger.

Dei ga nemleg si stemme til nabolandet Armenia, som har vore i konflikt med Aserbajdsjan om regionen Nagorno-Karabakh sidan nittitalet. Det førte til politiavhør, skriv BBC .

- Potensiell sikkerheitstrussel

Inga & Janush, Armenia

Inga & Janush, Armenias finaleartistar.

Foto: eurovision.tv

- Eg blei skulda for å vere upatriotisk og for å vere ein potensiell sikkerheitstrussel, fortel ein av stemmegjevarane til BBC.

Myndigheitene på si side seier at desse borgarane berre blei inviterte til å forklare kvifor dei valde å stemme på nabolandet Armenias bidrag «Jan Jan» , framført av Inga & Anush (NRK tek ikkje ansvar for innhaldet på eksterne nettsider).

Det er uklart kor mange av dei 43 som blei kalla inn til avhør.

Kan vere provokasjon

Dei to landa avtalte i november i fjor å intensivere arbeidet med å løyse striden om landområda.

BBCs korrespondent i regionen, Tom Esslemont, seier at det er uklart kvifor styresmaktene valde å kalle inn Grand Prix-sjåarane til avhør, tre månadar etter den internasjonale finalen der Alexander Rybak gjekk av med sigeren.

Menneskerettsforkjemparar seier i følgje korrespondenten at Aserbajdsjans president Ilham Aliyev gjer kåra for ytringsfridomen i landet stadig vanskelegare, og at Grand Prix-avhøra kan vere ein medviten provokasjon overfor Armenia.

  • Aserbajdsjan og Armenia kom på henholdsvis tredje og tiande plass i årets Eurosong-finale.

Kulturstrøm

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)

  • Ny undersøkelse: Færre leser for barna sine

    Stadig færre foreldre leser høyt for barna sine. Andelen boklesere i befolkningen synker sakte, viser Leserundersøkelsen 2024, som blir sluppet i dag, skriver Den norske forleggerforeningen i en pressemelding.

    – Foreldres lesing er avgjørende for barns ordforråd og leseglede. Nå faller også disse tallene, dette er dramatisk, sier Trine Skei Grande, administrerende direktør i Forleggerforeningen.

    Én av fire foreldre leser aldri høyt for barna sine. I 2017 svarte 93 prosent av foreldre med barn under 10 år at de leste høyt for barna sine. I 2023 var tallet 75 prosent. Samtidig viser undersøkelsen at de som leser for barna sine, gjør det oftere enn før.

    Leseundersøkelsen har blitt gjennomført av Forleggerforeningen og Bokhandlerforeningen siden 1977.

    – Leserundersøkelsen bekrefter at vi trenger et krafttak for lesing, sier Trine Skei Grande i Forleggerforeningen og Anne Schiøtz i Bokhandlerforeningen.