Hopp til innhold

Høyrer musikk og islam saman?

Kvifor er musikk forbode i enkelte islamske samfunn, samstundes som muslimske artistar er superstjerner over heile verda?

Youssou N'Dour

Youssou N'Dour frå Senegal er muslim, og inspirasjonen til albumet «Egypt» frå 2004 er henta frå sufismen.

Foto: Seneweb: flickr.com/photos/seneweb/

P2s Jungeltelegrafen inviterte til nettdebatt med Midtausten-kjennar Kai Kverme. Her kan du lese alle innlegga.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Musikk er ein del av kvardagen til muslimar verda over. Det er likevel ikkje slik at musikk generelt sett blir godteke innan islam. I nokre område har musikk blitt totalt forbode – som i Afghanistan under Taliban og no sist i Somalia .

– Det rår stor usemje innan islam om musikkens status, og den går på kryss og tvers av tradisjonelle skilje, seier Kai Kverme, som er mastergradsstudent i arabisk og forskingsassistent ved Institutt for kulturstudier og orientalske språk ved Universitetet i Oslo.

– Både sjia- og sunnileiarar har til dømes gått ut med forbod mot musikk. I dei mest konservative miljøa har ikkje musikk nokon som helst plass. Ein meiner at musikken tek bort merksemda frå Gud og leier til synd.

Likevel meiner Kverme at musikk er viktig for fleirtalet av muslimar, også i Noreg.

Han forklarar nærmare i denne videoen:

Video KVERME-FOV-290910-WW

Røter i sufismen

Tradisjonelt har det meste av musikken innan islam vore knytt til sufismen, den islamske mystikken. Mange av vår tids største afrikanske og arabiske artistar er sterkt påverka av denne retninga innan islam. Mellom artistane som reknar seg som sufi, er den senegalesiske verdsstjerna Youssou N'Dour. I 2004 gav han ut plata «Egypt» som eit uttrykk for sin sufisme.

Her kan du høyre utdrag frå plata: Youssou N'Dour: Egypt

Trendy med tru

Det finst også mange muslimske popartistar som ikkje er spesielt opptekne av sufisme.

– Artistane kan gjerne lage svært utfordrande musikkvideoar, men likevel vere opptekne av å framstå som gode muslimar – nærmast som ein del av merkevarebygginga. Den egyptiske popstjerna Amr Diab er eit godt døme på dette.

På videoen under skildrar Kai Kverme denne nyreligiøse tendensen:

Video KVERME2-FOV-290910-WW

På "Diab TV" på Amr Diabs offisielle nettside kan du sjå Amr Diab både vise musklar og reklamere for brus – og høyre han synge ei islamsk bøn.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.