Foto: Fædrelandsvennen.
Men ein sørlandspolitikar som er sosialist og homofil og vil "lyse opp den mørke kyststripa" møter sjølvsagt sterk lokal motstand frå konservativt politisk hald, og frå dei mest tradisjonsbundne kristne miljøa. I Vest-Agder har dessutan både Kristeleg Folkeparti og Framstegspartiet mange veljarar.
Med blomster i sykkelkorga
Han er eit velkjent syn i Kristiansand. Du kan sjå han sykle gjennom kvadraturen på den raude kombisykkelen sin med friske blomster i sykkelkorga. Torbjørn Urfjell er ein homofil kulturpolitikar med klare ambisjonar, ein glad gut på 27 år, som alt har via 12 år av sitt liv til politikk som kommunal- og fylkespolitikar - og no også som SVs førstekandidat ved dei to siste Stortingsvala.
Eit framandelement i politikken
"Mitt politiske prosjekt er i bunn og grunn å forandre verda – verken meir eller mindre," seier han. "Eg skal på Stortinget fordi det er ein talarstol der eg får utretta meir enn det eg kan ved å vere gruppeleiar for SV i kommunestyret". "Torbjørn er på mange måtar eit framandelement i det politiske landskapet på Sørlandet," meiner partnaren Espen.
Fotomontasje: Fædrelandsvennen.
"Eg jobbar med frigjeringspolitikk," seier Torbjørn. "ikkje berre likestilling, men personleg frigjering, kvinnefrigjering og seksuell frigjering." Han vil fjerne pietismestempelet frå det mørke fastlandet og gjere det til ein stad der mangfaldet blømer, ein stad der det er lov å være annleis.
Lars-Helge Myklebust fylgde han gjennom innspurten av valkampen til valresultatet var eit faktum.
Homser og homofile stemmer mi ikkje på
Ein radiodokumentar om Torbjørn Urfjell som ville melde Sørlandet inn i den moderne verden.
av Lars-Helge Myklebust.
Teknisk regi: Kåre Johan Lund.
Konsulent: Henrik Nielsen.
Blir sendt på NRK P2:
lørdag 17. desember klokka 10.15.
Reprise søndag 18. desember klokka 19.30.